Informasjonsskriv BrukarPlan

Kva er helseregisteret BrukarPlan? 

BrukarPlan er eit nasjonalt verktøy for kommunar som ønsker å få kunnskap om kva behov innbyggarane med rusproblemer og/eller psykiske helseproblemer har. Informasjonen i BrukarPlan kan brukast til å planlegge kva tenester kommunen skal tilby i framtida. Opplysningar frå enkeltpersonar blir slått saman for å danne et heilskapleg bilde. 

Kva opplysningar samlast inn om deg?

Opplysningane som registrerast om deg i BrukarPlan basera seg på ei vurdering frå de som kjenner deg best i den tenesta som sendte deg dette brevet. Opplysningane er konfidensielle. Navn, adresse og personnummer registrerast ikkje. Det som registrerast er: Fødselsår, kjønn, bakgrunn, økonomi, fysisk og psykisk helse, rusmiddelbruk, sosial fungering og nettverk. Det samlast også inn opplysningar om kva tenester du mottar nå og kva tenester du kan ha behov for neste år. 

Reservasjon og innsyn i opplysningar

Du har:

  • Rett til å reservere deg mot registering i BrukarPlan.
  • Rett til å sjå kva som er registrert om deg. 
  • Rett til å få uriktige faktaopplysningar om deg sjølv korrigert.
  • Rett til å be om at informasjon om deg slettes.

Gi beskjed til hjelpetenesta i kommunen dersom du vil reservere deg, eller ønsker å sjå kva  som er registrert om deg. Du trenger ikkje fortelja kvifor du reserverar deg. Dersom du reservera deg før innsamling blir det ikkje registrert opplysningar om deg. Ønsker du å reservere deg etter innsamling, kan du be om å få opplysningane om deg sletta. Reservasjonen gjeld kun for årets registrering. Reservasjon påvirkar ikkje samarbeidet mellom deg og kommunen.

Har du mottatt dette informasjonsbrevet frå ei anna teneste nyleg? Dersom du er i kontakt med fleire tenester i kommunen kan det skje at fleire tenester sender deg informasjonsbrev. I slikt tilfelle må du gi beskjed til kvar enkelt teneste som har sendt deg brev og krevje reservasjon, innsyn, retting eller sletting.

Kva skjer med opplysningane?

Helse Stavanger ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforskning i Helse Vest (KORFOR) er dataansvarlig for BrukarPlan. Reservasjon, sletting og innsyn er kun tilgjengeleg i to år etter kartlegging. Opplysningane slettes seinast etter 10 år.

Opplever du at opplysningane ikkje behandlast i henhald til regelverket, kan du henvende deg til Datatilsynet eller Statens Helsetilsyn.  

Informasjon til deg i Etne kommune 

Ønsker du å reservere deg , eller ønsker å sjå kva som er registrert i BrukarPlan på deg ta direkte kontakt med fagleiar i psykisk helse: Tlf 954 91 353

Logoen til brukerplan - Klikk for stort bilde