Motorferdsel i utmark og vassdrag

Udyrka areal som i Friluftsloven ikkje vert rekna som innmark, inngår som utmark i Motorferdselloven. Veg i utmark som ikkje er opparbeidd for køyring med bil, vert rekna som utmark.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

Ein del føremål, som t.d. politi, ambulanse, teletenester og kraftanlegg, har generelt løyve til motorferdsle i utmark. Same gjeld for næringstransport innan jord- og skogbruk. Drift av utleigehytter og jakt og fiske vert her ikkje rekna som næring (uttransport av jaktutbytte er tillete). Bruk av motorbåt er lov på innlandsvatn større enn 2 kvadratkilometer.

Som hovudregel er motorferdsle i utmark og vassdrag forbode utan løyve frå kommune og grunneigar. Når der ligg føre "særlege grunnar", kan kommunen gi løyve til diverse nyttekøyring. Berørte grunneigarar må i tillegg gi løyve. Grunngjeven søknad må sendast kommunen i god tid. For einskildturar med snøscooter vert det vist vidare til personar med drosjeløyve. Unyttig eller turprega køyring er i alle høve ikkje tillete.

For køyring på anleggsvegane i Etnefjella gjeld eigne reglar vedtekne av NVE. Uføre o.a. med legeattest kan få køyreløyve. Bomnøkkel skal berre lånast ut gjennom Etne kommune.

Motorferdselloven