Styrke og balansegruppe for eldre

Eit treningstilbod for deg som kjenner deg ustø i kvardagen og som ynskjer å bli tryggare på eigne bein.

Illustrasjon av eldre som trener med manualar - Klikk for stort bilde

Fysioterapitenesta skal starte opp med styrke- og balansegruppe for eldre. Er du redd for å ramle? Opplever du at du klarar mindre, kanskje du går mindre, ute eller generelt? Då kan dette tilbodet vera noko for deg! Alle aktuelle kandidatar blir individuelt vurdert og kartlagt før og etter gruppestart.

Stad: Treningssalen i nye Etne omsorgssenter

Tid: Tysdag og fredag kl. 13.00-14.00 frå og med veke 38 til og med veke 44

Eigendel: Etter takst. Kr 192,- for fyrstegongsvurdering. Kr 105,- per gruppetime til ein har nådd eigendelstaket for frikort, som pr. 2023 er kr 3040,-

Ta kontakt for meir informasjon/avtale tid for vurdering:
Fysioterapeut Elisabeth Høiland – 41 52 89 54