Eigedomsskatt

KORT FORTALT

  • Eigedomsskatt er ein kommunal skatteform som kommunestyret kan vedta.
  • Grunnlaget for utskriving av eigedomsskatt skal spegla ein pårekna marknadsverdi på eigedommen.
  • Dette er den einaste skatten som i heilskap går til kommunen, og som kommunen sjølv har full styring på.

Eigedomsskatt 2024

  • Skattesats bustad- og fritidseigedommar: 4.00 promille
  • Botnfrådrag per bueining: 175 000 kroner 
  • Skattesats næringseigedommar, energianlegg/verk og bruk: 7 promille

For bustad- og fritidseigdomar betaler ein 4 promille av skattetaksten i eigedomsskatt, etter at botnfrådraget er trekt frå. Ein bueining er lik eit botnfrådrag. Næringseigedommar betaler 7 promille av skattetaksten i eigedomsskatt.

Korleis klage på eigedomskatt?

For å klage må du først finne ut om du har skattetakst basert på bustadverdi frå Skatteetaten, formuegrunnlag, eller lokal takst. Dette finn du ut på den elektroniske informasjonen kommunen sender ut før 1. mars kvart år. Dei fleste privatbustader har bustadverdi frå Skatteetaten medan næringseigedommar og fritidseigedommar har lokal takst.

Klage på bustadverdi/Formuegrunnlag

For eigedomar som har takst basert på formuegrunnlag, må ein rette klagen til skatteetaten.
Dersom de meiner formuegrunnlaget ikkje samsvarer med den reelle verdien for eigedommen, kan dette tyde på at Skatteetaten har feil eller manglande opplysningar om eigedommen.

  • Bustadtype
  • Byggjeår
  • P-rom (areal)

Dersom opplysningane til Skatteetaten skulle vere feil, vil taksten justerast. I så fall vil kommunen få automatisk beskjed om dette frå Skatteetaten, slik at taksten vert korrigert også i våre system. Eventuelt overskytande beløp som er innbetalt vil i så tilfelle sjølvsagt tilbakebetalast. For meir informasjon om formuegrunnlag, sjå Skatteetaten sine heimesider.

Kontakt Skatteetaten, anten via telefon 800 80 000, via post til Skatt Vest, Postboks 8103, 4068 Stavanger eller elektronisk via nettsida til Skatteetaten.

Klage på lokal Takst

Send klage til:
Etne kommune
Eigedomsskattekontoret
Sjoarvegen 2
5590 Etne

Eller på e-post til eigedomsskatt@etne.kommune.no.
Merk klagen med gards- og bruksnummer, og ev. feste- eller seksjonsnummer.