Under arbeid: Kommuneplan Arealdel 2017-2027

På denne sida vil det med jamne mellomrom komme oppdateringar om framgangen for kommuneplanen sin arealdel.

Oppdatering kommuneplanen sin arealdel – Etne kommune

 

Oppdatering 08.11.2023

Utvikling arbeidar for tida med revisjon av kommuneplanen sin arealdel. Det er gjennomført 1. gongs høyring, og frist for å kome med merknad var 18.09.2023. 
Det er kome om lag 60 – 70 merknadar til planarbeidet. Dette inkluderer merknadar frå privatpersonar, verksemder og offentlege mynde, samt frivillige organisasjonar. 
25. oktober vart det gjennomført dialogmøte med Statsforvaltar, og framover vil det bli arbeida med merknadshandsaming.

Utover hausten vil det bli lagt fram saker for styringsgruppa der ein tek stilling til kva merknadar som vert tatt til følgje/ikkje tatt til følgje, og som skal inkluderast i planarbeidet. Dei politiske sakene er tilgjengeleg på denne nettsida: 
Styringsgruppe for kommuneplanarbeid: Møteplan 2023
Fyrste møte i styringsgruppa vert 22. november 2023. 
 

 

Handsaming av innspel til kommuneplanen sin arealdel 12.10.2017

 

Hei!

Kommunen er no godt i gang med revisjon av kommuneplanen sin arealdel. Handsaminga av innspel har tatt noko tid då arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel fekk prioritet i arbeidet. Dette er naturleg då samfunnsdelen gir føringar for utforminga av arealdelen. Kommuneplanen sin samfunnsdel vart vedteken i desember 2016 og er tilgjengeleg her.

Administrasjonen har mottatt over 130 private innspel til kommuneplanen. Alle nye arealformål i kommuneplanen må gjennom ei konsekvensutgreiing (KU) og eventuell risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS - analyse) før dei eventuelt kan bli del av kommuneplanen. I ei konsekvensutgreiing vil verknadene av nytt arealformål vurderast. Politisk styringsgruppe for kommuneplan skal godkjenne handsaminga av alle private innspel, òg dei innspela som ikkje vert vurdert til å bli med i kommuneplanen. Det er bestemt at alle private innspel skal få ei vurdering for å sikre innbyggjarane god medverknad til kommunen sine planprosessar.

Informasjon om, og resultat av, handsaminga av innspela fins i vedlagte dokument Konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) kommuneplanen sin arealdel – bustad og fritidsbustad.

Det er i første omgang innspel som er vurdert til å omhandle bustader og fritidsbustader som er handsama i denne omgang. Alle innspel vil få ei vurdering og det vil komme fleire omgangar med handsaming.

I tillegg ligg det dokumenter som har informasjon som har vore nytta som vurderingsgrunnlag for utgreiingane.

Sjå politisk sak for meir utdjupande informasjon om handsaminga av innspela.

 

Politisk sak – handsaming av innspelt til kommuneplanen sin arealdel – bustad og fritidsbustad (PDF, 372 kB)

Konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) kommuneplanen sin arealdel – bustad (PDF, 5 MB)

Konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) kommuneplanen sin arealdel – fritidsbustad (PDF, 4 MB)

Grunnlag for konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse – Etne kommune (PDF, 522 kB)

Oversikt arealrekneskap for bustad og fritidsbustad – Etne kommune (PDF, 2 MB)

 

For meir informasjon om utarbeiding av kommuneplanen sin arealdel les vidare under eller besøk departementet si heimeside – Kommuneplanen sin arealdel.

__________________________

Grovsortering - 07.09.2017

Politisk styringsgruppe for kommuneplan har vedteke at det skal gjennomførast ei grovsortering av innspel som ein ser at av ulike grunner ikkje skal takast med vidare i handsaminga. Bakgrunnen for dette er at ein ser at innspela mest truleg vil få motsegn mot seg frå sentrale styresmakter. Grovsorteringa vil òg lette vidare sakshandsaming for administrasjonen og soleis framskynde ferdigstilling av heile kommuneplanen. Innspela har blitt vurdert opp mot fem prinsipp for grovsortering fastsatt av politisk styringsgruppe for kommuneplan.
 

