Vil du bli meddommar eller skjønnsmedlem?

Det er tid for å utnemna nye meddommarar og skjønnsmedlemmer. Kan dette vera noko for deg?

Etne kommune skal utnemna meddommarar til tingretten, lagmannsretten og jordskifteretten for perioden 2025-2028. I tillegg skal det utnemnast skjønnsmedlemmer.

Desse verva skal representera eit gjennomsnitt av befolkninga. Derfor ønskjer me eit mangfald av søkjarar.

Kommunestyret vedtek kven som blir valt til meddommarar i kommunestyremøtet oppsett i april 2024. Dei som blir utnemnde til verv vil bli kontakta etter at saka er behandla.

Skjønnsmedlemmer blir utnemnde av fylkeskommunen etter forslag frå kommunen.

Kva er ein meddommar?

Meddommar (lekdommar) er ein ikkje juridisk utdanna person, som saman med ein fagdommar er med på å ta avgjerder i rettssaker.

Meddommarar blir valde for ein periode på fire år.

Viss du blir vald som meddommar, kan du rekna med å bli innkalla éin til tre gonger i året. Ei sak kan vara frå ein halv dag, til å strekkja seg over fleire veker.

Kven kan vera meddommar?

For meddommarar til tingretten og lagmannsretten krevst det ingen spesiell fagleg bakgrunn.

For meddommarar til jordskifteretten er det ønskjeleg at du har kunnskap om, og/eller erfaring, frå jord- og skogbruk.

Generelle krav til meddommarar

Domstolloven § 70 stiller generelle krav til den som skal veljast til meddommar. "Den som blir vald må ha tilstrekkelege norskkunnskapar, og elles vera personleg eigna til oppgåva.”

I tillegg må vedkommande

  • vera over 21 år og under 70 år, ved starten i valperioden.
  • ikkje vera frådømt stemmeretten i offentleg anliggjande.
  • ikkje vera under offentleg gjeldsforhandling, konkursbehandling eller i konkurskarantene.
  • stå innført i folkeregisteret som busett i kommunen på valdagen.
  • vera statsborgar i Noreg, eit anna nordisk land, eller ha stått innført i folkeregisteret som busett i riket dei tre siste åra før valdagen.

Her kan du lesa meir om kva det vil seia å vera meddommar.

Kven kan ikkje vera meddommar?

Utestenging på grunn av vandel

Du kan ikkje vera meddommar dersom

  • du er idømd fengselsstraff utan vilkår i meir enn eitt år.
  • du er idømd forvaring eller særreaksjonar etter straffelova § 40 eller §§ 62 til 65.
  • du er idømd fengselsstraff utan vilkår i eitt år eller mindre, og det ved starten i valperioden er mindre enn 15 år sidan dommen var rettskraftig.
  • du er idømd vilkårsstraff, og det ved starten i valperioden er mindre enn 10 år sidan dommen var rettskraftig.
  • du er idømd eller har vedteke bøtestraff for eit forhold som etter lova kan medføra fengsel i meir enn eitt år, og det ved starten i valperioden er mindre enn 10 år sidan dommen var rettskraftig etter vedtaket.
  • viss du har fått vilkårsbunden påtaleunnlating eller domsutsetjing for eit forhold som etter lova kan medføra fengsel i meir enn eitt år, og det ved starten i valperioden er mindre enn 10 år sidan avgjerda var rettskraftig.

Dom på samfunnsstraff medfører utestenging etter første ledd nr. 1 eller 3, avhengig av lengda av den subsidiære fengselsstraffa. Ved delvis vilkårsstraff blir kvar del vurdert for seg etter første ledd.

Me gjer merksam på at Etne kommune pliktar å undersøkja om du fyller vandelskrava. Dette gjeld for heile valperioden.

Enkelte yrkesgrupper kan ikkje vera meddommar

Dette gjeld:

  • stortingsrepresentantar og vararepresentantar.
  • statssekretærar, dei personlege politiske rådgjevarane til statsrådane og tilsette ved statsministerkontoret.
  • fylkesmenn og assisterande fylkesmenn.
  • utnemnde og konstituerte dommarar og tilsette ved domstolane.
  • tilsette i påtalemakta, politiet og kriminalomsorga.
  • tilsette i Justisdepartementet, Politidirektoratet og Domstoladministrasjonen (inkludert styret).
  • tilsette og studentar ved Politihøgskolen og Fengselsskolen.
  • praktiserande advokatar og advokatfullmektigar.
  • administrasjonssjefen til kommunen eller medlemmene av kommunerådet i kommunar som er organiserte i samsvar med kommunelova kapittel 3, og kommunale tenestemenn som tek direkte del i førebuinga eller gjennomføringa av valet.

Kva er eit skjønnsmedlem?

Skjønnsmedlemmene (tidlegare kalla skjønnsmenn) kan langt på veg karakteriserast som ein type sakkunnige meddommarar. Dei deltek i rettslege skjønn og overskjønn (skjønn i lagmannsretten), som er ei form for rettargang, der formålet som regel er å fastslå verdien av, eller rettar i, fast eigedom.

Skjønn blir mest brukt i samband med ekspropriasjon, og når område blir verna etter lov om biologisk mangfald. Skjønn kan også brukast i samband med erstatning etter naturskade. Skjønnsmedlemmene skal alltid utgjera fleirtalet målt mot talet på fagdommarar.

Skjønnsmedlemmer er eit utval av lekfolk som er spesielt kunnige på eitt eller fleire område som vanlegvis blir ramma av skjønn, jfr. skjønnslova § 14. Dette gjeld særleg kompetanse innan mekanisk, jord- og skogbruk og bygg- og anlegg.

Det er ingen øvre aldersgrense for å utnemnast til skjønnsmedlem.

Rettar

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt. Dette inneber mellom anna at du normalt får fri frå ordinært arbeid for å utføra vervet. Medfører vervet tapt arbeidsforteneste, får du erstatning for legitimert tap.

På Noregs domstolar nettsidene sine kan du lesa meir om økonomisk kompensasjon og annan praktisk informasjon.

Slik søkjer du

Du melder interesse gjennom å svara på dette skjemaet:

Interesseskjema for å bli meddommar eller skjønnsmedlem

Frist for å senda inn skjemaet er 4. april 2024.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Etne kommune:

Beate Hetleflåt
fagleiar
Tlf. 53 75 80 25
E-post: beate.hetleflat@etne.kommune.no

Kontaktinformasjon

Beate Hetleflåt
Fagleder
E-post
Telefon 53 75 80 25
Mobil 98 82 64 48