Støttekontakt/ Fritidskontakt

Det er stort behov for støttekontaktar/fritidskontakt i Etne kommune, både i Skånevik og Etne. 

Maleri av person med ballongar - Klikk for stort bilde

Dei som treng støttekontakt/fritidskontakt er i aldersgruppa 5–27 år.  Desse menneska ønskjer nokon som kan vera med dei på ulike fritidsaktivitetar.  Oppdraga er på 2-3 timar i veka. Dersom du har ledig tid og ønskjer å bidra til at andre får ei positiv fritid, passar dette til deg.

Støttekontakt får ein fast arbeidsavtale i kommunen. Lønn og godtgjersle vert gitt etter KS sine satsar. Du må visa politiattest. 
Om du er interessert eller har spørsmål til det å vera støttekontakt, ta kontakt med Astrid Fagerjord Harboe på telefon: 480 55 656 eller på e-post: astrid.harboe@etne.kommune.no