Ny økonomileiar Cathrine Gressvoll Berge

Etne kommune vil ønskja ny økonomileiar velkommen på laget. Cathrine er 35 år, busett i Ølensvåg med sambuar og to barn. 

Cathrine Gressvoll Berge - Klikk for stort bilde Sonja Frafjord

Cathrine byrja i Etne i 2021 som fagleiar på økonomiavdelinga etter å ha arbeidd fleire år som finansrådgjevar i bank. Ho har ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon og vidareutdanning i informasjonssystem. Frå januar 2023 har ho fungert som konstituert økonomisjef. 

Det skjer mykje positivt i kommunen, og eg er glad eg får vera ein del av dette. Etne kommune står likevel, som mange andre kommunar, overfor utfordringar knytt til demografiendringar og mindre økonomisk handlerom. Det vil vera viktig å sikra ein berekraftig økonomi og me er nøydde til å utvikle og tilpassa kommunen sine tenester for å møte dei nye behova til innbyggjarane.
 
Eg ser fram til å ta fatt på nye utfordringar og å få lov til å vera med på den vidare utviklinga av Etne kommune.