Kulturmiljøplan

  1. Forord
  2. Viktige omgrep og definisjonar
  3. Del 1 Innleiing
    1. 1.1. Kvifor skal me ha ein kulturmiljøplan?
    2. 1.2. Nasjonale mål for forvaltninga av kulturminne
      1. 1.2.1. Hovudmål
      2. 1.2.2. Delmål
    3. 1.3. Om planarbeidet
      1. 1.3.1. Avgrensing
      2. 1.3.2. Status for kulturminne og registreringar i Etne
      3. 1.3.3. Kva er det lagt vekt på i planen?
      4. 1.3.4. Klassifisering
      5. 1.3.5. Oppbygging av planen
      6. 1.3.6. Kjeldebruk
      7. 1.3.7. Samanheng med kommuneplanen
      8. 1.3.8. Samanheng med andre planar
      9. 1.3.9. Utfordringar framover
    4. 1.4. Aktørar og ansvarsdeling i kulturminnevernet
      1. 1.4.1. Etne kommune sitt ansvar og rolle
      2. 1.4.2. Eigarar av kulturminne
      3. 1.4.3. Dei frivillige organisasjonane
      4. 1.4.4. Musea
      5. 1.4.5. Fylkeskommunen
      6. 1.4.6. Statleg mynde og ansvar
      7. 1.4.7. Lovverk: Plan- og bygningslova og kulturminnelova
  4. Del 2 Kunnskapsgrunnlaget
    1. 2.1. Kulturminne og kulturmiljø i historisk og tematisk samanheng
    2. 2.2. Historisk oversyn
    3. 2.3. Kulturminne frå før reformasjonen / Arkeologiske kulturminne
      1. 2.3.1. Terrasselandskapet i Etne
      2. 2.3.2. Gravminne
      3. 2.3.3. Helleristningar
      4. 2.3.4. Bautasteinar og steinkrossar
      5. 2.3.5. Bygdeborger
      6. 2.3.6. Vardar og vetar
      7. 2.3.7. Ferdslevegar
      8. 2.3.8. Klebersteinsbrot
      9. 2.3.9. Kyrkjestader
      10. 2.3.10. Gjenstandar frå forhistorisk tid
    4. 2.4. Nyare tids kulturminne (etter reformasjonen)
      1. 2.4.1. Handels- og gjestgjevarstader, tettstader
      2. 2.4.2. Kulturminne i landbruket sitt kulturlandskap
      3. 2.4.3. Kulturminne i fjellet
      4. 2.4.4. Bruken av vassdraga
      5. 2.4.5. Industri, handverk og småindustri
      6. 2.4.6. Sjøbruk
      7. 2.4.7. Kommunikasjon og samferdsle
      8. 2.4.8. Tru og kyrkje
        1. 2.4.8.1. Kyrkjene i Etne
        2. 2.4.8.2. Bedehus
      9. 2.4.9. Bergverk og gruveverksemd
      10. 2.4.10. Reiseliv
      11. 2.4.11. Offentlege bygg
      12. 2.4.12. Organisasjonsliv og forsamlingshus
      13. 2.4.13. Kulturminne knytt til personar og historier
      14. 2.4.14. Forsvars- og krigsminne
      15. 2.4.15. Kulturminne frå etterkrigstida
  5. Del 3 - Planforslaget
    1. 3.1. Grunnlag for prioriteringar
    2. 3.2. Eksterne planar og rapportar som omfattar kulturminne i Etne
      1. 3.2.1. Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA)
      2. 3.2.2. Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger
      3. 3.2.3. Regional kulturplan
      4. 3.2.4. Konsekvensutgreiing E134 Bakka-Solheim Kulturminne
    3. 3.3. Forvaltning av kulturminne
      1. 3.3.1. Arkeologiske kulturminne
      2. 3.3.2. Nyare tids kulturminne
      3. 3.3.3. Forvaltning av freda og listeførte kyrkjer
      4. 3.3.4. Kva saker skal sendast til fylkeskommunen?
    4. 3.4. Registrerte kulturminne - verdisetting og verdivekting
      1. 3.4.1. Automatisk freda kulturminne
      2. 3.4.2. Vedtaks- og forskriftsfreda kulturminne i Etne
      3. 3.4.3. Registrert i Askeladden, men ikkje freda
      4. 3.4.4. Prioriterte kulturminne i kulturmiljøplanen - verneklassar
      5. 3.4.5. Kriterium som ligg til grunn for verdivurderinga:
      6. 3.4.6. Forvaltning av kulturminne i verneklassane A – C:
    5. 3.5. Verkemiddel for vern av kulturminne
  6. Del 4
    1. 4.1. Innsats overfor eigarar av kulturminne
      1. 4.1.1. Informasjon
      2. 4.1.2. Rådgjeving og kunnskapsformidling
      3. 4.1.3. Økonomiske verkemiddel
      4. 4.1.4. Andre verkemiddel
    2. 4.2. Bruk og formidling
      1. 4.2.1. Vern gjennom bruk
      2. 4.2.2. Kulturminne som del av samfunns- og næringsutvikling
      3. 4.2.3. Tilgjenge og formidling
      4. 4.2.4. Nettstader med oversikt over kulturminne
    3. 4.3. Tiltak
      1. 4.3.1. Tiltaksplan - vedlegg 7
      2. 4.3.2. Rullering
    4. 4.4. Konsekvensar
      1. 4.4.1. Ressursar og økonomi i kommunen
      2. 4.4.2. Konsekvensar for eigarane
  7. Kjelder og bakgrunnsmateriale
  8. Vedlegg
    1. 1 Arkeologiske kulturminne
    2. 2 Retningsliner
    3. 3 Oversikt over omsynssoner (klasse A)
    4. 4 Liste over verneverdige kulturminne (klasse B)
    5. 5 KULA-rapport
    6. 6 Kart
    7. 7 Tiltaksplan

