Kulturmiljøplan

  1. Forord
  2. Viktige omgrep og definisjonar
  3. Del 1 Innleiing
    1. 1.1. Kvifor skal me ha ein kulturmiljøplan?
    2. 1.2. Nasjonale mål for forvaltninga av kulturminne
      1. 1.2.1. Hovudmål
      2. 1.2.2. Delmål
    3. 1.3. Om planarbeidet
      1. 1.3.1. Avgrensing
      2. 1.3.2. Status for kulturminne og registreringar i Etne
      3. 1.3.3. Kva er det lagt vekt på i planen?
      4. 1.3.4. Klassifisering
      5. 1.3.5. Oppbygging av planen
      6. 1.3.6. Kjeldebruk
      7. 1.3.7. Samanheng med kommuneplanen
      8. 1.3.8. Samanheng med andre planar
      9. 1.3.9. Utfordringar framover
    4. 1.4. Aktørar og ansvarsdeling i kulturminnevernet
      1. 1.4.1. Etne kommune sitt ansvar og rolle
      2. 1.4.2. Eigarar av kulturminne
      3. 1.4.3. Dei frivillige organisasjonane
      4. 1.4.4. Musea
      5. 1.4.5. Fylkeskommunen
      6. 1.4.6. Statleg mynde og ansvar
      7. 1.4.7. Lovverk: Plan- og bygningslova og kulturminnelova
  4. Del 2 Kunnskapsgrunnlaget
    1. 2.1. Kulturminne og kulturmiljø i historisk og tematisk samanheng
    2. 2.2. Historisk oversyn
    3. 2.3. Kulturminne frå før reformasjonen / Arkeologiske kulturminne
      1. 2.3.1. Terrasselandskapet i Etne
      2. 2.3.2. Gravminne
      3. 2.3.3. Helleristningar
      4. 2.3.4. Bautasteinar og steinkrossar
      5. 2.3.5. Bygdeborger
      6. 2.3.6. Vardar og vetar
      7. 2.3.7. Ferdslevegar
      8. 2.3.8. Klebersteinsbrot
      9. 2.3.9. Kyrkjestader
      10. 2.3.10. Gjenstandar frå forhistorisk tid
    4. 2.4. Nyare tids kulturminne (etter reformasjonen)
      1. 2.4.1. Handels- og gjestgjevarstader, tettstader
      2. 2.4.2. Kulturminne i landbruket sitt kulturlandskap
      3. 2.4.3. Kulturminne i fjellet
      4. 2.4.4. Bruken av vassdraga
      5. 2.4.5. Industri, handverk og småindustri
      6. 2.4.6. Sjøbruk
      7. 2.4.7. Kommunikasjon og samferdsle
      8. 2.4.8. Tru og kyrkje
        1. 2.4.8.1. Kyrkjene i Etne
        2. 2.4.8.2. Bedehus
      9. 2.4.9. Bergverk og gruveverksemd
      10. 2.4.10. Reiseliv
      11. 2.4.11. Offentlege bygg
      12. 2.4.12. Organisasjonsliv og forsamlingshus
      13. 2.4.13. Kulturminne knytt til personar og historier
      14. 2.4.14. Forsvars- og krigsminne
      15. 2.4.15. Kulturminne frå etterkrigstida
  5. Del 3 - Planforslaget
    1. 3.1. Grunnlag for prioriteringar
    2. 3.2. Eksterne planar og rapportar som omfattar kulturminne i Etne
      1. 3.2.1. Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA)
      2. 3.2.2. Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger
      3. 3.2.3. Regional kulturplan
      4. 3.2.4. Konsekvensutgreiing E134 Bakka-Solheim Kulturminne
    3. 3.3. Forvaltning av kulturminne
      1. 3.3.1. Arkeologiske kulturminne
      2. 3.3.2. Nyare tids kulturminne
      3. 3.3.3. Forvaltning av freda og listeførte kyrkjer
      4. 3.3.4. Kva saker skal sendast til fylkeskommunen?
    4. 3.4. Registrerte kulturminne - verdisetting og verdivekting
      1. 3.4.1. Automatisk freda kulturminne
      2. 3.4.2. Vedtaks- og forskriftsfreda kulturminne i Etne
      3. 3.4.3. Registrert i Askeladden, men ikkje freda
      4. 3.4.4. Prioriterte kulturminne i kulturmiljøplanen - verneklassar
      5. 3.4.5. Kriterium som ligg til grunn for verdivurderinga:
      6. 3.4.6. Forvaltning av kulturminne i verneklassane A – C:
    5. 3.5. Verkemiddel for vern av kulturminne
  6. Del 4
    1. 4.1. Innsats overfor eigarar av kulturminne
      1. 4.1.1. Informasjon
      2. 4.1.2. Rådgjeving og kunnskapsformidling
      3. 4.1.3. Økonomiske verkemiddel
      4. 4.1.4. Andre verkemiddel
    2. 4.2. Bruk og formidling
      1. 4.2.1. Vern gjennom bruk
      2. 4.2.2. Kulturminne som del av samfunns- og næringsutvikling
      3. 4.2.3. Tilgjenge og formidling
      4. 4.2.4. Nettstader med oversikt over kulturminne
    3. 4.3. Tiltak
      1. 4.3.1. Tiltaksplan - vedlegg 7
      2. 4.3.2. Rullering
    4. 4.4. Konsekvensar
      1. 4.4.1. Ressursar og økonomi i kommunen
      2. 4.4.2. Konsekvensar for eigarane
  7. Kjelder og bakgrunnsmateriale
  8. Vedlegg
    1. 1 Arkeologiske kulturminne
    2. 2 Retningsliner
    3. 3 Oversikt over omsynssoner (klasse A)
    4. 4 Liste over verneverdige kulturminne (klasse B)
    5. 5 KULA-rapport
    6. 6 Kart
    7. 7 Tiltaksplan

Del 1 Innleiing

Kulturminne er i vidaste forstand alle spor etter menneske i vårt fysiske miljø. Også naturelement som det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til, er eller kan inngå som del av eit kulturminne. Kulturminne og kulturmiljø er ein del av vårt kollektive minne, og med rett forvalting og bruk fungerer dei som viktige miljø- og identitetsskapande element. Dei representerer både miljømessige, kulturelle, sosiale og økonomiske verdiar. Det er likevel ikkje mogleg, og heller ikkje eit mål, å ta vare på alt. I staden bør ein sikra eit representativt utval av kulturminne som viser det typiske og særmerkte for vår kommune frå ulike epokar, sosiale lag, næringar og etter ulik byggjeskikk og arkitektur. 

