Informasjon om fritak for kommunale gebyr – nye eller forlenging

Det kan gjevast tidsavgrensa fritak for renovasjon, slamtømming og feiing på heilårsbustad (gjeld ikkje hytter) dersom bustaden blir ståande tom over ein lengre periode (minst ein termin). Ein må søkje i forkant av fritaksperioden.

Fritak for kommunale avgifter blir kun gitt for eit år om gongen. Det er søkjar som skal sørgje for å sende tilstrekkeleg dokumentasjon ved søknad.

Det blir som hovudregel ikkje gitt fritak frå lovpålagde vatn- og avløpsgebyr. Dersom det skal gjevast fritak for vatn- og avløpsgebyr må hovudinntaket plomberast av autorisert røyrleggjar, ev. må stikkleidning fysisk koplast frå kommunen sin hovudleidning.

Fritak vatn- og avløp 

   

Vil du søke om fritak for vatn- og avløpsgebyr – send skriftleg søknad til  
Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne.
Eller til e-post: post@etne.kommune.no

Fritak renovasjon eller slamtømming   

   

Vil du søke om fritak for renovasjon eller slamtøming kontakt HIM.  

Kontaktskjema

Fritak feiing og tilsyn  

    

Vil du søke fritak for feieavgift kontakt Haugaland brann og redning IKS.

Søknad om fritak for feiing og tilsyn

 

Betalingssatsar