Del 2 Kunnskapsgrunnlaget

2.1. Kulturminne og kulturmiljø i historisk og tematisk samanheng

Denne delen av planen tek for seg kulturminne og kulturmiljø innan ulike tema frå heile kommunen, sett inn i ein historisk samanheng. Dette er kunnskapsgrunnlaget som utvalet av kulturmiljø i planen byggjer på. Ulike kulturminnetypar og bygningstypar er omtala, med døme frå Etne. Kulturminna som er omtala fell langt på veg saman med dei som er peika ut til å sikrast med omsynssone, eller er definert som verneverdige, men andre kulturminne er òg omtala.

Prioriterte tema

Det er eit mål at planen skal dekkja heile breidda av historia både geografisk, tematisk, sosialt og kulturelt. I planen er nokre tema som er spesielle for Etne, eller som har prega historia vår i særleg grad, likevel prioriterte: 
- Den eldste historia – helleristningar og gravrøyser, kongehistoria
- Mellomalderkyrkjene
- Jordbruksbygda Etne
- Tettstaden Skånevik
- Åkrafjorden
- Bruken av fjellområda
 

2.2. Historisk oversyn

Dagens Etne kommune omfattar det som var to sentrale skipreide i Sunnhordland i mellomalderen: Skånevik og Etne. Det som den gongen var Etne skipreide utmerkar seg med ei særleg rik historie frå før-reformatorisk tid. I Skånevik er det den nyare historia som har forma bygda til det ho er i dag, med eit historisk sentrumsmiljø som syner stor breidde i aktivitet og næringsvegar.

Det særmerkte med kulturlandskapet i Etne er ikkje berre rikdommen og den store funnmengda, men òg kontinuiteten. Om området ikkje var like attraktivt for jegerfolket i steinalderen, har det sidan jordbruket fekk fotfeste vore eitt av dei rikaste i landet*.  Få andre stader på Vestlandet er historia så synleg i landskapet som her. Terrasselandskapet i Etne er eit rikt jordbrukslandskap med synlege spor etter ei lang historie, som syner samanhengande bruk heilt fram til i dag. 