Etter oppmoding og tilrettelegging frå Riksantikvaren blir det laga kulturmiljøplanar i kommunar over heile landet. Målet er at alle kommunar skal ha ein slik plan. Riksantikvaren og Hordaland Fylkeskommune har støtta arbeidet økonomisk. Gjennom det såkalla KIK-prosjektet (Kulturminne i kommunen) har Riksantikvaren arbeidd for å auka kulturminnekompetansen i kommunane. Lokal kompetanse er ein føresetnad for at kommunane skal kunna ta det ansvaret dei er pålagt om å forvalta kulturminne frå tida etter reformasjonen.

Ved å samla informasjon om kulturminne i kommunen, og evaluera og prioritera desse, skal kulturmiljøplanen bidra til at Etne kommune har ein strategi for forvaltning av, og grunnleggjande kunnskap om, dei viktigaste kulturminna. 

Kart over registrerte kulturminne - Klikk for stort bildeDet er registrert svært mange kulturminne i Etne kommune. Trekantane markerer bygningar og restar av bygningar registrert i SEFRAK. Raud trekant betyr at kulturminnet er frå før 1850, medan grå trekant markerer tufter og ruinar.


I planen er det lagt vekt på å syna breidda i kulturminnetilfanget, slik at det speglar alle sider av historia, ved å setja kulturminne og kulturmiljø inn i ein tematisk samanheng: Landbruk og sjøbruk, vassdrag, samferdsle, religion, industri og handverk, offentleg verksemd, organisasjonsliv og krigshistorie. Kulturminne som har ei særleg sentral rolle i utviklinga og er særprega for Etne, er tillagt stor vekt. Det gjeld mellom anna særleg verdifulle arkeologiske kulturminne, kulturminne knytt til landbruk og kulturlandskap, og mellomalderkyrkjene. Også kulturminne frå etterkrigstida er omtala, men i mindre omfang. Det er òg lagt vekt på å omtale og prioritere kulturminne frå alle delar av kommunen i planen. Likevel er ikkje dei prioriterte kulturminna jamt fordelte over heile kommunen, då hovudvekta er lagt på kulturminneverdien.
Planen byggjer hovudsakleg på tidlegare registrert materiale som SEFRAK-registeret og Riksantikvaren sitt register over freda kulturminne, Askeladden.  I samband med planarbeidet er ein del av dette materialet gjennomgått for å sjå kva som er status for dei registrerte kulturminna i dag. I tillegg er kulturminne som ikkje har vore omfatta av tidlegare registreringar tatt med, i den grad ein har oversikt over dei. I verdivurderinga er kulturminne som dannar heilskaplege miljø prioritert. Det er prioritert å få eit heilskapleg oversyn over kulturminnetilfanget i kommunen og peika ut nokre særleg verdifulle kulturmiljø framfor å gå i djupna på historia til kvart einskilde kulturminne.

Verkemiddelet som er nytta for å sikra eit utval av kulturminne som representerer historia til kommunen er omsynssoner som blir forvalta etter plan- og bygningslova. Det er viktig å understreka at dette gjeld for ein liten del av kulturminna. Alt kan eller skal ikkje vernast, og dei aller fleste kulturminna som er registrerte, har ingen formell vernestatus. 

Planen tek utgangspunkt i dei kulturminna me kjenner til per i dag, men gjev ikkje ein komplett oversikt. Nye kulturminne vil bli registrerte etter kvart som me blir gjort kjende med dei, og eventuelt tekne inn i planen i samband med rullering. Annan kunnskap vil òg påverka vurderingane av verneverdi, som truleg vil endra seg over tid.
 

1.1. Kvifor skal me ha ein kulturmiljøplan?

Kulturminne og kulturmiljø er viktige ressursar og eit felles gode. Kulturminne er ei kjelde til kunnskap, opplevingar, grunnlag for verdiskaping og styrking av identitet og fellesskap. Det er difor viktig å vera medvitne om eiga historie og ta vare på verdifulle spor heilt frå dei tidlegaste tider og fram til i dag. Dette er viktige verdiar å ta med på vegen mot eit berekraftig samfunn.

Kulturminne er ein ikkje-fornybar ressurs. Det som ikkje blir bevart, går tapt for alltid. Utan oversikt over kva me har, og ut frå det ei vurdering av kva som har spesiell verdi for oss, veit me ikkje kva me skal prioritera å ta vare på. Det er ikkje fullt ut mogleg i dag å vita kva som blir verdsett og rekna som verneverdig i framtida. Likevel vil dei vala me gjer i dag, få følgjer for dei som kjem etter oss. 

Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og takast vare på som bruksressursar og grunnlag for kunnskap, opplevingar og verdiskaping. Desse ressursane skal forvaltast til beste for den einskilde, samfunnet og framtidige generasjonar, på ein berekraftig måte. Om ein skal lukkast i å ta vare på kulturmiljø må det òg bli tilpassa dei endrings- og utviklingsbehova som oppstår. Å leggja til rette for vern gjennom bruk er ei viktig målsetjing i dette arbeidet.

Identifisering av viktige kulturminne og kulturmiljø i ein lokal kulturmiljøplan blir eit viktig kunnskapsgrunnlag i den samla forvaltninga av kulturminne i kommunen. Kulturmiljøplanen kan bidra til å samla kunnskapen og styrka medvitet om temaet, slik at kulturminne blir gjort kjend og brukt. Det er forventa at kommunane brukar Plan- og bygningslova til å verne kulturminne og kulturmiljø ved å gje dei omsynssoner i arealdelen til kommuneplanen. God oversikt over eigne kulturminne, og ein medviten og målretta forvaltning av dei, vil bidra til å redusera talet på motsegner i plan- og byggjesaker og gje ei føreseieleg forvaltning for både kommunen og eigarane. 
 

