Innskriving i grunnskulen

Innskriving av elevar i 1. klasse for skuleåret 2022/2023.

Det vert innskriving av elevar i 1. klasse for skuleåret 2022/2023 på desse skulane:

Enge skule:           30. mars kl. 09.00
Skånevik skule:   30. mars kl. 09.00

Alle born i Etne kommune som er fødde i 2016 eller før, og som ikkje har byrja på skulen, skal skrivast inn.

Det kan godkjennast utsett skulestart med eitt år etter søknad frå foreldra/føresette. Like eins er det høve til å søkja om framskoten skulestart med eitt år dersom barnet fyller 5 år innan 1. april 2022. Avgjerd om utsett eller framskoten skulestart skal takast etter sakkunnig vurdering frå PPT.

Søknadsfrist for utsett og framskoten skulestart er i år 1. april 2022.
 

Påmelding til skulefritidsordninga (SFO) 

Søknadsfrist til SFO er 15. mars 2022.  Sjå meir info om SFO her.

Velkommen til skulane i Etne kommune!