Landskapet slik det sto fram etter at isen trekte seg tilbake for om lag 11000 år sidan ligg til grunn for den vidare utviklinga i Etne. Frå den første tidsbolken etter dette, eldre steinalder (9500-4000 f.Kr), består spora etter jegerfolk av lausfunne steinøkser. Det er få kjente spor etter buplassane til fangstfolka i steinalderen. Utover i yngre steinalder (4000-1800 f.Kr.) er det også tilfeldige funn av steinøkser som dominerer. Både langs fjorden, inn Littledalen og langs Stordalsvatnet er det gjennom åra funne fleire ti-tals økser frå eldre- og yngre steinalder. Frå siste halvdel av yngre steinalder reknar ein med at jordbruket for alvor fekk innpass på Vestlandet, og i løpet av dei neste århundra vart jordbruket hovudnæringa for dei fleste menneska i Etne. Det er gjort særleg mange funn frå denne perioden i Frette-området inst i Stordalen. Blant gjenstandane ein kan knytte til dei tidlege jordbrukssamfunna finn ein no også flintdolkar og pilspissar i tillegg til steinøksene.

I bronsealder og første del av eldre jernalder kom dei første metallgjenstandane i bruk. Det er funne relativt få bronsegjenstandar frå denne perioden, men mange av gravfunna i området er frå denne tida. Mange av haugane hadde enorme dimensjonar og iaugefallande plassering. Av dei viktigaste gjenstandane frå denne tida er ein halsring i bronse (ca. 700 f.Kr), skår etter keramikk og gryter av kleberstein. Dei fleste spora frå bronsealderen i Etne kjem frå terrassane i Midtbygda og områda inst i Stordalen. Dei mange helleristningane i kommune er også knytt til dei no veletablerte jordbrukssamfunna utover i bronsealderen og første del av eldre jernalder.

Funna frå eldre jernalder (500 f.Kr - 570 e.Kr) er hovudsakleg gjort i dei same områda som bronsealder funna, men òg i nye område som Øvstebø på Nordstranda. Det kjem inn ein ny type gravminne, steinringane, som er sjeldne på Vestlandet men som det finst fleire av i Etne. Frå siste del av denne perioden, yngre romartid (200-400 e.Kr) og folkevandringstid (400-575 e.Kr) er Etne mellom dei områda i landet som har flest spor. Ei mengd gravhaugar i dei fleste delane av kommunen, leirkar, våpen og smykke er funn frå denne tida. Dei beste jordbruksområda dominerer. Frå yngre jernalder (575-1030 e.Kr) er det gjort  få funn både i Etne og på Vestlandet elles, men fram mot vikingtida (780-1030 e.Kr) aukar funnmengda. På denne tida var det framleis vanleg å reisa gravhaugar, men dei er jamt over mindre enn haugane frå eldre jernalder. Dei fleste av gravhaugane er mannsgraver med våpen og jordbruksreiskapar. Praktsverdet frå Vad, som truleg er laga i Frankarriket på 900-talet, er mellom dei staselegaste våpena me veit om frå vikingtida. Steinkrossen på Grindheim, krossbautaen og runesteinen på Gjerde er truleg frå siste delen av vikingtida, og markerer overgangen til kristendomen og historisk tid**. 

Gammalt sverd frå vikingtida - Klikk for stort bildeSverdet som vart funne i ein gravhaug på Vad er eit viktig funn frå vikingtida. Foto: Ann-Mari Olsen, Universitetsmuseet i Bergen

Den gode jordbruksjorda i Etne la grunnlaget for velstand og makt. Hovdingættene frå Stødle og Gjerde sette djupe spor i Noregshistoria frå starten av det nye årtusenet. Bjørn frå Studla, Erlend frå Gjerde og Erling Skakke frå Studla var sentrale personar i den politiske utviklinga på Sør-Vestlandet fram mot slutten av 1100-talet. Frå denne tida er Stødle kyrkje, bygd av Erling Skakke som huskapell for Støle-ætta, det mest sentrale kulturminnet. Erling Skakke sameinte dei to mektige ættene og vart ein del av den øvste makteliten i Skandinavia. Men vendepunktet kom då sonen, kong Magnus Erlingsson, vart drepen i slaget ved Fimreite i 1184***. 

Dei tre kyrkjestadene frå mellomalderen i Etne - Stødle, Gjerde og Grindheim - ligg på det som både i mellomalderen og i dag er av dei største gardane i bygda. Særleg Gjerde utmerka seg som ein storgard, både i Etne og Sunnhordland elles. Men frå rundt 1200 tok kongen og utanbygdes kyrkjelege institusjonar, som Halsnøy kloster, over som dei største jordeigarane.

