Kong Magnus Erlingsson

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

Magnus Erlingsson var konge frå 1161 til 1184.

  

 

Magnus var son til Erling Skakke og Sigurd Jorsalfares dotter Kristin. Erling Skakke var ein rik stormann frå Vestlandet. Han hadde fått eit hogg i halsen og bar hovudet litt på skakke. Derav fekk han tilnamnet Skakke. Erling Skakke og mange andre stormenn ville gjerne avgjera kven som skulle vera konge i Noreg. Men dei hadde ikkje noko kongsemne. Difor kom Erling med framlegg om at sonen Magnus skulle verta konge, sidan han var son av ei kongsdotter (Kristin).

Stormennene synes dette var eit godt framlegg og utropa Magnus til konge i 1161, berre 5 år gamal. Dei reiste deretter rundt i landet for å få bøndene til å hylla Magnus som konge. Men mange rekna ikkje Magnus som skikkeleg konge og Erling fekk erkebiskopen og kyrkja med seg for å få Magnus godkjent. Til gjengjeld måtte Erling lova å vera lydig og trufast mot kyrkja, halda dei kristne boda og ikkje krevja noko som var imot kyrkja sine lovar.

I 1163 vart det kalla saman til eit stort møte i Bergen. Der var kongen og alle stormennene, erkebiskopen og alle biskopane. Der vart Magnus Erlingsson salva og krona av erkebiskopen. Det tyda at Magnus hadde rett frå Gud til vera konge i Noreg.

Kroninga av kong Magnus var den første kongekroninga i Norden. Men sjølv om Magnus var krona til konge var det mange trønderar og opplendingar, fjellbønder og skogsfolk som ikkje ville godta han som konge. Dei fann seg motkongar og kjempa mot Magnus og stormennene frå Vika og Vestlandet i fleire år.

Då Magnus hadde vært konge i 15 år, kom Sverre Sigurdsson frå Færøyane. Mora hadde fortalt at han var son av ein konge og han kom difor for å krevja kongsretten sin. Mange slutta seg til Sverre og dei vart kalla birkebeinarane fordi dei gjekk med bjørkenever rundt leggane. Sverre vart av birkebeinarane utropt til konge og det vart mange harde slag mellom kong Sverre og kong Magnus.

I 1179 fall Erling Skakke som var den som eigentlege hadde styrt. I 1184 sigra kong Sverre over kong Magnus i eit stort sjøslag ved Fimreite i Sognefjorden. Der drukna Magnus Erlingsson saman med dei fleste av mennene sine. Han vart gravlagt i Kristkirken i Bergen og kong Sverre heldt sjølv liktalen over han.