Informasjon om jod-tablettar

Dersom det oppstår ein situasjon der radioaktivt nedfall rammar Norge, vil inntak av reint jod kunne hindre opptak av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen hos unge menneske. Dette reduserer moglegheita for utvikling av kreft i skjoldbruskkjertelen. 

Det er derfor viktig at jodtablettar er tilgjengelege for barn under 18 år, gravide og ammande viss radioaktivt jod blir spreidd i lufta, og myndigheitene anbefaler at tablettane skal nyttast. I enkelte tilfelle kan personar under 40 år bli anbefalt å ta jodtablettar. Ein kan kjøpe jodtablettar utan resept på apoteket.  Personar over 40 år treng ikkje jodtablettar som ein del av beredskapen heime.

 

Det er kriseutvalet for atomberedskap (KUA) som ved en atomulykker vil vurdera om jodtabletter skal nyttast i Norge. Ein skal ikkje ta jod før det kjem ei tydeleg melding frå kriseutvalet om når ein skal ta tabletten.

Etne kommune har lager av jodtabletter, samt plan for utdeling til alle kommunen sine innbyggjarar under 18 år, gravide og ammande.  

Born som går i barnehage eller skule i kommunen vil få utdelt jodtablettar der. Andre i målgruppa vil kunne få utlevert jodtablettar frå Helsestasjonen i Skånevik  og Etne.

Viss det blir aktuelt med utdeling av jodtabletter i Etne kommune, vil kommunen gå ut bredt ut i media, på heimesida og sosiale media med informasjon om korleis publikum skal forholda seg.

Les meir jod tablettar her: www.dsa.no

Les generelt om beredskap heime her: Dette bør du ha hjemme | Sikkerhverdag

 

Etne kommune