Tips til trygg bålbrenning på sankthans
Meld ifrå til brannvesenet om du skal brenne sankthansbål.
Det gjer du her:
Melding om bålbrenning - Etne kommune
Tips til trygg bålbrenning
- Det skal peikast ut ein ansvarleg person som er ansvarleg for bålet.
- Bålbrenninga må skje på ein slik måte at det ikkje medfører fare for brann.
- Bålet skal plasserast på eit ubrennbart underlag, i god avstand frå brennbar vegetasjon, materiale, bygningar og liknande.
- Det skal berre brennast tørt trevirke (kvister, greiner og reint trevirke). Det er ikkje lov å brenne avfall.
- Sørg for å ha sløkkjevatn tilgjengeleg under bålbrenninga.
- Bålet skal ikkje forlatast før det er fullstendig sløkt. Ansvarshavande har ansvar for å sjå til at dette blir gjort.
- Brannvesenet kan nekte bålbrenninga om vêrforholda gjer dette naudsynt. Dette vil bli informert om i media samt på våre nettsider og Facebook-sider.
- Løyve frå grunneigar må innhentast i forkant av bålbygging.
- Ansvarshavande er ansvarleg for at området ryddast etter bålbrenninga.
- Hugseregel om nokon skulle brenne seg, 20/20-regelen; hald det brente området i 20 graders vatn i 20 minutt. Søk medisinsk hjelp om naudsynt.