TellTur

Bli med på TellTur i Etne! Ny TellTur-sesong startar 1. april.

Utsikt frå Nordfjellet - Klikk for stort bildeNordfjellet ovanfor Ebne på Skåneviksstranda er nytt turmål i år, og her har du vidt utsyn mellom anna innover mot Åkrafjorden.

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

TellTur er friluftsråda sin elektroniske postkassetrim med varierte turmål med kart og omtale både i Etne kommune og i distriktet/landet elles. Konkurrer med deg sjølv eller med andre turgåarar om å nå fleire og nye turmål!
Registreringa skjer med ved mobilappen «Norgeskart friluftsliv» som er gratis.
Meir info telltur.no

Friluftsrådet Vest har samla over 100 turar i Sunnhordland og Nord-Rogaland dette året. Friluftsrådet Vest | TellTur 

TellTur i Etne kommune er eit samarbeidsprosjekt mellom Friluftsrådet Vest, Etne kommune og Etne Turlag. Blant dei 10 turane finn du både fjelltoppturar og enkle turar i låglandet. 
Etne kommune | TellTur

Premiering TellTur-temakonkurranse Etne kommune

Premie blir trekt blant dei med flest turar i Etne kommune i tre aldersklassar:
Barn 0-12 år, Ungdom 13-18 år, Vaksne 19 år og eldre.
Premien er gåvekort på kino/kulturhus på kr 250, - til vinnaren av kvar klasse.

Vinnarar av temakonkurransen i 2022:

0-12 år                 Emma Sørheim
13-18 år               Monica Sørheim
19 år og eldre    Oddrun og Arild Stenberg