Landbrukskonferansen 2023

Landbrukskonferanse 2023 vart avvikla den 6. og 7. september i Bergen. Konferansen var open for bønder, kommunetilsette og interesseorganisasjonar.

Dame som står framfor eit lysbilete der det står Hva gjør vi? - Klikk for stort bilde

Området deltakarane kom frå strakk seg frå kommunane Etne og Sveio i sør til Stad kommune i nord.

Tema som vart tatt opp den første dagen var m.a.  «Helse, og det gode liv som bonde», «Bygda, bonden og landbruket» med døme frå ei LivOGLyst-bygd, «Korleis få økonomisk berekraft i gardsdrifta? Kva kan bonden gjere sjølv, og korleis kan hjelparane bidra?» «Nyskaping i ein travel kvardag. Korleis kan vi hjelpe bonden?»

Neste dag var det fokus på dei mange ulike lovverka og tilskotsordningane som kommunane er set til å forvalte m.a. skogfond, produksjonstilskott, etablering av tomter i spreiddbygde område, samarbeid om gode prosjekt mellom landbruksnæringa og fleire aktørar, og gjennomgang av korleis lage arealregnskap i kommuneplanen.

Kurset var svært bra! All honnør til arrangøren som var Vestland fylkekommune, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Vestland. 

Mann framfor lysbilete der det står at det er forsvunne landbruksjord tilsvarande 200.000 fotballbanar - Klikk for stort bilde