Alle 30 nutane i Etne

Etne Turlag vil gjerne ha endå fleire ut på tur og opp på våre flotte fjell og nutar

Topptur-konseptet «Alle 30» er for heile Etne kommune og blir administrert av Turlaget. Postane er lagt ut av dei fire idrettslaga i Etne kommune: IF Klypetussen, Skånevik IL, Fjæra og Rullestad IL og Etne IL. Sesongen går frå 1. oktober til 30. september kvart år. Frå sesongen 2019/2020 er «Alle 30» utvida med «10 nutar» og «20 nutar». I 10- og 20 nutar vel ein blant nutane som er med i Alle 30

  • 10 nutar: besøk 10 nutar av «Alle 30» der du minst besøker 2 nutar frå kvart av dei 4 idrettslaga.
  • 20 nutar: besøk 20 nutar av «Alle 30» der du besøker minst 4 nutar frå kvar av dei 4 idrettslaga.

Det er utmerking for å nå målet anten det er 10, 20 eller 30 nutar.

Meir info finn du på Etne Turlag sine nettsider: Alle 30 - sesongen 2021-2022 — Etne Turlag (dnt.no)