Energi- og klimaplan for Etne kommune til offentleg ettersyn

Formannskapet har i sak 043/22 i møte 01.11.22 vedtatt at energi- og klimaplan for Etne kommune skal leggjast ut til offentleg ettersyn. 

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

Planen handlar om korleis Etne kommune som organisasjon skal arbeide mot ei grøn omstilling. Planen inkluderer mellom anna mål om å redusere direkte klimagassutslepp med 55% innan 2030 og tiltak for å redusere straumbruk i kommunale bygg. 

Framlegg til energi- og klimaplan er å finne på nettsida til Etne kommune på www.etne.kommune.no. Spørsmål kan rettast til Etne kommune på tlf: 53 75 80 00. 

Eventuelle merknadar til planframlegget kan sendast til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne, eller på e-post til: post@etne.kommune.no. 

Merknader må sendast inn innan 29.11.2022 (fire veker etter at formannskapet vedtok å leggje planen ut på offentleg høyring). 

ENERGI- OG KLIMAPLAN - Handlingsprogram (PDF, 135 kB)

ENERGI- OG KLIMAPLAN 2023-2027 Etne kommune (PDF, 2 MB)

Framsida til energi- og klimaplanen - Klikk for stort bilde