Tilgjengelegheitserklæring

KORT FORTALT

  • God kommunikasjon, klart språk og universell utforming er viktige grunnsteinar i Etne kommune sitt arbeid i digitale kanalar.
  • Innhaldet på etne.kommune.no skal vera mogeleg å bruke og forstå av alle.

Kva gjeld denne erklæringa for?

Denne tilgjengelegheitserklæringa gjeld for hovudnettstaden til Etne kommune og tilhøyrande underportalar. 

Erklæringa gjeld og for underportalane IntranettEnge barnehage , Skånevik barnehage, Etne Kulturskule, Enge skule og Skånevik skule (kjem).

Erklæringa gjeld ikkje andre subdomener under etne.kommune.no, nettsider for politiske saker, nettløysing for visning av politiske møte, kommunens si skjemaløysing, nettsidene for innsyn i postlistene eller nettsidene til kommunale føretak. 

Sjå også personvernfråsegna

Kven er ansvarlege for nettstaden? 

  • Kommunikasjonsavdelinga har systemansvar for etne.kommune.no.
  • Dei ulike einingane i kommunen er ansvarlege for sitt eige innhald på nettstaden.
  • Kommunalsjef Linn Kallestadbakken er ansvarleg for nettsidene.

Me jobbar kontinuerleg med å forbetra nettsidene, og følgjer standarden Retningslinjer for universell utforming av nettinnhald (WCAG) 2.1. Kvalitetsarbeidet og utviklingsarbeidet går føre seg i samarbeid med den tekniske leverandøren vår Acos AS

Historikk for nettstaden

Dagens nettsider vart etablerte i april 2020. Universell utforming, klarspråk og tilgjengelegheit har heile tida vore sentralt i arbeidet. Me har fokus på eit klart og tydeleg språk. 

Kontinuerleg arbeid

Etne.kommune.no har opp mot 100 000 sidevisningar i året. Nettstaden har rundt 700 enkeltsider, og det er eit omfattande arbeid å halda kvaliteten på ønska nivå. 

  • Me bruker tilbakemeldingsfunksjonane på nettsida aktivt til feilretting. Via "Fann du det du leita etter?" får me mellom 300 og 400 tilbakemeldingar i året.
  • Me har eit klart og tydeleg språk.
  • Nettsidene er koda slik at det er mogleg å lesa opp innhaldet med skjermlesarar - talande web.
  • Du kan forstørra teksten i nettlesaren din.
  • Alle bilete har alt-tagg. Det ligg sperrer inne i systemet slik at bilete ikkje kan publiserast utan dette. 

Dette prioriterer me no

I 2023 prioriterer me å oppdatera etne.kommune.no til å oppnå samsvar med krava i WCAG 2.1. 

Me skal

  • halda oppe og vidareutvikla ein universelt utforma nettstad
  • minna skribentane om å leggja ut innhald som er universelt utforma
  • skriva innhald i eit klart og tydeleg språk
  • sjå til at nettstaden oppfyller dei lovpålagde krava i WCAG 2.0
  • tilpassa innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav.
  • følgja likestillings- og diskrimineringslova og forskrift om universell utforming av IKT-løysingar
  • sikre universell utforming ved val av tredjepartssystem og utvikling av eksisterande system.
  • Rydda opp i PDF-filer og arkivera/fjerne filer som ikkje oppfyller dagens krav. 
  • Rydda opp i biletarkivet og arkivera/fjerne filer som ikkje oppfyller dagens krav. 

Status for samsvar med krav

I starten av 2023 er Etne.kommune.no delvis i samsvar med WCAG 2.1 nivå AA.
Å vera delvis i samsvar, betyr at enkelte delar av innhaldet ikkje heilt samsvarer med krava.

Testresultat

Foreløpig brukar me gratis testverktøy til å teste dei delane av WCAG som lar seg teste med automatiske testverktøy. Me testar og manuelt. Eit prøveresultat frå Monsido (24. januar 2023) er på 91,7%.

Kjente feil

Sjølv om me gjer vårt beste for at alt innhald på etne.kommune.no skal vera universelt utforma, veit me at det kan finnast manglar.

  • PDF-dokument og andre delte og publiserte dokument kan ha manglar i formatering, struktur og bilete/illustrasjonar.
  • Kart på etne.kommune.no er tredjepartsløysingar, og kan vera mangelfulle med omsyn til universell utforming.

Gi oss ei tilbakemelding!

Me får mange tilbakemeldingar på innhaldet på etne.kommune.no. Dette set me stor pris på og korrigerer innhaldet etterkvart.

Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller går du glipp av innhald på grunn av at nettsidene ikkje er universelt utforma?
Då kan du bruke dei blå tilbakemeldingsknappane nedst på sida eller send ein e-post til redaksjon@etne.kommune.no 
 

Kontaktinformasjon

Sonja Frafjord

Webredaktør

Tlf.: 53 75 80 23

E-post: sonja.frafjord@etne.kommune.no