Planarbeid og einskildsaker

Førebyggjande miljøarbeid inngår i både arealplanlegging og einskildsaker. 

Ofte må miljøomsyn vurderast oppimot andre omsyn, som t.d. næring, busetnad, samferdsle og energiproduksjon. Overordna styresmakter er i mange saker inne som uttalepart.

Graden av miljøomsyn vil naturleg nok variere frå sak til sak. Dersom eit tiltak vert gjennomført, er det viktig å avgrense eller avbøte påfølgjande skadar. Store inngreps- og vernesaker vert vurdert særleg nøye, t.d. med konsekvensutgreiingar innan natur-, kultur- og samfunnsfaglege tema. Saudaprosjektet m/ Langfoss, sandsaka på Sørheim og verneplanen for Folgefonna er lokale døme på dette.

Mange av dei største einskildsakene i Etne gjeld kraftanlegg, veganlegg og sanduttak. Andre tiltak er t.d. fiske-/skjelloppdrett, skogsvegar, mikrokraftverk og andre vassdragsinngrep. Større byggetiltak, t.d. for industri, bustad- og hyttefelt, kjem vanlegvis opp i samband med arealplanar. Miljøomsyn kan t.d. dreie seg friluftsliv, vilt- og fiskeinteresser, kulturminne eller viktige naturtypar og vassdrag. I byggesaker kan spørsmål om byggeskikk og uteområde vere viktige.

Det pågår arbeid med kommuneplan i Etne. Ein del kommunar lagar eigne miljøplanar med stor grad av lokal medverknad, s.k. Lokal Agenda 21. Etne kommune har til no heller prioritert utarbeiding av fagplanar innan biologisk mangfald, vilt og vassdrag, pluss områdetiltak i landbruket. Kommunen samarbeider òg med lokale lag og næringsliv om grønt- og trivnadstiltak i sentrumsområda og diverse friluftslivsprosjekt.

Meir om Lokal Agenda 21 og bærekraftig utvikling:
Nasjonale nettstaden for LA 21