Kulturmiljøplan

  1. Forord
  2. Viktige omgrep og definisjonar
  3. Del 1 Innleiing
    1. 1.1. Kvifor skal me ha ein kulturmiljøplan?
    2. 1.2. Nasjonale mål for forvaltninga av kulturminne
      1. 1.2.1. Hovudmål
      2. 1.2.2. Delmål
    3. 1.3. Om planarbeidet
      1. 1.3.1. Avgrensing
      2. 1.3.2. Status for kulturminne og registreringar i Etne
      3. 1.3.3. Kva er det lagt vekt på i planen?
      4. 1.3.4. Klassifisering
      5. 1.3.5. Oppbygging av planen
      6. 1.3.6. Kjeldebruk
      7. 1.3.7. Samanheng med kommuneplanen
      8. 1.3.8. Samanheng med andre planar
      9. 1.3.9. Utfordringar framover
    4. 1.4. Aktørar og ansvarsdeling i kulturminnevernet
      1. 1.4.1. Etne kommune sitt ansvar og rolle
      2. 1.4.2. Eigarar av kulturminne
      3. 1.4.3. Dei frivillige organisasjonane
      4. 1.4.4. Musea
      5. 1.4.5. Fylkeskommunen
      6. 1.4.6. Statleg mynde og ansvar
      7. 1.4.7. Lovverk: Plan- og bygningslova og kulturminnelova
  4. Del 2 Kunnskapsgrunnlaget
    1. 2.1. Kulturminne og kulturmiljø i historisk og tematisk samanheng
    2. 2.2. Historisk oversyn
    3. 2.3. Kulturminne frå før reformasjonen / Arkeologiske kulturminne
      1. 2.3.1. Terrasselandskapet i Etne
      2. 2.3.2. Gravminne
      3. 2.3.3. Helleristningar
      4. 2.3.4. Bautasteinar og steinkrossar
      5. 2.3.5. Bygdeborger
      6. 2.3.6. Vardar og vetar
      7. 2.3.7. Ferdslevegar
      8. 2.3.8. Klebersteinsbrot
      9. 2.3.9. Kyrkjestader
      10. 2.3.10. Gjenstandar frå forhistorisk tid
    4. 2.4. Nyare tids kulturminne (etter reformasjonen)
      1. 2.4.1. Handels- og gjestgjevarstader, tettstader
      2. 2.4.2. Kulturminne i landbruket sitt kulturlandskap
      3. 2.4.3. Kulturminne i fjellet
      4. 2.4.4. Bruken av vassdraga
      5. 2.4.5. Industri, handverk og småindustri
      6. 2.4.6. Sjøbruk
      7. 2.4.7. Kommunikasjon og samferdsle
      8. 2.4.8. Tru og kyrkje
        1. 2.4.8.1. Kyrkjene i Etne
        2. 2.4.8.2. Bedehus
      9. 2.4.9. Bergverk og gruveverksemd
      10. 2.4.10. Reiseliv
      11. 2.4.11. Offentlege bygg
      12. 2.4.12. Organisasjonsliv og forsamlingshus
      13. 2.4.13. Kulturminne knytt til personar og historier
      14. 2.4.14. Forsvars- og krigsminne
      15. 2.4.15. Kulturminne frå etterkrigstida
  5. Del 3 - Planforslaget
    1. 3.1. Grunnlag for prioriteringar
    2. 3.2. Eksterne planar og rapportar som omfattar kulturminne i Etne
      1. 3.2.1. Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA)
      2. 3.2.2. Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger
      3. 3.2.3. Regional kulturplan
      4. 3.2.4. Konsekvensutgreiing E134 Bakka-Solheim Kulturminne
    3. 3.3. Forvaltning av kulturminne
      1. 3.3.1. Arkeologiske kulturminne
      2. 3.3.2. Nyare tids kulturminne
      3. 3.3.3. Forvaltning av freda og listeførte kyrkjer
      4. 3.3.4. Kva saker skal sendast til fylkeskommunen?
    4. 3.4. Registrerte kulturminne - verdisetting og verdivekting
      1. 3.4.1. Automatisk freda kulturminne
      2. 3.4.2. Vedtaks- og forskriftsfreda kulturminne i Etne
      3. 3.4.3. Registrert i Askeladden, men ikkje freda
      4. 3.4.4. Prioriterte kulturminne i kulturmiljøplanen - verneklassar
      5. 3.4.5. Kriterium som ligg til grunn for verdivurderinga:
      6. 3.4.6. Forvaltning av kulturminne i verneklassane A – C:
    5. 3.5. Verkemiddel for vern av kulturminne
  6. Del 4
    1. 4.1. Innsats overfor eigarar av kulturminne
      1. 4.1.1. Informasjon
      2. 4.1.2. Rådgjeving og kunnskapsformidling
      3. 4.1.3. Økonomiske verkemiddel
      4. 4.1.4. Andre verkemiddel
    2. 4.2. Bruk og formidling
      1. 4.2.1. Vern gjennom bruk
      2. 4.2.2. Kulturminne som del av samfunns- og næringsutvikling
      3. 4.2.3. Tilgjenge og formidling
      4. 4.2.4. Nettstader med oversikt over kulturminne
    3. 4.3. Tiltak
      1. 4.3.1. Tiltaksplan - vedlegg 7
      2. 4.3.2. Rullering
    4. 4.4. Konsekvensar
      1. 4.4.1. Ressursar og økonomi i kommunen
      2. 4.4.2. Konsekvensar for eigarane
  7. Kjelder og bakgrunnsmateriale
  8. Vedlegg
    1. 1 Arkeologiske kulturminne
    2. 2 Retningsliner
    3. 3 Oversikt over omsynssoner (klasse A)
    4. 4 Liste over verneverdige kulturminne (klasse B)
    5. 5 KULA-rapport
    6. 6 Kart
    7. 7 Tiltaksplan

