Stor skogbrannfare: Innfører totalforbod

Skogbrannfaren er no stor i Rogaland og Vestland, og ser ut til å bli større i dagane som kjem. Brann- og redningsvesen nord for Boknafjorden innfører difor totalforbod mot å gjere opp eld utandørs frå og med tysdag 13. juni 2023. 

Brennande bål - Klikk for stort bilde

Forbodet gjeld førebels fram til 30. juni 2023. Brann- og redningssjefane vil då ta ei ny vurdering om det er behov for å forlenge totalforbodet. 

Totalforbod - kva betyr det?

Ved eit totalforbod er det ikkje lov å gjere opp eld:

  • i og i nærleiken av utmark og innmark
  • på tilrettelagte grill- og bålplassar i eller i nærleiken av skog og utmark

Forbod i utmark og innmark

Under eit totalforbod er det ikkje tillate å brenne bål, bruke grill, stormkjøkken, andre kokeapparat, bålpanner og anna brenning med fast brensel (ved, kull, briketter, gras, greiner ol.). Dette gjeld i skog og anna utmark eller så nær at eld lett kan spreie seg vidare i terrenget, samt innmarksområder.

Kva er innmark og utmark?

  • Innmark er dyrka mark, engslått og kulturbeite 
  • Utmark er det meste av skog, strand, fjell, eng, myr, vatn og andre typar landskap

Skular og barnehagar

Brannvesenet får mange førespurnadar frå skular og barnehagar som ønsker å tenne bål eller bruke grill på tur. No når det er totalforbod oppfordrar me til å finne andre løysningar for å kose seg med mat ute. 

Lov å grille i eigen hage

Me presiserer at det framleis er lov å grille i opparbeida hage, skuleplassar og større asfalterte områder. Husk at du alltid er ansvarleg når du tenner eld, uansett kvar du er og når på året det er. 

Verksemder

Me ber og verksemder som driv med for eksempel skogsdrift, linjearbeid kraft og tele, kantklipping av vegnettet, sliping av jernbanelinjer og liknande om å vurdere og etablere tiltak for å redusere risiko for brann. 

Din eld – ditt ansvar!

Totalforbodet gjeld følgjande kommunar: Sauda, Stord, Bømlo, Fitjar, Sveio, Utsira, Karmøy, Bokn, Tysvær, Vindafjord, Haugesund, Etne og Suldal.

Kontaktinformasjon

Brannsjefar i aktuelle brannvesen
Sauda kommune – Inge Seim 95787068
Suldal kommune – Morten Aarhus 40414832
Stord kommune – Jan Ove Anthun 97552053
Etne kommune – Astrid Vestbø 97014165
Bømlo kommune – Ove Halleraker 41561144
Karmøy, Utsira, Sveio, Førde, Tysvær, Bokn og Vindafjord kommuner – vakthavende brannsjef 90716294
Haugesund kommune – Jan Ove Solstrand 47667905
Fitjar kommune – sentralbordet 53458500

Kontaktinformasjon

Astrid Vestbø
Leiar
E-post
Mobil 97 01 41 65