Høyring nedklassifisering av kommunal veg

Etne kommune gjennomfører høyringsprosess med framlegg om nedklassifisering av kommunal veg til privat veg.

Vegen ved sida av eit bygg - Klikk for stort bildeÅrvikkaien Google Street View

Etne kommune v/ Hovudutval vedtok i møte den 11.2.2026 å legge framlegg til nedklassifisering av kommunal veg "Årvikkaien" til privat veg med tilsvarande drift- og vedlikehaldsansvar på høyring i 6 veker. 

Veg

Lengde

Årvikkaien

Ca. 570 lm

Forhold til lovverk

Det er veglova sine føresegner som gjeld i samband med nedlegging av kommunale vegar.

Kommunen kan omklassifisera kommunal veg til privat veg i samsvar med veglova § 8 andre ledd. 

I veglova §54 er fastsett at ein privat veg som nyttast som felles tilkomst til fleire eigedomar, er kvar eigar og brukar plikta å halde vegen i forsvarleg og brukbar stand.

Det etablerast eit formelt veglag jf. Veglova §55 (dei som har forpliktingar etter §54 utgjer eit veglag).

Forhold til privat veg

Nedklassifisering av kommunal veg til privat veg vil medføra at eigedomane knytt til vegen vil måtte ta over drift og vedlikehaldsansvaret.

Med dette vert vurdert som ikkje samfunnskritisk å nedklassifisere kommunal veg til private veg.

Etter høyring vert sak lagt fram for kommunestyret for endeleg handsaming og vedtak om nedklassifisering. Merk at slikt vedtak ikkje reknast som enkeltvedtak etter forvaltingslova, og det vil difor ikkje ligga føre høve å klage på vedtak.

Send inn dine merknader

  • Frist for å komma med merknadar er sett til 24. april 2026
    • Eventuelle merknadar sendast Etne kommune: 
      Post og besøksadresse: Sjoarvegen 20, 5590 Etne
      e-post: post@etne.kommune.no

NB: Merknadar skal merkast med saksnummer 2026/558

Vedlegg