Del 3 - Planforslaget

Kulturmiljøplanen for Etne byggjer på innsamla materiale, både frå tidlegare registreringar og informasjon som er henta frå ulike kjelder i samband med planarbeidet. 

3.1. Grunnlag for prioriteringar

I samband med planarbeidet er det gjort ei enkel vurdering av verneverdien til registrerte kulturminne. Ut frå dette er det peika ut eit utval av kulturminne som ein meiner bør sikrast med omsynssone i kommunen sitt planverk. Vurderinga er gjort ut frå eit sett kriterium som er sette av Riksantikvaren, og i samråd med regional kulturvernmynde. Hovudvekta er lagt på objektet sin verdi som kulturminne. Teknisk verdi, reguleringsstatus og eigar si meining om bevaring  er andre faktorar som spelar inn, særleg der det er fleire elles likeverdige objekt å velja mellom. Når det gjeld arkeologiske kulturminne har alle same vernestatus (automatisk freda), men det er gjort eit utval av kulturminne som kommunen ønskjer å løfta fram og formidla til publikum. Oversikt frå Askeladden over automatisk freda kulturminne er med som vedlegg. 

Det at kommunen har registrert eit objekt, betyr ikkje utan vidare at det har eit vern eller er vurdert som verneverdig.  Alle registrerte objekt er vurderte ut frå etablerte verdikriterium. Objekt med særleg høg verneverdi er  definert som klasse A, som har eit formelt, lokalt vern (omsynssone H570 eller H550).  Klasse B omfattar objekt med høg lokal verdi som er listeførte som verneverdige, men ikkje formelt verna, medan resten er registrerte kulturminne med varierande, lokal verdi. Kommunen har ikkje eit komplett register over lokale kulturminne. 

Inndelinga byggjer på klassifiseringssystem brukt i andre kommunar/fylke, men er tilpassa lokal bruk då det ikkje finst ein «nasjonal standard». Nærare definisjonar av kriterium og retningsliner for forvaltning av kulturminne i dei ulike klassane er gjort greie for i det følgjande, saman med oversikter over dei prioriterte kulturminna. Klasse A har fyldigast omtale. For klasse B ligg det ved liste. 
 