1.2. Nasjonale mål for forvaltninga av kulturminne

Den overordna kulturminneforvaltninga i Norge er lagt til Klima- og miljødepartementet, ved Riksantikvaren. I den nye stortingsmeldinga om kulturmiljø (2019 – 2020) er det sett opp følgjande overordna nasjonale mål for kulturmiljøpolitikken: 

  • Alle skal ha moglegheit til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.
  • Kulturmiljø skal medverka til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging.
  • Eit mangfald av kulturmiljø skal bli tatt vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.

I meldinga er omgrepet «kulturmiljø» innført som eit samleomgrep som dekker omgrepa «kulturminne, kulturmiljø og landskap» og blir nytta når desse blir omtala som ein heilskap. Det er lagt vekt på heilskap og samanheng i forvaltninga av kulturmiljø. Kulturmiljøpolitikken skal ha ei tydeleg tilknyting til klima- og miljøpolitikken. Klimapåverknad og klimatilpassing er tema som har blitt stadig viktigare etter som klimaendringane aukar belastninga på kulturmiljøet.

Berekraftmåla:

Medlemslanda i FN har vedteke 17 mål for berekraftig utvikling fram mot 2030. Berekraftsmåla ser utvikling som gjeld miljø, sosiale tilhøve og økonomi i samanheng. Dei gjeld for alle land og er eit vegkart for den globale innsatsen for ei berekraftig utvikling. Måla er universelle og legg føringar for alle politikkområde, inkludert kulturmiljøpolitikken. Berekraftig utvikling inneber ei samfunnsutvikling der dagens behov skal dekkast utan å øydeleggja framtidige generasjonar sitt høve til å få dekka sine behov. Innsats for å verne om og sikre kulturarva i verda er omtala i delmål  11.4:  Styrke innsatsen for å verne om og sikre verdens kultur- og naturarv.

Også andre av delmåla kan knytast til vern og bruk av kulturarva:
12.b: Utvikle og innføre metoder for å overvåke konsekvensene av en bærekraftig utvikling på en turistnæring som er bærekraftig, skaper arbeidsplasser og fremmer lokal kultur og lokale produkter.
8.9: Innen 2030 utarbeide og iverksette politikk for å fremme en bærekraftig turistnæring som skaper arbeidsplasser og fremmer lokal kultur og lokale produkter.

 

1.2.1. Hovudmål

Målet med kulturmiljøplanen, slik det er formulert i planprogrammet, er å auka kunnskapen om lokale kulturminne i Etne, og å få eit godt grunnlag for ein heilskapleg kulturminneforvaltning. Dette skal ein oppnå ved å:
- Gå igjennom registrerte kulturminne
- Gjera ei verdivurdering av dei registrerte objekta 
- Utarbeida ein forvaltningsplan/handlingsplan for lokale kulturminne
- Sikra eit sterkare vern for særleg verdifulle objekt som i dag har eit svakt juridisk vern
 

1.2.2. Delmål

- Synleggjera verdien av lokale kulturminne, og auka kunnskapen om korleis dei kan forvaltast, både av det offentlege og av private.
- Ta vare på viktige kulturhistoriske verdiar og sjå dei som ein ressurs.
- Leggje til rette for vern gjennom bruk.

Bruk av kulturminne vil vera ein ressurs i samfunnsplanlegginga, mellom anna på område som næringsføremål, reiseliv/turisme og utvikling av kulturtilbod. 
 

1.3. Om planarbeidet

Det er eit nasjonalt mål at alle kommunar skal ha ein kulturmiljøplan. Riksantikvaren støttar planarbeidet økonomisk  gjennom prosjektet Kulturminne i kommunen (KIK). Etne kommune har fått tilskot i to omgangar i perioden 2013 - 2016, til saman kr 200 000. Planen er med i den vedtekne planstrategien til Etne kommune for perioden 2020 - 2024. Oppstart av planarbeidet vart vedteke i driftsutvalet 11.11.2020, sak 039/20.

Driftsutvalet er politisk styringsgruppe for arbeidet. Det er oppnemnt ei administrativ arbeidsgruppe som har følgt planarbeidet i prosjektperioden og bidrege med innspel. I tillegg har eksterne faginstansar, frivillige organisasjonar og privatpersonar blitt nytta som referansegruppe i planarbeidet. Medverknad er elles sikra gjennom offentleg høyring av planprogram og planutkast.

Til grunn for planarbeidet ligg SEFRAK- registeret og Riksantikvaren sitt register over freda kulturminne, Askeladden, saman med eit rikt lokalhistorisk materiale som gjev brei kunnskap om kulturhistorie og kulturminne i kommunen. Dette omfattar både forskingsartiklar og studentoppgåver, bygdebøker, offentlege utgreiingar og rapportar, og lokalhistoriske bøker og artiklar. I denne samanhengen er boka "Kulturhistorisk vegvisar. Etne" (2001) ei særleg verdifull kjelde og sentral referanse.

I planprogrammet er det vedtatt at kulturmiljøplanen skal ha status som kommunedelplan, og omfatta kulturminne i heile kommunen. Planen skal vera forankra i samfunnsdelen av kommuneplanen. For å sikra kulturminne og kulturmiljø etter plan- og bygningslova, må desse følgjast opp i reguleringsplanar, og takast med i kommuneplanen sin arealdel.  Planen skal innehalda ein handlingsdel med tiltak for gjennomføring av målsetjingane i planen innanfor kommuneplanperioden. 
 

1.3.1. Avgrensing

Kulturminneomgrepet omfattar i vidaste forstand alt menneske har skapt av både faste og lause gjenstandar, spor i landskapet, historier, språk og kultur. Med ei så vid definisjon har me meir kulturminne jo nærare vår eiga tid me kjem. Det er oftast vanskeleg å vurdera den framtidige verneverdien av det som høyrer til vår eiga tid.  Difor er ei avgrensing av omfang og tema for planen viktig. 

