Varsel om oppstart av detaljregulering for Etnesjøen torg- og kaiområde

Forvaltningsutvalet vedtok i sak 010/23 den 08.03.2023 å starte opp kommunal reguleringsplan for torg- og kaiområdet i Etne sentrum.

Oversikt over Etnesjøen frå sjøsida - Klikk for stort bilde Espen Mills

Etne kommune v/utviklingsavdelinga vil starte opp eit arbeid med ny detaljplan i samband med eit påbyrja forprosjekt for transformasjon av torg- og kaiområdet i Etne sentrum.

Gjeldande reguleringsplan for området er frå 1999. Utarbeiding av ny detaljplan etter dagens lovverk og forskrifter er eit viktig plangrep for å transformere sentrumsområdet. Det vil verte fokus på å oppgradere den kommunale kaien og å vidareføre strandpromenaden frå gjeldande reguleringsplan, med ei endeleg løysing som er teknisk realiserbar. 

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for ny kai, strandpromenade og fasilitetar for turisme, rekreasjon og leik. Etne kommune vurderer at planarbeidet hovudsakleg er i tråd med gjeldande reguleringsplanar for området, og fell ikkje inn under forskrift om konsekvensutgreiing.

Sjå vedlagt overordna plan for området med foreløpig plangrense. Varsel om oppstart vert kunngjort i Grannar og på kommunen sine heimesider.

Her er lenker til:

Frist for å gi innspel er 14.04.2023 og kan stillast Etne kommune via
post: Sjoarvegen 2, 5590 Etne,
eller på e-post: post@etne.kommune.no

Etter at fristen er gått ut vil innkomne merknader verte vurdert av sakkyndig og innarbeida i planen. Det vil vere nytt høve til å kome med innspel til planen når denne vert handsama av forvaltningsutvalet og lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. På dette tidspunktet vil også detaljar i planen vere på plass. Ta kontakt med sakshandsamar på tlf. 53758229 ved spørsmål.