Høyring av lokale forskrifter til ny opplæringslov

Det kjem ny opplæringslov som blir gjeldande frå 1. august 2024. I den nye opplæringslova er det fleire dokument som tidlegare var vedtekter eller rutinar som skal forskriftsfestast.

Etne kommune skal altså vedta fleire forskrifter før skulestart i august 2024. Sjå forklaring under og vedlegg med ulike forslag og kom med innspel. 
Høyringsfrist: 10. mai 2024.

Denne høyringa gjeld desse forskriftene: 

  • Forskrift om hovudmål ved grunnskulane i Etne kommune 
  • Forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa i Etne kommune 
  • Forskrift om skule- og feriedagar 2025-2026 i Etne kommune 
  • Forskrift om vedtekter for skulefritidsordninga i Etne kommune

Høyring av lokale forskrifter til ny opplæringslov