Ferdslereglar

Allemannsretten gjeld i utmarka.

Der kan du ferdast fritt til fots og på ski, rasta og overnatta (minimumsavstand til hus/hytte 150m), ri eller sykla på vegar og stiar, bada, padla og ro i vassdrag (ikkje lakseelver i fisketida), plukka ville bær, sopp og blomar, fiska fritt etter saltvassfisk (obs. reglar finst for einskilde forhold).

Hugs: 

  • Ferdsleforbod på innmark i tida 30.4.-14.10. (unntak på frosen mark)
  • Lat att grinder og ikkje trø ned gjerde!
  • Vis omsyn til beitedyr
  • Ha kontroll på hunden! Bandtvang i tida 1. april-1. oktober
  • Jakt og fiske i ferskvatn mot løysing av kort
  • Bruk av eld i skogsmark er forbode i tida 15. april-15. september
  • Parker med omtanke
  • Motorferdsle i utmark og på vassdrag under 2 km2 er som hovudregel forbode
  • Hugs sjøvettreglane og ha med redningsvest
  • Ferdsle nærare enn 20m og fiske nærare enn 100m frå havbruksanlegg er forbode
  • Kast ikkje søppel i naturen

Vis omsyn til naturen og kulturminna!