3.2. Eksterne planar og rapportar som omfattar kulturminne i Etne

3.2.1. Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA)

Heile den sentrale Etnebygda er definert av Riksantikvaren som «Kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse». Etne er eitt av ni utvalde landskap i Hordaland. Landskapet er skildra som eit rikt jordbrukslandskap med lang historie og stor tidsdjupne, som gjev ei oppleving av bruk heilt fram til i dag. Målet er at kommunane sjølv skal forvalta landskapa ved hjelp av sine verkemiddel. 
Riksantikvaren bed kommunane om å nytta mellom anna plan- og bygningslova for å ivareta verdiane i dei kulturhistoriske landskapa i kommunal planlegging. Kommunane blir oppmoda om å synleggjere og ivareta landskapsverdiane i arealplanane sine og å ta omsyn til desse verdiane når område skal utviklast. Eit hovudtiltak er at landskapa vert avsett som omsynssone c) i kommuneplanens arealdel med retningsliner og at generelle føresegner til kommuneplanen vert nytta. Kulturminneforvaltinga i fylkeskommunen vil legge registeret til grunn i sine innspel og sin dialog med kommunane og andre styresmakter i planprosessar. I rapporten om landskapa i Hordaland er det gjeve omtale av sårbarheit og retningsliner om forvalting. Rapporten ligg som vedlegg til planen.

Jordbrukslandskap - Klikk for stort bildeDet skålforma landskapet i Etne er et rikt jordbrukslandskap. Stor konsentrasjon av bergkunst, gravminne og busetnadsspor fortel om lang tids bruk. Foto: Signe Nygaard, Hordaland fylkeskommune. Kjelde: Riksantikvaren

 

3.2.2. Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger

Regional kystsoneplan, som vart vedteken i 2017, og delrapporten for kulturminne som vart laga i samband med Interkommunal strandsoneplan i 2015, har oversikt over verneverdige sjøbruksmiljø og kulturminnerik strandsone. Sentralt for kartleggingsarbeidet har vore å synleggjere den historiske bruken av strandsona, samt vise det kulturhistoriske særpreget i regionen. Kartlegginga identifiserer dei kulturminna og kulturmiljøa i Sunnhordland som set eit særpreg på strandsona i regionen, og som Sunnhordlandskommunane har eit særskilt forvaltningsansvar for. Interkommunal strandsoneplan vart aldri vedteken og er såleis ikkje gjeldande, men kulturminnerapporten er likevel eit viktig grunnlagsdokument for anna planarbeid. Kystsoneplanen brukar kartlegginga frå 2015 som grunnlag, og denne er igjen bygd på eldre data. Ein del kulturmiljø ved sjøen er såleis ein del endra i høve til dette.

Sjøbruksmiljøa er kategorisert i A – B – C-kategoriar der A er definert som «særs høg verneverdi», B som «høg verneverdi» og C som «lågare verneverdi». I rapporten frå 2015 er ingen miljø i Etne  vurdert å vera i klasse A. Kyrping og Markhus er sett i klasse B medan Berge, Bjelland, Djuve, Eikemo, Fjæra og Indre Tungesvik er vurdert å vera i klasse C. Fleire av desse har fått klasse A i den lokale planen sjølv om dei ikkje er vurderte til å vera i klasse A i regional samanheng. Etter kvart som sjøbruksmiljø forsvinn eller blir endra kan verdien på dei som er att bli høgare.

I regional kystsoneplan er i tillegg nokre område definert som “Kulturminnerik strandsone”. I Etne gjeld det indre delen av Etnefjorden, Børkjenes, Skånevik og Tysse/Skålnes. 
 

3.2.3. Regional kulturplan

Fylkeskommunen har i følgje kulturminnelova eit ansvar for å forvalte kulturarva. Regional kulturplan for Hordaland (2015-2025) er revidert og vart vedteken desember 2014. Planen legg grunnlag for prioriteringar i den fylkeskommunale kultur- og idrettssatsinga og for den samla kulturpolitiske satsinga i fylket. Regionale planar og strategiar gjeld i det geografiske området dei er vedtekne i, fram til regional plan for kultur i Vestland er vedteken.

Det blir arbeidd med ein ny regional kulturplan for Vestland fylke. Som del av dette arbeidet vil det mellom anna bli nærare definert kva som er vurdert som kulturminne og kulturmiljø av regional verdi. Særleg vil ein løfta fram historiske tettstader, som Skånevik og Etnesjøen er døme på. 