Kulturmiljøplanen for Etne omfattar i hovudsak faste kulturminne, det vil seie bygningar og anlegg som er jordfaste. Det er lagt særleg stor vekt på å få ein god oversikt over kulturminne frå tida etter reformasjonen, både fordi kommunen har ansvar for å forvalte desse og fordi det manglar ein systematisk vurdering av verneverdien av etterreformatoriske kulturminne. Men med utgangspunkt i den viktige rolla arkeologiske kulturminne i Etne har for lokal og nasjonal historie, har også desse ein sentral plass i planen.

Elles er det ikkje sett nokon endeleg avgrensing i tid, men omfanget av registreringar og omtalar minkar når me kjem nærare vår eiga tid. Fram til rundt år 1900 er ein stor del av bygningar og anlegg registrert. Frå tida mellom 1900 og 1945 er det tatt med kulturminne som representerer si tid eller spesielle tema på ein historisk leseleg måte. Frå etterkrigstida er det tatt med døme på kulturminne som er typiske for si tid, men det er ikkje gjort nokon systematisk kartlegging av kulturminne frå denne perioden. Kva som har verdi som kulturminne ut over dette, vil det i framtida vera ein kontinuerleg prosess å ta stilling til, mellom anna i samband med revisjon og rullering av planen og handlingsprogrammet. Det er lagt vekt på å framheva kulturminnetypar som er særprega for Etne eller har vore særleg viktige for utviklinga i området.

Ei avgrensing vil òg seie at det er mykje planen ikkje omfattar. Dette gjeld mellom anna lause kulturminne, båtar, stadnamn, segner (med unnatak for segner som er knytt til faste kulturminne) og historier om einskildmenneske og levemåtar. Når desse områda ikkje er med er det ikkje fordi dei ikkje blir sett på som viktige, men fordi det er nødvendig å avgrensa omfanget av planarbeidet. Mykje av den immaterielle kultursoga er godt dokumentert andre stader, som i bygdebøkene, Kulturhistorisk vegvisar, fotosamlingar og -bøker og årbøkene til Etne sogelag. Mykje lokalhistorisk materiale er samla, men ikkje systematisert, i Etne lokalhistoriske arkiv. Her er det behov for at det blir sett av ressursar til eigne tiltak for å organisera arkivet og gjera det tilgjengeleg for publikum.
 

1.3.2. Status for kulturminne og registreringar i Etne

Riksantikvaren sitt register over freda kulturminne, Askeladden, omfattar per i dag 310 lokalitetar med automatisk freda arkeologiske kulturminne i Etne. Dei fleste lokalitetane inkluderer fleire einskildobjekt. Stødle kyrkje er den einaste ståande bygningen som er automatisk freda. I Askeladden er det òg registrert vedtaksfreda og forskriftsfreda kulturminne, og ei rekkje kulturminne som ikkje har nokon formell vernestatus. Gjerde, Grindheim og Skånevik kyrkjer er listeførte hos Riksantikvaren, men ikkje freda. Delar av Stødleterrassen er mellombels freda. 

SEFRAK-registeret for Etne omfattar 2130 bygningar og restar etter bygningar. Størstedelen av desse er frå før 1900, men i sentrumsområda er òg ein del bygningar fram til rundt 1950 med. For nokre av registreringane manglar ein informasjon om alder. Opplysningane i registeret er hovudsakleg henta frå munnlege kjelder og ofte ikkje dokumenterte på annan måte.

Registreringane er gjort over ein lang periode, mellom 1978 og 2001. Av det totale talet på registreringar  var om lag 770 ruinar på registreringstidspunktet, medan om lag 140 er registrert av kommunen som rivne etter dette. Det finst òg ein del bygningar og tufter som fell inn under definisjonen for registeret som ikkje er med. Mellom anna manglar ein registreringar for nokre område på nordsida av Åkrafjorden, og for nokre veglause bruk eller bygningar andre stader i kommunen. 

Under arbeidet med kulturmiljøplanen er SEFRAK-registeret gjennomgått for at ein skal få ein viss oversikt over kor stor del av dei registrerte objekta som framleis finst, og kva tilstand dei er i. Det er ikkje gjort systematiske nyregistreringar i felt, men ein gjennomgang ved hjelp av flyfoto syner at langt fleire bygningar enn det som er fanga opp i matrikkelen er borte. Det vart registrert rundt 1360 ståande bygningar, og om lag av desse 900 står framleis. Det vil seie at rundt 460, eller vel ein tredjedel av bygningane, har gått tapt sidan registreringa. Ein del av desse er tapt i løpet av registreringsperioden, men ein stor del av dei har blitt borte på 2000-talet. 

Av dei 900 attverande bygningane er ca. 675 frå før 1900. Av dei igjen er det berre ein liten del som er i ein tilstand som gjer at dei er vurdert som verneverdige.

Anlegg som ikkje er bygningar frå tida 1537 – 1900, og kulturminne frå tida etter 1900, er ikkje systematisk registrert. I samband med planarbeidet er det registrert ein del kulturminne som er omtala i ulike kjelder.

Ulike sektorplanar, som Telenors verneplan og Nasjonal verneplan for statens vegvesen har òg med kulturminne frå Etne. Eit stort område rundt Etne sentrum er registrert i Riksantikvaren sitt KULA-register (Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse). Desse er gjort nærare greie for under respektive tema. Særleg verdifulle kulturmiljø er føreslått sikra med omsynssone. 

1.3.3. Kva er det lagt vekt på i planen?

Planen handlar for ein stor del om nyare tids kulturminne (etter 1536), som det er kommunen sitt ansvar å forvalte. Kulturminne som er freda etter kulturminnelova blir forvalta av Riksantikvaren og fylkeskommunen. Desse har blitt systematisk kartlagde over lang tid, og har eit sterkt vern. For nyare tids kulturminne manglar me ein samla oversikt og vurdering av verneverdien, og dette er noko av det ein ønskjer å oppnå med planen.