Prinsipp for grovsortering av innspel:

Innspel som klart bryt med gjeldande lovverk og statlege- og regionale føringar er ikkje ønskeleg. Vurdering vil bli gjort i kvar einskild sak.

Innspel i områder med reguleringsplan skal ikkje godkjennast. Områder i reguleringsplan kan handsamast dersom det gjeld særskilde enkeltsaker.

Innspel som råker dyrka jord er ikkje ønskeleg. Dersom eit innspel råker dyrka jord (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og beitemark) eller dyrkbar jord vil innspelet bli nøye vurdert opp mot samfunnsnytte. Unnatak kan gjerast i enkeltsakar etter særskilde vurderingar grunngitt i konsekvensutgreiing.

Kommunen vil ikkje opne for «omkampar» frå kommunedelplanen til Etnesjøen.

Dersom eit privat innspel ikkje er heilt i tråd med administrasjonen sine faglege tilrådingar,  kan administrasjonen endre utstrekning og/eller føremål. Det vil då verte administrasjonen sitt reviderte framlegg som vert vidare vurdert i konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse).

Innspel har blitt vurdert opp mot desse prinsippa og grovsortert på bakgrunn av det.


Informasjon om dei grovsorterte innspela finn ein her:

Vedtak - Politisk sak (PDF, 564 kB)

Liste grovsorterte innspel (PDF, 53 kB)

Utdjupande argumentasjon for grovsortering (PDF, 4 MB)


Det er ikkje mogleg å klage på ei avgjersle frå politisk styringsgruppe, men det vil vere mogleg å komme med merknader til arealdelen når den vert lagt ut til høyring.

Ynskjer ein informasjon ut over dette kan ein ta kontakt med kommunen på e-post eller telefon: 53758221.
 

_______________________

Kommuneplanen sin arealdel  - 24.04.2017

 

Etne kommune held for tida på med utarbeiding av ny kommuneplan arealdel. Kommuneplanen sin arealdel viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Det er gitt at kommuneplanen skal angi hovudtrekka i arealdisponering og rammer og føresetnadar for kva slags nye tiltak og ny arealbruk som kan settast i verk, samt kva slags viktige omsyn som må følgjast ved disponeringa av areala.  Kommuneplanen sin arealdel skal omfatte plankart, føresegner og planomtale der det kjem fram korleis nasjonale mål og rettingsliner, og overordna planar for arealbruk er følgd. Sjå fullstendig lovheimel her.

 

Sentralt i arbeidet er planlegging for bustader, fritidsbustader og næring. Dette er alle områder som krev grundig og nøyaktig planlegging. I all planlegging er Etne kommune pålagt å rette seg etter nasjonale mål og rettingsliner, samt regionale planar. Ei oversikt over rammer for planarbeidet finn du her: «Rammer for planarbeidet». (PDF, 197 kB)

Som nemnd skal arealdelen vise samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Drivaren for framtidig samfunnsutvikling i Etne kommune er den nye samfunnsdelen til kommuneplanen. Samfunnsdelen blei vedteken i desember 2016 og tek stilling til langsiktige utfordringar og mål for heile kommunesamfunnet og kommunen som organisasjon. Meir informasjon, og sjølve samfunnsdelen, finn du her. Sjå særleg kapittel 10 i samfunnsdelen som omhandlar konkrete føringar for arealbruken i kommunen.

 

Det har vore opna for innspel til planen ved to anledningar tidlegare. Arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel har til no vore prioritert noko høgare enn arealdelen, då samfunnsdelen er eit heilt naudsynt styringsverktøy for utforminga av arealdelen.

 

Framover vil de kunne oppleve at det ved jamne mellomrom vil komme oppdateringar på denne sida.

 

Følg med oss!

 

Om de ynskjer meir informasjon ta kontakt med kommunen på epost eller tlf. 53758221