Kartleggingsarbeidet knytt til risiko for kvikkleire er ferdig

Store delar av kommunen med sine innbyggjarar er busette under marin grense. NVE set strenge krav til dokumentasjon av stabiliteten i grunn for desse områda, eit krav som er blitt særleg strengt etter hendinga i Gjerdrum i 2020.

November i fjor var Sunnfjord Geo Center (SGC) på synfaring på tvers av Etne kommunen på leit etter fjell i dagen. Sidan den gong, og via fleire rundar med NVE, har Etne kommune no motteke endeleg rapport. Rapporten ligg open for alle, og dannar grunnlag for å gi løyve og å setje vilkår for nye tiltak og detaljplanar.

Aktsemdområda er delt i 3 soner med kvar sin farge*:

H1: område der SGC vurderer at sannsynet for kvikkleire er lav, men dokumentasjon av grunntilhøva utgjer en usikkerheit. Eit fåtal undersøkingar vil truleg kunne dokumentere sikkerheita mot kvikkleire (jf. trinn 7 i NVE sin kvikkleirerettleiar).

 

H2: område utanfor losneområde, men innanfor mogeleg utløpsområde. Aktsemdområdet gjeld for tiltak i tiltakskategori K3 og K4 i kvikkleirerettleiaren (friskmeldt for tiltak med lågare klasse).

 

H3: område med stor usikkerheit, eller sannsynleg førekomst av marin leire. Fleire trinn i kvikkeleirerettleiaren kan forventast ved ei utgreiing. 

 

*Det er kun areal med lilla omriss i karta under som er vurderte. Område innanfor lilla omriss som ikkje har skravur er ferdig kartlagde med omsyn til områdestabilitet.

4 Oversikt analyseområde (PDF, 5 MB)

5 Etne sentrum nord (PDF, 2 MB)

6 Etne sentrum og Stødle (PDF, 3 MB)

7 Etne sentrum sør og Osnes (PDF, 2 MB)

8 Etne sørøst (PDF, 3 MB)

9 Etne øst - Håfoss (PDF, 2 MB)

10 Ytreneset – Ytre Sørstranda (PDF, 2 MB)

11 Indre Sørstranda (PDF, 2 MB)

12 Nordstranda (PDF, 2 MB)

13 Romsasundet sør (PDF, 985 kB)

14 Romsasundet nord (PDF, 939 kB)

15 Ebna-Molnes (PDF, 2 MB)

16 Skånevikstranda vest (PDF, 2 MB)

17 Skånevik (PDF, 2 MB)

18 Straumneset/Vannes (PDF, 527 kB)

19 Tungesvik (PDF, 970 kB)

20 Sævareid/Kyrping (PDF, 2 MB)

21 Frette (PDF, 2 MB)

22 Markhus (PDF, 2 MB)

23 Fjæra (PDF, 2 MB)

SGC presiserer at det ikkje er påvist kvikkleire eller at det er auka sannsyn for kvikkleireskred i områda som framleis ligg med skravur. Det er mangelen på data som hovudsakleg gjer at vi står att med aktsemdområde.

Aktsemdområda med tilhøyrande føresegner basert på denne rapporten vert lagt til grunn på plankartet ved 2. gongs høyring av kommuneplanen sin arealdel.

1 Rapporten i sin heilskap (PDF, 26 MB)

Artikkelliste