Dei viktigaste før-reformatoriske kulturminna er omtala i eit eige kapittel. Sjølv om kommunen ikkje har forvaltningsansvaret for dei, er desse kulturminna ein så stor og viktig del av historia i Etne at ein har vald å gje eit utval av dei ein sentral plass i planen. Kommunen si oppgåve i samband med arkeologiske kulturminna er først og fremst knytt sakshandsaming etter plan- og bygningslova, men kommunen har òg eit ansvar for å formidla desse kulturminna til publikum.

Der ein i kulturminnevernet tidlegare har vore opptatt av einskildobjekt, er fokus i dag i større grad på miljø. Det vil seie at eit einskildobjekt blir vurdert å ha høgare verdi dersom det er del av eit heilskapleg miljø, enn om det ikkje lenger er del av den opphavlege samanhengen. Dermed kan òg bygningar og anlegg som i seg sjølv ikkje har høg verneverdi bli viktige som del av ein heilskap. Det er òg lagt vekt på å prioritere kulturminne som har ei særleg sentral rolle i den lokale kulturhistoria, eller som er spesielle for Etne.

Val av tema

I den kulturhistoriske oversikten, som dannar hovuddelen av plandokumentet, er det tatt utgangspunkt i temakategoriar som er nytta i rettleiingsmateriell frå Riksantikvaren og i planar for andre kommunar. Det er gjort ein del lokale tilpassingar, og utvalet av kulturminne som er prioritert i planen speglar dette. Det er eit mål at planen skal dekke heile breidda av kulturminne i kommunen, både sosialt, geografisk og tematisk. For nokre typar kulturminne, som til dømes kulturminne knytt til fiske, ferdslevegar og kulturminne i fjellet, er det behov for betre kartlegging. Sidan målet med planen først og fremst er å få ein god oversikt og forvaltning av dei kulturminna me har i dag, kan det vera sider av historia som i liten grad er omtala fordi me manglar fysiske spor etter dei. 
 

1.3.4. Klassifisering

I samband med gjennomgang av det registrerte materialet er det gjort ei vurdering av verneverdien for kvart einskild kulturminne og kulturmiljø. Kva kriteria som ligg til grunn for desse vurderingane er det gjort nærare greie for i del 3 av planen.

Ved vurdering av verneverdi nyttar kulturmiljøforvaltninga i Norge tre hovudkategoriar: Kunnskap, oppleving og bruk, med ei rekkje underkategoriar. I konkretiseringa av verneverdien for det einskilde kulturminnet er desse nytta som utgangspunkt, medan verneklassar og definisjonane av dei er utarbeidd lokalt med utgangspunkt i erfaringar frå andre kommunar. Klassifisering og verdikriterium er nærare omtala i kap. 3.4.

1.3.5. Oppbygging av planen

I del 1 er det gjort greie for bakgrunnen for planarbeidet, kva metodar som er brukt og kva som er målet med arbeidet. I del 2 blir kulturminne og kulturmiljø sett inn i ein historisk og tematisk samanheng. Dette er kunnskapsgrunnlaget som det vidare planarbeidet byggjer på.

Det er vald å dela inn planen etter tema, og ikkje geografi. Dette er i samsvar med praksis i andre kommunar og på regionalt og nasjonalt nivå. Det gjev òg ei meir samla oversikt over dei ulike kategoriane av kulturminne som finst i kommunen, og sikrar at heile breidda av kulturminnetypar blir omfatta av planen. Det er likevel lagt vekt på å omtale og prioritere kulturminne og kulturmiljø frå alle delar av kommunen.

Det er knytt døme til kvart tema som er omtala. Det at eit kulturminne står nemnt i temaplanen, betyr ikkje nødvendigvis at det har ein vernestatus.  Det er nemnt døme på ulike kulturminne under kvart tema, medan verna og verneverdige kulturminne er lista opp vedlegga til del 3. Her er det korte omtalar av dei høgast prioriterte kulturmiljøa i kommunen (omsynssoner for kulturminne i klasse A), og  lister over verneverdige kulturminne og kulturmiljø (klasse B). Omsynssonene blir kartfesta og går inn som del av arealdelen i kommuneplanen.  Det er òg viktig å presisera at mange kulturminne kan ha ein verneverdi sjølv om dei ikkje er prioriterte for kommunalt vern. Dei prioriterte kulturminna er meint å vera eit representativt utval av det total kulturminnetilfanget, noko som betyr at dei fleste kulturminne framleis ikkje vil ha nokon formell vernestatus. 

Siste del av planen tek for seg lovverk, plangrunnlag og kommunen sin forvaltning av kulturminne – rutinar, retningsliner og føresegner, og til slutt ein handlingsplan med konkrete tiltak. 
 

1.3.6. Kjeldebruk

Arbeidet med kulturmiljøplanen har i stor grad bestått i å samla og systematisera informasjon som alt er tilgjengeleg. Det finst svært mykje lokalhistorisk materiale frå Etne, både trykt form og på nett, som er nytta som bakgrunnsmateriale. Særleg boka Kulturhistorisk vegvisar for Etne, som vart utgitt av kommunen i 2001, er ei viktig kjelde. Denne boka dekker såpass mykje av det som er tema for kulturmiljøplanen at ein ikkje har sett det som nødvendig å ta med utfyllande historisk bakgrunnsinformasjon for kvart tema i plandokumentet. I staden blir det vist til vegvisaren (forkorta KVE). I tillegg er bygdebøkene for Etne og Skånevik, og årbøkene til Etne sogelag (ESÅ), viktige referansar. 

Referansar til skriftlege kjelder er oppgitt. Elles byggjer planen på materiale som er blitt kjend i samband med dei ulike registreringane som er gjort. Dei fleste opplysningane om dei einskilde bygningane er henta frå Askeladden og SEFRAK-registeret. Bilete er kommunen i si eige der ikkje anna er opplyst.