3.2.4. Konsekvensutgreiing E134 Bakka-Solheim Kulturminne

I Statens vegvesen sin konsekvensutgreiing i samband med utbetring og ny trasé for E134 gjennom Etne er det gjort ei vurdering av kulturmiljø i områda for dei ulike alternative traseane. 13 kulturmiljø i Etne er vurderte, og av desse er områda Sæbø-Gjerde-Skjensvoll, Steine/Stuvteigen, Stødleterrassen, Grindheim, og Vad vurderte å ha stor verdi, medan Osvåg, Håfoss, Grønstad-Ytre Hovland, Hovland-Skjeldal og Norheim er vurderte til å ha middels eller middels til stor verdi. Traseen som er vald vil ha innverknad på nokre av desse kulturmiljøa.

3.3. Forvaltning av kulturminne

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø i Norge. Forvaltninga er fordelt mellom fleire nivå der kommunane særleg har eit stort ansvar for nyare tids kulturminne.

3.3.1. Arkeologiske kulturminne

Riksantikvaren er øvste faglege styresmakt for forvaltninga av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø, og forvaltar desse i medhald av kulturminnelova av 1978, nr 50. Riksantikvaren har mellom anna som mål for forvaltinga at den skal styrke allmennheita si interesse og ansvarskjensle for dei arkeologiske kulturminna og kulturmiljøa. 

  • Alle faste arkeologiske kulturminne, kjente og ukjente, som er frå tida før 1537 (reformasjonen), samt samiske kulturminne eldre enn 100 år, er automatisk freda i medhald av lov om kulturminne av 1978, nr 50 (kml) §§ 3 og 4. 
  • Båtar, skipsskrog, last m. m. som er eldre enn 100 år, har eit tilsvarande vern gjennom kml § 14.
  • Lause kulturminne frå før 1537, eller eldre enn 100 år, er statens eigedom i medhald av kml § 12, med mindre det finst ein annan eigar. Finnar eller grunneigar har ikkje eigedomsrett til slike kulturminne. 
  • Etterreformatoriske kulturminne kan bli vedtaksfreda med heimel i kml §§ 15 eller 19. 

Frå 2020 har fylkeskommunane teke over forvaltningsansvaret frå Riksantikvaren for:

  • ein større andel av dei statleg eigde bygningane og anlegga som er freda (Statens kulturhistoriske eiendommer)
  • dei fleste arkeologiske kulturminna som er freda
  • freda og verna fartøy
  • fleire teknisk-industrielle kulturminne
  • ikkje-kyrkjelege mellomalderbygg
     

3.3.2. Nyare tids kulturminne

Fylkeskommunen har eit overordna ansvar innan omsyn til nyare tids kulturmiljø. Vestland fylkeskommune er delegert mynde både for automatisk freda kulturminne og kulturminne av nasjonal verdi. Målet for kulturminnevernet er at omsyn til dei ulike kulturminneverdiane på best måte skal sikrast gjennom lokal og regional arealplanlegging og skal utgjere eit viktig grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling. Dei kommunale kulturmiljøplanane er del av kommunane sitt arbeid for å ta ansvar for nyare tids kulturminne i eigen kommune.

Riksantikvaren kan freda nyare tids kulturminne og kulturmiljø etter eige vedtak, eller etter forskrift, til dømes i samband med sektorvise verneplanar (som Telenors verneplan eller Statens vegvesen sin landsverneplan).
 

3.3.3. Forvaltning av freda og listeførte kyrkjer

Alle kyrkjer oppført før 1650 er automatisk freda. Kyrkjegardar og gravminne eldre enn 1537 er òg automatisk freda. Alle kyrkjer bygde mellom 1650 og 1850 er listeført. Ei rekkje kyrkjer bygde etter 1850 er òg listeført. I Etne er Stødle kyrkje automatisk freda, medan Gjerde, Grindheim og Skånevik kyrkjer er listeførte.
Også kyrkjer som ikkje har særleg vern etter desse kategoriane, kan vere viktige kulturminne regionalt og lokalt.

