UKM 2024 - Etne og Vindafjord

Etne og Vindafjord samarbeider også i år om å arrangera UKM (Ung Kultur Møtes). I år er det Etne som skal halde arrangementet, og det skal vere på Etne kulturhus den 9. februar. Påmeldinga er open, så det er berre å melde seg på!

UKM er ein møteplass der ungdom i alderen 10-20 år kan delta med alle slag kulturutrykk. Er du glad i dans, song, teikning, maling, legobygging, diktskriving, sminke, TikTok eller noko anna. Meld deg på nå!  

Her kan ungdom få friheita til å møte andre, bli inspirert og oppdage nye sider av sjølv og andre.

Aldersgrensa er sett til det året ein fyller 10, og opp til det året ein fyller 20. Det er ungdom i alderen 13-20 år som kan bli sendt vidare til fylkesmønstringa.

Fylkesmønstringa i år er lagt til Sola for dei frå Rogaland.

Du kan melde deg på her: ukm.no/etne

Annonse for UKM 2024 - Klikk for stort bilde