1.3.7. Samanheng med kommuneplanen

Samfunnsdelen til gjeldande kommuneplan er frå 2016, medan arealdelen er frå 2003. I samfunnsdelen er det lagt vekt på at kommunen skal arbeida for formidling av kulturarva og oppbygging av frivillig kulturarbeid. Det er få konkrete målsetjingar som gjeld fysiske kulturmiljø, men kulturmiljøplanen kan forankrast i punkt 10.3: Det skal gjerast særskilde vurderingar av omsynssoner knytt til kulturminne, viktige naturtypar, avgrensing av utbyggingsområde i strandsona (funksjonell strandsone) og kjerneområde landbruk. Kulturmiljøplanen har status som kommunedelplan og går såleis inn som del av kommuneplanen.

Punkt som direkte eller indirekte vedkjem kulturminne:
3.6 Kommunen byggjer opp om frivillig arbeid kring kulturen og er positiv til private initiativ. Initiativ til å ta vare på, og formidle, kulturhistoria og frivillig arbeid for uorganisert ungdom er særleg ynskte tiltak.
3.7 Me arbeider for vidareformidling og opplysningsarbeid for den kulturelle arven. Barn og unge er særleg målgrupper for formidlingsarbeidet. 
5.5 Etne kommune er ein viktig reiselivskommune. I områda kring Åkrafjorden skal særleg omsyn til turistnæringa vektleggjast høgt, både fordi det er ei viktig næring lokalt, men òg fordi områda er viktige på regionalt og nasjonalt nivå.
10.15 Gjera krav til estetikk tydelege. Fremje landskaps- og estetiske omsyn som er viktige for identitet og kulturhistorisk forståing. Me skal innarbeida estetiske føringar i arealdelen.

I dag er det sikringssoner for kulturmiljø (spesialområde etter plan- og bygningslova) i sentrumsområda der det er laga reguleringsplan. Omsynssoner for kulturminne og kulturmiljø som blir vedtekne som del av kulturmiljøplanen blir del av arealdelen til kommuneplanen. Det er i hovudsak Plan- og bygningslova som ligg til grunn for kommunen sin forvaltning av nyare tids kulturminne, medan kulturminne frå før reformasjonen òg er regulert av kulturminnelova. Det er utarbeidd eigne retningsliner til omsynssonene i samsvar med Plan- og bygningslova. Dei vedtekne omsynssonene vil òg bli lagt til grunn når det skal utarbeidast nye reguleringsplanar og områdeplanar.

1.3.8. Samanheng med andre planar

Ei rekkje nasjonale og regionale planar omfattar òg kulturminnefeltet: 

Nasjonale planar som omfattar kulturminnevern:
NOU 2002: Fortid former framtid – Utfordringar i ein ny kulturminnepolitikk
Meld. St. 16 (2019 – 2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken. Engasjement, bærekraft og mangfold

Regionale planar og rapportar:
Regional kulturplan for Hordaland 2015-25
Regional planstrategi for Vestland fylke
Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger, vedtatt 2017
Regional plan for attraktive senter i  Hordaland 2015-2026
Klimaplan for Hordaland 2014 - 2030
Fylkesdelplan for små vasskraftverk i Hordaland 2009-2021
Regional plan for areal og transport på Haugalandet
Konsekvensutgreiing E134 Bakka-Solheim Kulturminner (2015)

Sektorvise verneplanar:
Telenor verneplan
Statens vegvesen sin landsverneplan
NVEs utvalgte kulturminner/Temaplan Kulturminner i vassdrag

Kommunale planar:
Kommuneplan for Etne kommune 2016-2026, samfunnsdelen.
Plan for idrett og fysisk aktivitet, arbeid med ny plan er starta opp.
Planstrategi for Etne kommune 2020-2024
Folkehelseoversikt Etne kommune 2020
Temaplan for Den kulturelle skulesekken
 

1.3.9. Utfordringar framover

Ei oppsummering etter gjennomgangen av SEFRAK-registeret viser at over 30 prosent av dei ståande bygningane har gått tapt sidan registreringane starta. For registrerte ruinar manglar me sikre tal. At rundt ein tredjedel av bygningane er borte viser likevel berre ein liten del av biletet. Eit stort tal kulturminne er truga av forfall, og svært mange av desse vil truleg gå tapt i løpet av dei næraste åra om det ikkje vert sett inn særlege tiltak. Det er viktig å vera merksam på at modernisering og omfattande utskiftingar (av tak, kledning, vindauge, dører osb.) på verneverdige bygningar òg kan redusera kulturminneverdien. Her er det behov for tiltak for å styrka kunnskapen om kulturminne, sikra god tilgang på fagleg rettleiing, og fremja bruk av økonomiske verkemiddel. Konkrete tiltak er foreslått i handlingsplanen (Del 4 med vedlegg).

Løe til nedfall - Klikk for stort bildeDet at bygningar går ut av bruk speglar utviklinga i samfunnet, og det er naturleg at nokre bygningar forsvinn medan nye kjem til. Med god kjennskap til kva me har og ei medviten haldning til kva som er verd å ta vare på kan ein sikra at ikkje viktige kulturminne går tapt.

Ei klassisk utfordring er avveginga mellom vern og utvikling. Kva skal prioriterast der kulturminne står i vegen for planlagde utbyggingar? Eit viktig mål med  kommunane sitt arbeid med kulturmiljøplanar er å førebyggja slike konfliktar. Det er ikkje tvil om at vern av kulturminne kan vera kontroversielt i mange samanhengar. Med ein systematisk oversikt over kulturminne kommunen vil prioritera å ta vare på kan omsynet til dei lettare samordnast med andre planar forkant, i staden for at kulturminne blir eit stridstema når planarbeidet alt er i gong. Likevel vil motstridande interesser koma til syne også i framtida. Nokre gonger kan kulturminneinteressene måtta vika for viktige samfunnsinteresser, men ofte vil ein òg kunna gjera tilpassingar som tek i vare begge omsyna. 

