Når og kvar kan du stemma?
Tidlegstemmer er førehandsstemmer som vert mottekne i perioden frå og med 1. juli og fram til og med 9. august. Ordninga gjeld alle velgarar og er meint for dei som ikkje har høve til å stemma innanfor den ordinære førehandsstemmeperioden, eller på valdagen.
Kvar og når kan du tidlegstemma?
Du kan gi tidleg førehandsstemme i resepsjonen ved Etne tinghus.
Adresse
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Periode
1. juli til og med 9. august
Opningstid
Måndag til fredag klokka 09.00-15.00
Hugs å ha med legitimasjon!
Den ordinære førehandsstemmeperioden er frå og med 10. august til og med 8. september.
Same kvar i landet du er busett kan du førehandsrøyste i kva for ein kommune du vil.
Kvar og når kan du førehandsstemma?
Førehandsstemminga vil foregå i resepsjonen på Etne tinghus.
- Ope måndag til fredag kl 09.00-15.00
Utvida tider for førehandsstemming
KJEM på desse stadene
Etne tinghus
Åkrafjordtunet
Skånevik Fjordhotel
Røysting på institusjon
- Etne omsorgssenter
- Skånevik omsorgssenter
KJEM på desse stadene
Etne tinghus
Åkrafjordtunet
Skånevik Fjordhotel
Røysting på institusjon
- Etne omsorgssenter
- Skånevik omsorgssenter
Vallokala i Etne kommune har desse opningstidene:
- Etne kulturhus kl 10.00-20.00
- Skånevik skule kl 10.00-20.00
- Sævareid skule kl 15.00-20.00
Du kan stemma i det stemmelokale du vil, men det er ein fordel om du stemmer i den kretsen du høyrer til. Dette med tanke på smittevern og for å forhindra unødvendig kø i det enkelte vallokalet.
For å stemma på valdagen må du stå i manntalet i den kommunen du skal avgi stemme i (vera registrert busett i Etne kommune 30. juni i valåret).
Ditt vallokale står oppført på valkortet som du får tilsendt digitalt frå Valdirektoratet.
I førehandsstemmeperioden
Velgarar som ikkje kan avgi stemme i eigna lokale på grunn av sjukdom, uførhet eller isolasjonsplikt grunna covid-19, kan etter søknad til valstyret avgi førehandsstemme der dei oppheld seg. Det er ikkje krav om skriftleg søknad, du kan ringa vårt sentralbord og be om å få stemma heimefrå.
Fristen for å søke er kl. 10.00 fredagen før valdagen.
Stemmegjeving etter førehandsperioden
Velgarar som ikkje kan avgi stemme i eigna lokale på grunn av isolasjonsplikt grunna covid-19, kan etter søknad til valstyret avgi stemme der dei oppheld seg.
Fristen for å søke er kl. 10.00 på valdagen.
Dersom dette gjeld deg ta kontakt på telefon 53 75 80 00.
Parti og andre grupper kan stille liste til kommunestyrevalet. Fristen for å levere listeforslag er 31. mars 2023 klokka 12.00.
Posten må ha komme fram, eller forslaget må vera levert, innan fristen fredag 31. mars klokken 12.00. Listeforslag levert etter fristen vil bli avvist.
Listeforslaga kan leverast:
på Etne Tinghus, Sjoarvegen 2, i resepsjonen mellom klokken 09.00 og 15.00 alle kvardagar. Vedlegga sendast elektronisk til
post@etne.kommune.no
per post til Valstyret i Etne, Sjoarvegen 2, 5590 Etne. Vedlegga sendast elektronisk til
post@etne.kommune.no
Det er nå mogeleg å sende elektroniske listeforslag. Levering av elektroniske listeforslag må gjerast via Valdirektoratet si løysning.
Her finn du informasjon om oppretting av elektronisk listeforslag.
Ved stortingsval har fylgjande personar stemmerett, jf. valgloven § 2-1:
Norske statsborgarar som
• vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
• ikkje har mista stemmeretten etter Grunnlova § 53 og som
• er, eller nokon gang har vore, folkeregisterført som busett i Norge. tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet
Ved kommunestyre- og fylkestingsvalg har følgende personer stemmerett, jf. valgloven § 2-2:
• Alle som har stemmerett til stortingsvalg
• Statsborgere i andre nordiske land (det vil si Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert busett i Norge seinast 30. juni i valgåret
• Andre utanlandske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert busatt i Norge sammenhengande dei tre siste åra før valdagen
Når det gjelder butid for utanlandske statsborgarar er det eit krav at denne er registrert sammanhengande dei tre siste åra.
Sjølve valet går føre seg ved personleg oppmøte i eit stemmelokale på valdagen, eller ved å avgi førehandsstemme. Har du avgitt førehandsstemme, er det denne som gjeld. Du kan fritt bestemma om du ønskjer å avgi førehandsstemme eller stemma på valdagen.
Meir informasjon om aktuelle dagar for førehandsstemming i Etne kommune vert publisert etter kvart.
Har du flytta og folkeregisteret ikkje har mottatt flyttemelding innan 30. juni 2023, står du framleis oppført i kommunen du flytta frå. Du kan då velja å stemma der valdagen eller førehandsstemma i Etne.
Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn frå det er klart, rundt 10. juli og til og med valdagen, i resepsjonen på Tinghuset i Etne.
Ved det komande Kommunestyre- og fylkestingsvalet får du tilsendt valkortet ditt digitalt.
Har du reservert deg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen din i registeret dei siste 18 månadane, kjem du til å få valkortet tilsendt på papir.
Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av stortingsval og kommunestyre- og fylkestingsval. Dei har også ansvar for godkjenning av listeforslag og kven som blir stemt inn (valoppgjer).