Forvaltninga av kyrkjene, kyrkjestadene, gravplassane, gravminna og kyrkja sine omgjevnader er omfatta av fleire lovverk; kulturminnelova, trussamfunnslova, gravplasslova og plan- og byggelova. Som regel skal fleire instansar uttale seg før eit vedtak kan bli fatta. For detaljar om forvaltning av kyrkjer og gravplassar blir det vist til kyrkjerundskriv Q-06/2020 og kirkebyggforskriften (Forskrift om forvaltning av kulturhistoriske verdifulle kirker). I kyrkjerundskrivet er det òg ei kort rettleiing om relevante føresegner i plan- og bygningslova. Saker som gjeld omsynssonene for kyrkjer skal sendast til regional kulturminnemynde.

3.3.4. Kva saker skal sendast til fylkeskommunen?

Kommunane må i mange saker innhente uttalar og fråsegner frå fylkeskommunen før dei kan gjere vedtak. Fylkeskommunen har ansvar for å vurdere og gje fråsegn til tiltak som gjeld

  • automatisk freda kulturminne
  • freda bygningar/bygningsmiljø og kulturminne
  • kulturmiljø og kulturlandskap av regional og nasjonal verdi
  • eldre enn 1850

Fylkeskommunen har også forvaltingsansvar når det gjeld freda bygg. Det betyr blant anna at eigarar av freda bygg må søkje fylkeskommunen om dispensasjon om dei vil gjere tiltak med bygget.[1]
______________________________________________________
[1] Vestland fylkeskommune www.vestlandfylke.no

3.4. Registrerte kulturminne - verdisetting og verdivekting

For at kulturminne og kulturmiljø skal koma med i planen og bli verdisette, er det ein føresetnad at dei er registrerte eller at kommunen har kjennskap til dei på annan måte. Me har ikkje eit komplett register over kulturminne i Etne, men gjennom SEFRAK-registeret har me oversikt over det meste av bygningar og restar etter bygningar frå før 1900. I Askeladden er det oversikt over alle automatisk freda og vedtaksfreda kulturminne. 
Det me manglar er systematiske registreringar av er kulturminne som er nyare enn 1900, og kulturminne som ikkje er bygningar (nyare enn 1536). Slike kulturminne kan difor vera underrepresenterte i planen.
 

3.4.1. Automatisk freda kulturminne

Desse blir ivaretatt av Riksantikvaren og Fylkeskommunen.
Vedlegg 1: Utskrift frå Askeladden over automatisk freda kulturminne i Etne
 

3.4.2. Vedtaks- og forskriftsfreda kulturminne i Etne

Etne prestegard med fem bygningar er vedtaksfreda. Trolljuv bru, som er med i verneplanen for Statens Vegvesen, er forskriftsfreda. (Forskriftsfreding gjeld bygningar og anlegg som er omfatta av ein statleg verneplan og som var i statleg eige på fredingstidspunktet). Ei fredingssak pågår for tunnelane på begge sider av brua. Eit større kulturmiljø på Stødleterrassen er mellombels freda. Dette området omfattar òg ei rekkje automatisk freda kulturminne.

3.4.3. Registrert i Askeladden, men ikkje freda

Nokre kulturmiljø som er registrerte i Askeladden, som Sæbøtunet og Kyrping handelsstad, har ingen formell vernestatus. SEFRAK-registrerte kulturminne er lagt inn i Askeladden, men dette gjev heller ingen formell vernestatus. Registreringane er likevel signal om at det er viktige kulturminneverdiar på staden. Dei registrerte områda er tekne inn i kulturmiljøplanen som klasse A og sikra med omsynssone.

3.4.4. Prioriterte kulturminne i kulturmiljøplanen - verneklassar

Ulike verdiar blir vektlagde avhengig av kva kulturminne eller kulturmiljø det er snakk om. Det er lagt vekt på å få eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø som dokumenterer breidda i historia. Eit breitt spekter av kriterium er lagde til grunn for verdisetjinga. Definisjonane av verneklassane er utarbeidd lokalt, men byggjer på inndelingar brukt i andre kommunar. Det finst ikkje ein «nasjonal standard» for klassifisering, men Riksantikvaren har utarbeidd rettleiar for vekting og verdisetjing av kulturminne.

