Landbrukskonferansen 2024

Etne kommune er vertskommune for Landbrukskonferansen 2024 som blir arrangert på Skakkesenteret måndag 29. januar. Tema for konferansen er «Min gard sine ressursar» og «Bonden si framtid».

Det blir mingling med lokalproduserte smaksprøvar, debatt og faglege og kulturelle innslag. Her kjem sjølvaste landbruksminister Geir Pollestad (Sp) i tillegg kjem Bjørn Gimming i Norges Bondelag, leiar Tor Jacob Solberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, styreleiar Terje Wester i Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund og Reinert Horneland i Fatland. Anders Nordstad som fekk Årets formidler matprisen 2022 vil dela av sin kunnskap. 

Redaktør i Haugesunds Avis Einar Tho er konferansier, og poeten Arne Torget tek seg av oppsummeringa av dagen.

Påmeldingsskjema

Påmelding til stand

Landbrukskonferansen blir arrangert av Etne kommune i samarbeid med Vestland fylkeskommune, Sparebanken Vest og Haugesund Sparebank.

Plakat over kven som kjem til konferansen - Klikk for stort bilde