Også klimaendringane skapar utfordringar for kulturminnevernet. Kulturminne langs kysten er særleg utsette for havnivåstiging og ekstremvêr. Eit varmt og fuktig klima fører til at nedbrytinga av treverk går raskare, og kan òg gje auka attgroing som gjer det vanskelegare å ta vare på kulturminne i utmark.

Eitt av måla med planen er å sikra eit juridisk vern for verdifulle kulturminne som i dag har eit svakt juridisk vern. Men erfaringa viser at også verna kulturminne vil gå tapt. Dei fleste kulturminne er privat eigde, og uansett vernestatus er det avgjerande at eigarar ønskjer og har høve til å ta vare på kulturminna dei eig. Den største utfordringa for kommunen blir å leggja til rette for dette på ein god måte.
 

1.4. Aktørar og ansvarsdeling i kulturminnevernet

1.4.1. Etne kommune sitt ansvar og rolle

Kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å ivareta kulturminne og kulturmiljø. Kulturminne er uerstattelege verdiar, og det er eit stort ansvar for å forvalta desse på ein god måte. Dette krev at me har god oversikt over dei kulturminna som finst i kommunen, og kunnskap om verkemidla som kan brukast for å ta vare på dei. 

Kommunane har hovudansvaret for forvaltninga av nyare tids kulturminne, først og fremst gjennom handheving av plan- og bygningslova. Men kulturminneforvaltning handlar òg i stor grad om kunnskap og formidling. Lokalkunnskap er ein grunnleggjande føresetnad for å kunna finna gode løysingar i samarbeid med private eigarar av kulturminne. Kulturmiljøplanen skal vera ein reiskap både for forvaltninga og for formidling av kunnskap. Etablering av gode rutinar for handsaming av saker som gjeld kulturmiljø er eit viktig tiltak i oppfølginga av kulturmiljøplanen, sjå handlingsplanen.

Ansvaret  til for forvaltning av kulturmiljø må òg sjåast i samanheng med andre viktige samfunnsområde som folkehelse, friluftsliv, skule, reiseliv, landbruk og natur- og klimatiltak. Kulturmiljøfeltet er sektorovergripande og ansvar og oppgåver er plassert fleire stader i kommunen, med hovudvekt på kultur og plan/byggjesak. Felles kunnskap og forståing er sentralt for å sikre god forvaltning og prioriteringar i arbeidet med kulturarva.

Etne kommune er òg eigar av viktige kulturminne og kulturmiljø. Det er viktig at kommunen har oversikt over og kunnskap om dei kulturminna som skal forvaltast, slik at ein sikrar bruk og vedlikehald til beste for fellesskapet. Stødle kyrkje er døme på eit viktig kulturminne i kommunal eige. Eit anna døme er gamle skulebygg, som det finst mange av og som gjerne har ein meir uklår status og verdi.
 

1.4.2. Eigarar av kulturminne

Ein stor del av kulturminna er i privat eige, og bevaring er avhengig av eigar sin interesse, ressursar og engasjement. Samstundes er tilgangen på ressursar ofte den største utfordringa for private eigarar av kulturminne. Fordi eigarane ofte tek vare på kulturminneverdiar på vegner av fellesskapen, har det offentlege eit ansvar for å støtta dei i dette arbeidet. Moglegheiter og vilkår for dei som eig viktige kulturminne er nærare omtala i siste del av planen.

1.4.3. Dei frivillige organisasjonane

Mange frivillige organisasjonar har lokal historie og identitet som viktige arbeidsområde. Dei tek initiativ, har kunnskap og eit viktig engasjement for kulturminnevernet. Lokalt har me ei rekkje organisasjonar  som arbeider med formidling av lokal kulturarv. Det gjeld mellom anna Etne sogelag, Etne husflidslag, mållaga og Norsk Motormuseum.

Nasjonalt er det etablert fleire organisasjonar som gjer ein viktig innsats i arbeidet med kulturarva. Stiftinga Norsk kulturarv arbeider med haldningsskapande verksemd og inspirasjon, og deler ut kvalitetsmerket Olavsrosa. Fortidsminneforeningen er Europas eldste kulturvernorganisasjon, og er både eigar av kulturminne og pådrivar for offentleg og privat vernearbeid. Kulturvernforbundet er ein nasjonal paraplyorganisasjon som arbeider for å betra vilkåra for det frivillige kulturvernet. Landslaget for lokalhistorie og Forbundet Kysten er andre landsorganisasjonar med lokallag som er viktige aktørar i arbeidet med å formidla og forvalta kulturarva.

1.4.4. Musea

Sunnhordland Museum er regionalt ansvarsmuseum for alle dei åtte kommunane i Sunnhordland (Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes).

Museet dokumenterer regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Museet skal fremja interesse for kunnskap om fortida, og stimulera både innbyggarar og besøkande si interesse for regionhistoria. Sunnhordland museum forvaltar nær 50 antikvariske bygningar, og har administrasjonslokale i Leirvik på Stord. Museet forvaltar eigedomar i fleire av kommunane i regionen, og har sitt største museumstun, Sæbøtunet, i Etne. 

Museet tilbyr òg rådgivingstenester for innbyggarane i regionen innan bygningsvern, samlingsdrift, formidling og bevaring. Bygningsvernkonsulenten i Sunnhordland, som har kontorstad på museet, er dels tilsett ved museet og dels i fylkeskommunen, og bidrar med kompetanse både overfor kommunane og private eigarar av verneverdige bygningar.

Sæbøtunet, fleire gamle hus - Klikk for stort bildeSæbøtunet i sentrum av Etne er det største tunet til Sunnhordland museum.

 

 

 

Norsk Motormuseum i Skånevik blir drive av ei stifting i dei tidlegare produksjonslokala til Sunnhordland Mekaniske Verksted. Stiftinga blir driven på dugnad av aktive eldsjeler, og får driftstilskot av Etne kommune. Norsk Motormuseum vart stifta i 1986 og er først og fremst eit dokumentarmuseum over småbåtmotorar, men tek òg for seg andre tema som telegraf og handverk. I 2007 opna òg ei avdeling med utstilling knytt til sardinproduksjonen i Skånevik.