Særleg verdifulle kulturmiljø og kulturminne (Omsynssone A)

I klasse A finn me i hovudsak kulturmiljø med særleg høg verneverdi. Nokre av dei kan ha nasjonal eller regional verdi.  I nokre tilfelle er òg einskildbygg plasserte i denne klassa. Dei viktigaste kriteria er alder, autentisitet, identitets- og symbolverdi, at kulturminnet er representativt og/eller sjeldan; samanheng, heilskap og miljøverdiar. Det er svært viktig at desse kulturminna blir bevarte for ettertida. 
For oversikt og omtale av A-områda, sjå vedlegg 3.

Verneverdige kulturminne og kulturmiljø (klasse B, kommunalt listeførte)

Klasse B omfattar kulturmiljø  eller einskildobjekt med høg lokal verneverdi, men som ikkje er prioritert med omsynssone. Listeføringa signaliserer at kulturminna har stor samfunnsverdi og er ein verdifull del av omgivnadane, men dei er ikkje formelt sikra eller verna. Liste over kulturminne i klasse B ligg som vedlegg 4.

Andre kulturminne (C)

Registrerte kulturmiljø eller einskildobjekt som ikkje er prioriterte i klasse A eller B, er definerte som verneklasse C. Årsakene til at dei ikkje er høgare prioriterte kan vera at det opphavlege miljøet eller bygningane er mykje endra, det er lite originale bygningsdetaljar igjen, eller bygningane er svært forfalne. Men også steingardar og ruinar som har stor lokal verdi, men ikkje er del av eit miljø i klasse A eller B, er i denne klassa.  C er ein «restkategori» som omfattar størstedelen av kulturminna i kommunen, og som ikkje har eit formelt vern.

Kulturminne i klasse C har ingen formell vernestatus og er såleis ikkje høgt prioriterte i kommunen sin forvaltning av kulturminne.  Mange av dei vil likevel ha ein lokal verneverdi, og kommunen vil så langt det er mogleg støtta opp under private initiativ for å ta vare på dei. Det er eit mål at tapet av også desse kulturminna skal vera så lågt som mogleg, og Etne kommune vil stimulera til løysingar der ein unngår å fjerna eller øydelegga kulturminne.  
 

3.4.5. Kriterium som ligg til grunn for verdivurderinga:

Verdien til kulturminna – kulturminneverdien – er ikkje eit konstant tal. Kva som blir sett på som verd å ta vare på kan variera frå periode til periode, frå stad til stad og frå person til person. Likevel er målet med kulturmiljøplanen å ta stilling til nettopp dette. Gjennom verdisetjing av kulturminna skal me vurdera kor viktige dei ulike kulturmiljøa er i dag og i framtida, kvifor dei er viktige og kva som gjer dei verd å ta vare på.

Ulike sett av verdiar og eigenskapar som kan knytast til kulturminnet eller kulturmiljøet ligg til grunn for verdisetjinga. Kulturminneforvaltninga deler gjerne verdiane inn i tre overordna grupper:
Kunnskapsverdiar, opplevingsverdiar og bruksverdiar. Kunnskapsverdi seier noko om korleis kulturminnet er eigna til å vera ei kjelde til kunnskap om fortida og korleis det kan fortelja om til dømes byggjeskikk, materialbruk og historie. Opplevingsverdi er ein meir subjektiv kategori som er meir avhengig av kvar og ein sine erfaringar og preferansar. Opplevingsverdien er knytt til korleis kulturminna påverkar oss som menneske. Symbolverdi, identitet og nostalgi er viktige stikkord her. Bruksverdi handlar om kulturminnet som ressurs til verdiskaping og vekst. Bygningar som er godt tatt vare på kan vera meir lønnsame å ta i bruk framfor å riva og byggja nytt. Skårar eit kulturminne høgt innanfor éin eller fleire av desse kategoriane, seier me at det har høg kulturminneverdi. Når ein skal avgjera kva for kulturminne som er viktigast, må dei ulike verdiane vektast. For å gjera dette har det vore nytta eit sett med kriterium. Dette skal sikra at vektinga er systematisk og mest mogleg objektiv.

