Varsel om oppstart av Detaljregulering for bustader ved Sillavegen, gnr. 32 bnr. 4 m.fl.

I samsvar med plan- og bygningslova §12-8 blir det med dette varsla om oppstart av planarbeid for Detaljregulering for bustader ved Sillavegen plan-ID 202302. Forslagsstillar er Kringlebotten utleie AS og Norconsult Norge AS er plankonsulent.

Kart over planområdet - Klikk for stort bilde

Planområdet er på ca. 2,8 daa og ligg hovudsakleg på eigendom 32/4 i Etne kommune. Eigedom 32/22 og delar av 32/29 inngår også i planen. Området er i gjeldande reguleringsplan regulert til bustadføremål og friområde. Deler av området er i kommunedelplan for Etnesjøen vist med faresone flaum.

Det er vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i samsvar med pbl. § 4-2, då planen er hovudsakleg i tråd med gjeldande plan.

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for bustadbygging for bustader innanfor området. Totalt er det planlagt 4-5 nye bueiningar med tilhøyrande infrastruktur. 3-4 av bueiningane vil ligge på nordsida av elva, medan 1 einebustad plasserast på tomt lengst mot sør.

Innspel eller kommentarar til planarbeidet kan sendes til Norconsult Norge AS på e-post
marte.ness.aarak@norconsult.com
Spørsmål kan rettast til Marte N. Aarak på e-post eller telefon.
marte.ness.aarak@norconsult.com / 957 44 515

Frist for innspel og merknader er sett til 23.11.2023

Planområdet gjeldende reguleringsplan.pdf (PDF, 106 kB)

Planområdet med KPA på høring.pdf (PDF, 53 kB)

Referat oppstartmøte_202302_031023.pdf (PDF, 2 MB)

Oversiktskart.pdf (PDF, 203 kB)

Plangrense oppstart_Detaljregulering bustader Sillavegenpdf.pdf (PDF, 394 kB)

Planinitiativ_Etne 32_4.pdf (PDF, 199 kB)