Ny feieteneste i Etne

Etne kommune har inngått samarbeid med Vestnorske Feietjenester, dei er nå klar for å gå i gong med feiing og tilsyn. Me har difor teke i bruk eit nytt system som vil varsle deg på SMS.

Beredskapsleiar Astrid Vestbø og brannsjef Finn Ulvund ved brannstasjonen i Etne. Grethe Hopland Ravn, Grannar

Du som innbyggjar vil difor motta ei lenke på SMS.

Denne kjem frå systemet vårt med varsel om feiing og tilsyn, tilsynsrapport eller oppfølging av avvik.
Lenka som kjem i SMS vil typisk starte med https://q.norkart.no/xxxxxx. Denne lenka leier til portalen MinEiendom og er ufarleg å trykke på.

I MinEiendom finn du mellom anna informasjon om:

  • Feiing/branntilsyn
  • Kart
  • Tinglyste hefte