Innlandsfiske

I Etne kommune finn Du eit variert tilbod for fiske i sjø elvar og innlandsvatn. Viktige aktørar innan forvaltning av fiske og vassdrag er Fylkesmannens Miljøvernavdeling, NVE og lokale rettshavarar og organisasjonar.

Laksefiske

Der er tre laksevassdrag i kommunen, Etnevassdraget med sideelva Sørelva, Fjæraelva og Mosneselva
Etneelva er det blant dei viktigaste lakseelvane på Vestlandet.

Meir informasjon om Etneelva på EtnelaksFortuna Fiskeutleige og Gjerde Laks . Etne jeger- og fiskeforening leiger ut sone 2, 3 og 10, den siste er tilrettelagt for rullestol.

Fiske i ferskvatn

Det er rundt 40 gode fiskevatn i kommunen, dei fleste ligg i Etnefjella. Vatna i Sørfjellet og Midtre Etnefjell er mest nytta. Nokre av dei er regulerte, men det vert òg sett ut fisk. Områda er lett tilgjengelege, med bilveg til Rus og Skarstøl.

I Stordalsvatnet kan det leigast båt og garn. Her finst 6 fiskeslag; innlandsaure, røye, laks, sjøaure, stingsild og ål(sistnemnde er freda).  I Åkrafjorden er Rullestadvatnet det mest nytta vatnet, men i fjellet er det òg fleire gode aurevatn. Campingplassen på Halvfjordingen leiger ut båt. Området er også tilrettelagt for rullestol, m.a. med fiskepir i innfallsosen til Rullestadvatnet.

Fiskekort m.m.

Meir info i Friluftsrådet VEST sin brosjyre for fritidsfiske i regionen. Brosjyra kan få den ved å venda deg til turistinformasjonen (inkl. på tysk). eller tenestetorget.  Erling Grindheim & Son i Etne har fiskekort for Etnefjella og Stordalsvatnet, elles også sal ved bensinstasjonar, hotell og campingplassar. Ved Skarstøl er der fiskekortautomat. I sjøen kan det leigast båt ved Kyrping Camping.

Linkar

Miljøstatus / Fritidsfiske

Norges Jeger- og Fiskeforbund (inkl info om vilt- og fiskeartar, forvaltning, Bladet Jakt og Fiske m.m.)

Lov om laks og innlandsfisk

Etneelva (PDF, 803 kB) og Kart over området (PDF, 944 kB)