e-Torg for Etne kommune

Etne kommune lanserer nå e-Torg, slik at det vert lettare for deg å bestille dokumenta du har behov for, akkurat når det passar deg.

 

  

 

 

 

e-Torg er nettbutikken for sal av kart, eigedomsdata og byggesakstenester.

Send nabovarsel elektronisk

Gjennom e-Torg kan du sende nabovarsel elektronisk. Dette er ein raskare, enklare og billigare måte å nabovarsle på. Når du sender eNabovarsel vil alle eigarar på naboeigedommane motta dette digitalt, direkte i sin innboks i Altinn. Når ein nabo gir tilbakemelding på nabovarselet i Altinn, vil du, som ansvarleg søkar, motta dette i din innboks i Altinn. Du vil då ikkje lenger trenge å sende rekommanderte brev.

Produkt

På e-Torg finn du:

  • digitale kart
  • 3D-modellar
  • nabovarsel
  • eigedomsinformasjon
  • arealplanar
  • meklarpakke

og mange andre nyttige produkt.

e-Torg gjer ting enklare og sparer deg for tid til innhenting av eigedoms- og kartdata frå kommunen. e-Torg er tilgjengeleg på alle plattformer, og er ope 24/7, og har alltid dei mest oppdaterte data.

e-Torg Etne

Nabolister kan også bestillast her:

Byggesaksblankettar

Du finn og hurtigtilgang til e-Torg øvst på framsida.