Naturforvaltning

Både i planar og einskildsaker skal kommunane søkje å ta omsyn til naturgitte føresetnader. Grunnlaget for slike vurderingar, bør vere mest mogleg kunnskap om kva for naturtypar vi har omkring oss, og kor verdfulle dei einskilde områda er sett i ein større samanheng.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

Etne kommune har sidan 1997 arbeidd med registrering av biologisk mangfald. For tida pågår òg arbeid med viltkartlegging. Etterkvart er det meininga å presentere registreringane, slik at t.d. skuleverket og andre interesserte òg kan gjere seg nytta av kunnskapen.

Tradisjonelt har det vore statlege styresmakter som har teke initiativ til vern av naturområde og vassdrag med nasjonale kvalitetar. Framleis er dette det vanlegaste, men sikring av viktige lokale og regionale område inngår etterkvart meir og meir kommunal arealplanlegging.

Link til Klima- og Miljødepartementet si side om Naturmangfaldlova

Viltrapport for Etne

Rapporten er samansett av ein skriftdel og ein kartdel.
Kartdelen er delt inn i fleire temakart. Eit om hjortevilt (hjort, elg, rein og rådyr), eit over prioriterte viltområder i kommunen og eit over området som er verna av naturvernlova. Det finst også kart over småvilt. Dette kartet kan ein få innsyn i hjå miljøvernrådgjevaren. I tillegg er det utarbeidd eit oversyn over sårbare artar som er unnateke offentleg innsyn.
Rapporten er inndelt i ein del som omhandlar viltartar og viltområder i Etne kommune og ein generell del om naturen i Etne.
Karta og rapporten er laga i eit samarbeid mellom Etne kommune og Fylkesmannen i Hordaland.
Rapporten finn du her (PDF, 6 MB).

Biologisk mangfald

Kommunen sitt registreringsarbeid tek utgangspunkt i Direktoratet for naturforvaltning sin DN-handbok 13/07. På linken er det under pkt 5 Fakta-ark lista opp kva for naturtypar vi skal søkje å få oversyn over. Vi tek gjerne imot innspel. Meir om biologisk mangfald frå Direktoratet.

Viltkartlegging - meir informasjon kjem. Vi tek likevel gjerne imot tips om observasjonar av dyre- og fugleliv. På sidene om Miljøstatus i Norge kan du lese om truga artar. På den same stad finn Du meir om biologisk mangfald . Sjå òg underliggande tema.

På Miljødirektoratet sine sider om Inngrepsfrie naturområder ligg mykje info om ulike naturverntema, m.a. om det såkalla Elvedeltaprosjektet.

Verna områder i Etne / vernearbeid:

Der er 4 område i Etne, verna etter Naturvernlova

Der er 4 område i Etne, verna etter Naturvernlova

Der er 4 område i Etne, verna etter Naturvernlova
Type Stad
Naturreservat: - Brattholmen m/ fyr ved Taraldsøy (fuglereservat)
 - Skåno ved Skånevik. Nordre del av øya. (fuglereservat)
- Sævareidberget, 3 km nord for Kyrping (styvingsfelt)
Landskapsvernområde: - Sævareidberget, 3 km nord for Kyrping (styvingsfelt)

 

Fylkesmannen har forvaltningsansvaret for freda område. Fuglereservata blir kontrollerte årleg. I Sævareidberget er det styva ein god del med statleg støtte over fleire år.

Meir info om Vernet natur.

Verna vassdrag i Etne kommune

  • Etnevassdraget, inkl. Litledalsvassdraget
  • Vaulovassdraget m/ Langfoss (verna i 5 sommarmånader)
  • Mosneselva
  • Vikedalsvassdraget (Bjønndalen)

NVE har kart over verna vassdrag i Norge.

For meir info om vassdrag, sjå Miljøstatus i Norge. Her er underliggande tema om verna vassdrag og vassdragsreguleringar.

Sjå òg Miljøsidene til NVE

Vern for Folgefonna

Statsforvaltaren har fyldig heimeside for Folgefonna nasjonalpark.

Inngrepsfrie naturområder

Det vert stadig mindre urørt natur i Norge. I Etne har vi framleis eit par såkalla villmarksprega område, der avstanden til større tekniske inngrep er meir enn 5 km. Sjå meir om inngrepsfrie naturområder.

Berggrunn og lausmassar

I tillegg til verna områder og vassdrag, finn vi i Etne fleire geologiske og kvartærgeologiske lokalitetar med særskilte kvalitetar (fleire ligg i verna vassdrag). Innan geologi kan vi nemne jettegrytene på Rullestad, sadelskaret Flåteskar i Stordalen og berggrunnen på Vannes i Skånevik. Terrasselandskapet i Etne er blant dei største og mest innhaldsrike breelvavsettingane i fylket. Moreneryggen sør for Skånevik er ein del av ei større isavsetting, som vi m.a. ser igjen på Halsnøy.