Universitetsmuseet i Bergen er utgravande instans og fagleg rådgjevar for fylkeskommunen og Riksantikvaren når det gjeld automatisk freda, arkeologiske kulturminne på land og undersøkinga av desse. Museet er òg samlingsforvaltar for lausfunn og har ansvar for kunnskapsproduksjon og formidling.
 

1.4.5. Fylkeskommunen

Fylkeskommunen er forvaltningsstyresmakt med myndigheit etter kulturminnelova og tek i vare ei rekkje statlege og regionale oppgåver innafor kulturminnevernet. I samband med regionreforma er oppgåver overført frå Riksantikvaren til Fylkeskonservatoren. 

Vestland fylkeskommune er i dag delegert kulturminnemynde både for automatisk freda kulturminne og kulturminne av nasjonal verdi. Målet er at omsyn til dei ulike kulturminneverdiane på beste måte skal sikrast gjennom lokal og regional arealplanlegging og skal danna eit viktig grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling*. 

Fylkeskommunen har ansvar for at kulturmiljø blir tatt omsyn til i samfunns- og arealplanlegginga. Dei gjev fråsegn til tiltak og planar som rører ved kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap av regional og nasjonal verdi, og har ansvar for å gjennomføra arkeologiske registreringar i plansaker. Ansvar for skipsfunn, fartøy med status som freda eller verna, dei fleste forskriftsfreda eigedomane, fleire tekniske og industrielle anlegg og ikkje-kyrkjelege mellomalderbygningar er lagt til fylkeskommunalt nivå frå 2020, i samband med regionreforma.

Fylkeskommunen forvaltar fleire tilskotsordningar knytt til kulturminnevern. For nokre av desse blir det stilt krav om at kommunar som søkjer skal ha vedtatt kulturmiljøplan. Fylkeskommunen gjev generell rettleiing og kan òg gje råd i einskildsaker om riving, vedlikehald eller ombygging av verneverdige bygningar. 

__________________________________________________________
* www.vestlandfylke.no

1.4.6. Statleg mynde og ansvar

Klima- og miljødepartementet har hovudansvar for utforming og oppfølging av den nasjonale kulturmiljøpolitikken. 

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltning med ansvar for gjennomføring av den statlege kulturminnepolitikken. I samband med regionreforma er nokre forvaltningsområde overførte til fylkeskommunalt nivå. Departementet tek endeleg avgjerd i plansaker ved motsegner. I tillegg har dei mynde til å gjera endringar i kommuneplanens arealdel i tilfelle der nasjonale interesser er sett til side. Riksantikvaren har ansvar for den nasjonale fordelinga av tilskotsmidlar til fylkeskommunane, og har forvaltningsansvaret for utvalde kulturmiljø av nasjonal verdi og av freda og listeførte kyrkjebygg.

Riksantikvaren har utarbeidd ein strategi for arbeid med kulturarv i kommunane. Her er dei nasjonale forventningane og tilrådingane til kommunane i arbeidet med kulturarv og kulturminnevern formulert. Arbeidet med kulturmiljøplanar i kommunane er del av denne strategien.

Dei fornminna som finst kring i bygdene er bygdefolket sine eigne fornminne. Det er lokalsamfunnet sine minnesmerke, ikkje antikvaren sine, muséet sine eller departementet sine. Det er soga om deg sjølv og ditt samfunn som går tapt når eit fornminne vert øydelagt. Det er dine eigne røter som vert rivne opp.

Svein Indrelid, professor ved Universitetet i Bergen, i Etne Sogelag Årbok 1997
 

1.4.7. Lovverk: Plan- og bygningslova og kulturminnelova

Følgjande lover er styrande for kulturminne: 

LOV 1978-06-09 nr 50: Lov om kulturminner (kulturminnelova)     
LOV 2007-06-29 nr 89: Lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova) 
LOV 2008-06-27 nr 71: Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova) 
LOV-2009-06-19-100: Lov om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldlova)

Kulturminnelova

Kulturminnelova blir forvalta av Riksantikvaren på nasjonalt nivå, og av fylkeskommunar, Sameting, arkeologiske landsdelsmuseum og sjøfartsmuseum på regionalt nivå. Eigne forskrifter gjer greie for ansvar og mynde for kvar av desse instansane. Alle kulturminne som er eldre enn 1537, og ståande byggverk frå før 1650, er automatisk freda gjennom kulturminnelova. Nyare kulturminne kan fredast gjennom einskildvedtak. På landsbasis er berre i overkant av 1 prosent av alle bygningar frå før 1900 freda gjennom einskildvedtak. Kulturminnelova skal etter planen erstattast av ei ny kulturmiljølov.

Plan- og bygningslova

Kommunane har ansvar for den lokale kulturminneforvaltninga gjennom handheving av Plan- og bygningslova (Pbl), § 20-1. Svært mange kulturminne er ikkje beskytta av kulturminnelova, og må takast hand om lokalt. Gjennom handheving av Plan- og bygningslova kan kommunane bidra til å gje særleg verdifulle kulturminne spesielt vern. Eit viktig verkemiddel i denne samanhengen er «Omsynssoner for kulturminne», med eigne retningsliner. 

Kulturlova

Etter kulturlova har offentlege styresmakter eit ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk. Dette inkluderer å verna om, fremja innsikt i og vidareføra kulturarv.

Naturmangfaldlova

Omsynet til kulturmiljøverdiar i verneområde er ivaretatt gjennom eigne føresegner i naturmangfaldlova. Ulike naturtypar har ofte samanheng med måten menneske har brukt dei gjennom tidene, og kan såleis ha kulturhistorisk verdi. Naturområde kan òg fredast etter kulturminnelova dersom naturmangfaldet har samanheng med kulturmiljøet. Verneforskrifter om naturreservat kan ha føresegner om vern av kulturminne.

Kyrkjeordning for Den norske kyrkja

Kyrkjelova blei erstatta av Trussamfunnslova 1. januar 2021. Forvaltning av kyrkjer er no underlagt Kyrkjeordning for Den norske kyrkja med biskopen som godkjenningsinstans.