Varsel om endring etter forenkla prosess av gjeldande detaljregulering for Etnesjøen del 2

Etne kommune har fått tildelt midlar frå Statens vegvesen for å etablere ei sone for henting og levering av elevar ved Enge skule, ei såkalla «droppsone» på nedsida av Skakkesenteret. 

Dropsone Enge skule - Klikk for stort bilde

Det er trong for å gjere ei mindre justering av gjeldande reguleringsplan for Etnesjøen 2 (planID R-108) for å få dette til. Etne kommune v/avdeling for Utvikling er forslagsstillar.

  1. Omtrent 1 daa av føremålet «Ballplass» vert innlemma i tilliggjande føremål for offentlege bygg. Attståande areal vert min. 40x48 meter, der fleire former for ballspel framleis kan etablerast.
  2. Regulert «Parkering» (bakken ned til Engeleiren) på 425m2 vert innlemma i arealet for droppsone då det ikkje er hensiktsmessig eller trong for parkering her (er ein snarveg).
  3. Etablert tilkomst mot framtidig droppsone med tilhøyrande frisiktsone vert regulert inn.

Dagens avkøyrsle skal nyttast inn til droppsona, og tilsett-parkeringa langsmed Skakkesenteret vert uendra. Droppsona skal asfalterast og malast med asfaltmaling, og kan nyttast som oppstillingsplass ved marknad/Etne cup.

Det er vurdert at planlagde tiltak ikkje er i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser, og at endringa ikkje har konsekvensar av tyding for andre saker. Endringa er viktig for å kunne etablere dei tiltaka vi har til rådigheit for å sikre ein trygg og sikker skuleveg.

Sjå vedlagt omtale av endringa med tilhøyrande plankart.

I tråd med plan- og bygningslova §-14 tredje ledd vert forslag til endring kunngjort hjå berørt mynde, samt eigarar og festarar som vert direkte berørt av endringa. Samtidig skal andre berørte ha anledning til å uttale seg før ein treff vedtak. Varselet vert difor også kunngjort i avisa Grannar.

Frist for å gi innspel er 20.11.2022 og kan stillast Etne kommune via post: Sjoarvegen 2, 5590 Etne, eller på e-post: post@etne.kommune.no. Spørsmål kan rettast sakshandsamar på tlf: 53 75 82 29.

Forslag til endring skal etter at fristen er ute leggjast fram for forvaltningsutvalet til kommunen.

R-108-2 Planomtale Endring av reguleringsplan 251022 (PDF, 3 MB)

Vedlegg 01 - R-108-2 Plankart 251022 (PDF, 4 MB)

Vedlegg 02 - Resultat frå trafikktelling 171022 (PDF, 543 kB)

Vedlegg 03 - Vurdering av alternativ 050922 (PDF, 578 kB)

Vedlegg 04 - R-108 Plankart - Gjeldande (PDF, 3 MB)

Vedlegg 05 - R-108 Føresegner - Gjeldande (PDF, 242 kB)

Vedlegg 06 - Trafikktelling Rådata (PDF, 211 kB)