Kommuneplanen sin arealdel – Etne kommune 2023-2030 – 1. gongs høyring

Formannskapet vedtok i sak 042/23 den 30.06.2023 at ny arealdel til kommuneplan for Etne kommune skal leggjast ut for 1. gongs høyring. 

Dekorativt - Klikk for stort bilde

I høyringsperioden ber me om innspel til høyringsutkastet. Frist for å kome med innspel er sett til 18.09.23 (om lag 9 veker). 

Eventuelle innspel skal merkast med KPA – Innspel til 1. gongs høyring og sendast til post@etne.kommune.no eller til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne. 

Det vil bli halde opne folkemøte i Skånevik og Etne i andre halvdel av august. Nærare tidspunkt vil bli annonsert. 

Arealdelen til kommuneplanen består av: 

I tillegg følgjer vedlegga: 

Grunna ferieavvikling vil plankartet i starten av høyringsperioden berre vere tilgjengeleg i pdf-format. Undervegs i høyringsprosessen vil plankartet også bli gjort tilgjengeleg digitalt på Arealplaner.no. 

Erik Kvalheim (veke 29-30). Eileen Selland (veke 31) og Kristine Ebne (frå veke 32 og utover).

Dekorativt - Klikk for stort bilde