Pressemelding/informasjon om basseng

Kommunen har dei siste månadene stått ovanfor store utfordringar med å halda bassenget i Etne i drift. 

Til trass for gjentatte forsøk på reparasjonar har me ikkje lukkast med å få bassenget tilbake til normal drift. Det har vore betydeleg innsats og gjentatte reparasjonar for å få bassenget til å fungere, men det er no dessverre ikkje lenger mogleg å halda det ope for brukarane. Kommunen har difor teke den tunge avgjerda om å permanent stengja bassenget. Stenginga er allereie gjennomført. Me beklagar djupt til alle som blir råka av denne avgjerda.

Per no har ikkje kommunen nokon umiddelbare alternativ, men me vil i løpet av dei komande månadane sjå kva som kan gjerast i denne situasjonen.