Trygt og godt barnehagemiljø

Stortinget vedtok 01.01.2021 eit nytt regelverk for miljøet i barnehagane. Denne lova skal sørgja for at alle born får ein trygg og god kvardag i barnehagen. 

Lov om barnehager (barnehageloven) - Kapittel VIII Psykososialt barnehagemiljø - Lovdata

Alle som jobbar i barnehagen må følgja med på at borna har det bra. Dersom ein vaksen veit om, eller trur at eit barn blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ein alltid gripa inn og stoppa krenkinga med ein gong.

Kva gjer du dersom du har mistanke om at eit barn blir krenka eller krenkar andre born?

  • Ta kontakt med barnehagen og be om møte med pedagogisk leiar eller styrar.
  • Barnehagen har plikt å undersøkja saka og laga plan og gjennomføra tiltak. Barn og tilsette skal inkluderast og få medverka i arbeidet.

Kva gjer du om du har mistanke om at eit barn blir krenka av ein tilsett i barnehagen?

Om eit barn opplever å bli krenka av ein tilsett i barnehagen, er det strenge krav til å varsla, undersøkja og setja i gong tiltak. Styrar skal kontakta barnehageeigar, som føl opp saka vidare.

Melde saka til barnehagemynde

Dersom du meiner at barnehagen ikkje har gjort nok for at barnet ditt skal ha eit trygt og godt barnehagemiljø, kan du melda saka til barnehagemynde: 
Gerd Toril Lindevik Arnestad
E-post: gerd.toril.lindevik.arnestad@etne.kommune.no
Telefon:  91 59 47 14.

Før du melder må du ha drøfta saka med styrar i barnehagen.

Kva kan barnehagemynde gjera med saka?

Barnehagemynde kan avgjera om barnehagen har gjort det dei skal, rettleia og føra tilsyn for å sørgja for at barnet skal få eit trygt og godt barnehagemiljø. Ved eventuelt tilsyn kan barnehagemynde setja ein frist for når tiltaka skal vera gjennomført og følgja opp saka. 

Her ligg informasjon om rettar barn og føresette har dersom dei opplever å ikkje ha eit trygt og godt barnehagemiljø Barnehagemiljø | udir.no