Kriteria som er nytta for å vurdera kulturminna i planen er: 

Alder: Høg alder er eit viktig kriterium, men ikkje åleine. I offentleg forvaltning skal kulturminne frå før 1850 ha ein særskild vurdering. I planen byggjer opplysningar om alder på ulike kjelder, som SEFRAK-registeret, bygdebøkene, «Norges Bebyggelse» eller munnlege kjelder. Det er særleg viktig å sjå alder og autentisitet i samanheng. Høg score på desse kriteria gjev stor kunnskaps- og opplevingsverdi.

Autentisitet: Høg  autentisitet vil seie at kulturminnet er lite eller ikkje endra. Omgrepet blir gjerne brukt i skildringa av eldre hus, og føreset ei viss mengd originalmateriale og detaljar. Autentisitet gjev stor kunnskaps- og opplevingsverdi.

Identitet og symbol: Kulturminne og kulturmiljø kan vera viktige som symbol eller identitetsberarar. Kulturminnet kan vera knytt til konkrete hendingar, personar, tradisjonar eller vera eit markant trekk i nærmiljøet, og slik få høg opplevings- og kunnskapsverdi.

Representativt eller uvanleg: Det er eit mål å sikre eit representativt utval av kulturminne, og i vår kulturmiljøplan skal kulturminna som fortel Etne si historie løftast fram. Kulturminne kan vera verneverdige både fordi dei er sjeldne eller uvanlege, og fordi dei er representative for ein stilart, periode, eit sosialt sjikt eller ein funksjon. Nokre kulturminnetypar har vore vanlege, men er sjeldne i dag fordi det er få att. At eit kulturminne er representativt eller typisk for vårt område er med på å trekkja opp både kunnskaps- og opplevingsverdien.

Samanheng, heilskap og miljø: Å ta vare på samanhengen mellom kulturminne, og mellom kulturminne og naturgrunnlaget, gir meir kunnskap, forståing og oppleving enn vern av einskildelement. Dette gjeld ikkje minst for kulturminne knytt til jordbruk og sjøbruk. Einskildelement i eit kulturmiljø som ikkje har høg kulturminneverdi i seg sjølv, kan ha verdi som del av ein heilskap.

Arkitektonisk, kunstnarisk og handverksmessig kvalitet gjev kulturminnet verdi. Hagar og grøntareal kan understreke det arkitektoniske uttrykket og forsterke verneverdien til ein bygning.

Samfunns- eller sosialhistorisk verdi kan brukast om bygningar og anlegg for offentlege institusjonar, næringsbygg eller forsamlingslokale.

Fysisk tilstand og vedlikehald: Er kulturminnet i ein slik tilstand at det kan bevarast? Der ein kan velja mellom likeverdige objekt, er det rimeleg å velja det som er best bevart. 
 

3.4.6. Forvaltning av kulturminne i verneklassane A – C:

Generelt er prinsippet om vern gjennom bruk lagt til grunn. 

Forvaltning av klasse A: Kulturmiljø og kulturminne av særleg høg verdi

Blir lagt som omsynssone i kommuneplanen etter Pbl § 11-9. Det er utarbeidd generelle føresegner til arealdelen av kommuneplanen,  og eigne retningsliner for omsynssone A (sjå vedlegg), i tillegg til det som ligg i Plan- og bygningslova. Hovudprinsipp for vedlikehald av bygningar i verneklasse A er å ta vare på dei opphavlege eller gamle bygningselementa og detaljane, og å skifte ut så lite som mogleg. Ved endringar i miljøet, eller oppussing, restaurering og større vedlikehald av bygningar, skal ein kontakta kommunen og nytta fagkompetanse til rettleiing. Tiltak i kulturmiljøet blir vurderte ut frå kva påverknad dei har på områdekarakteren og den generelle miljøverdien. Einskildobjekt med lågare klasse, som ligg i omsynssona, blir vurderte ut frå den verdien dei har for omgivnadane. 

A-objekt vil bli prioriterte ved tildeling av tilskotsmidlar, og det er forslag om fritak frå eigedomskatt.

Forvaltning av klasse B: Verneverdige kulturminne – kommunalt listeførte

Klasse B er ikkje sikra med omsynssone etter Plan- og bygningslova, og kommunen har såleis ikkje særlege verkemiddel for å sikra vern av desse. Kommuneplanen (KPA) har generelle føresegner om kulturminne og kulturmiljø som gjeld for alle typar kulturminne. Hovudprinsippet for vedlikehald er som for verneklasse A. Einskildobjekt med lågare klasse, som ligg i omsynssona, blir vurderte ut frå den verdien dei har for omgivnadane. For bygningar frå før 1850 må saka etter Kulturminnelova sendast på høyring til fylkeskommunen. 

C: Registrerte kulturminne

Forvaltning: Kulturminne i klasse C skal vurderast lokalt i kvart einskild tilfelle. Kulturminne i klasse C kan òg ha verneverdi og bør takast omsyn til der det er mogleg. Det er eit overordna mål at kulturminne ikkje skal fjernast, men det kan gjevast rivingsløyve etter særskild vurdering. For bygningar frå før 1850 må saka etter Kulturminnelova sendast på høyring til fylkeskommunen. Kommuneplanen har generelle føresegner om kulturminne og kulturmiljø som gjeld for alle typar kulturminne.
 

3.5. Verkemiddel for vern av kulturminne

Juridiske verkemiddel

Omsynssoner for kulturmiljø

Kulturmiljø i klasse A er foreslått sikra med omsynssone H570 etter Plan- og bygningslova. Omsynssonene vil gå inn som del av kommuneplanen i samband med rullering. 

Pbl § 11-8, c har desse generelle retningslinene for slike omsynssoner:

c) Sone med særlig hensyn til landbruk, reindrift, mineralressurser, friluftsliv, grønnstruktur, landskap eller bevaring av naturmiljø eller kulturmiljø, med angivelse av interesse.

For randsonen til nasjonalparker og landskapsvernområder kan det, samtidig med fastsetting av verneforskrift for nytt verneområde eller revisjon av verneforskrift eller forvaltningsplan for etablerte verneområder, fastsettes bestemmelser for å hindre vesentlig forringelse av verneverdiene i verneområdet.

Det kan gis retningslinjer om begrensninger av virksomhet og vilkår for tiltak for å ivareta interessen i sonen.

Det kan gis retningslinjer om hvilke hensyn som skal vektlegges ved praktisering av annen lovgivning så langt kommunen er tillagt myndighet etter vedkommende lov.

d) Sone for båndlegging i påvente av vedtak etter plan- og bygningsloven eller andre lover, eller som er båndlagt etter slikt rettsgrunnlag, med angivelse av formålet.

Båndlegging i påvente av vedtak etter plan- og bygningsloven eller andre lover er tidsbegrenset til fire år, men kan etter søknad til departementet forlenges med fire år.

e) Sone med krav om felles planlegging for flere eiendommer, herunder med særlige samarbeids- eller eierformer, samt omforming og fornyelse.

Bestemmelser til denne sonen kan fastsette at flere eiendommer i et område skal undergis felles planlegging og at det skal brukes særskilte gjennomføringsvirkemidler. Det kan også gis bestemmelser med hjemmel i § 11-9 nr. 3.

§ 11-9.Generelle bestemmelser til kommuneplanens arealdel
Kommunen kan uavhengig av arealformål vedta bestemmelser til kommuneplanens arealdel om:

6. miljøkvalitet, estetikk, natur, landskap og grønnstruktur, herunder om midlertidige og flyttbare konstruksjoner og anlegg,

7. hensyn som skal tas til bevaring av eksisterende bygninger og annet kulturmiljø.

Det er utarbeidd lokale retningsliner til omsynssoner H570 for kulturmiljø (klasse A).  Andre verkemiddel er omtala i handlingsplanen.

Spesialområde for bevaring

Nokre viktige kulturminne og kulturmiljø som ligg i regulerte område er sikra som “Spesialområde for bevaring” i eksisterande reguleringsplanar. Dette gjeld for deler av sentrumsområda i Etnesjøen, Skånevik og Markhus. Områda har eigne føresegner som ligg ved planen, sjå vedlegg 2b Føresegner til regulerte område.