 I 1349 råka svartedauden distriktet hardt, og folketalet heldt seg lågt dei neste 150 åra. Mange gardar, særleg i området langs Åkrafjorden, låg øyde. I løpet av 1600-talet vart dei fleste gardsbruka tekne i bruk att, og det vart ei omfattande bruksdeling. Bøndene vart sjølveigarar att. Fram mot midten av 1700-talet heldt folketalet seg stabilt, før det brått tok til å veksa att. Husmannsvesenet fekk ei særleg stor utbreiing i Etne og Skånevik. På 1800-talet starta effektiviseringa av jordbruket, det oppstod nye typar verksemder innan handel og handverk. Mobiliteten vart større og tettstadene Skåneviksjøen og Etnesjøen vaks fram. 

Dei to gamle skipreidene blir gjerne omtala som jordbruksbygda Etne og sjøbruksbygda Skånevik. Begge stader har landbruket vore viktigaste næringsvegen gjennom hundreåra, og tettstadene har vokse fram rundt gjestgjevarstader ved sjøen. Men Skånevik har i større grad blitt forma av fjorden og sjøfarten. Begge stader fekk ein òg ei klasse av “kondisjonerte”, som særleg dominerte i Skånevik. Her vart det eit markant klasseskilje med to kulturar. Skipsbygging la grunnlaget for ein del av velstandsutviklinga, men bygda hadde mange bein å stå på, og fekk inga stor nedtur då skipsbygginga brått tok ein slutt rundt 1880. I Etne(sjøen) er spora etter den gamle gjestgjevarstaden og det tidlegaste sentrumsmiljøet for det meste vekke i dag, medan Skånevik har eit intakt og særprega bygdesentrum som speglar den mangfaldige historia bygda har hatt i nyare tid.       

For innbyggjarane langs Åkrafjorden markerer bygginga av Åkrafjordvegen under 2. verdskrigen ei stor endring. Andre stader hadde vegane alt teke over for sjøen som viktigaste ferdsleveg. På nordsida av fjorden, som ikkje fekk veg, vart dei fleste gardane fråflytta etter krigen. 

Gardar på nordsida av Åkrafjorden - Klikk for stort bildeDei fleste gardane på nordsida av Åkrafjorden er fråflytta, men bevarte kulturmiljø held historia levande. Frå Mosnes.

For heile kommunen har etterkrigstida vore prega av sentralisering av både busetnad, skular og næringsliv. Fråflyttinga frå grendene til dei to sentrale bygdene Skånevik og Etne kom først, og kan mellom anna knytast til at det vart lagt til rette for at bygginga av nye bustadar skulle skje her.  Nedlegging av grendeskular og flytting av viktige næringsverksemder følgde etter. Jordbruk er framleis ei av dei viktigaste næringane, men i løpet av dei siste tiåra har stillinga blitt mindre dominerande enn tidlegare. I dei sentrale områda av Etnebygda er mykje av den beste jordbruksjorda blitt tatt i bruk til byggjeland for bustadar og handelsverksemder.

Kommunegrensene i Etne og Skånevik var uendra frå 1837 til samanslåinga i 1964. Då vart nokre av gardane overførte til Kvinnherad kommune. Kulturmiljøplanen tek for seg det området som i dag er Etne kommune.

__________________________________________________________
* KVE s. 41
** KVE s. 24-41
*** KVE s. 50--59

2.3. Kulturminne frå før reformasjonen / Arkeologiske kulturminne

Arkeologiske kulturminne er spor etter menneske som har levd i tidlegare tider. Gjenstandsfunn, bergkunst, gravminne og utgravingar utgjer hovudkjeldene til kunnskapen vår om - og opplevinga av - fortidas samfunn. Kunnskapen frå desse kjeldene kan gjere oss betre i stand til å forstå oss sjølve, vår samtid og andre menneske og kulturar. 

Forvaltning av arkeologiske kulturminne

I kulturminnevernet er reformasjonen i 1537 eit viktig skilje. Alle faste kulturminne frå før reformasjonen er automatisk freda. Forvaltninga av dei ligg såleis under Riksantikvaren og Fylkeskonservatoren, og er i liten grad overlaten til kommunen. Det er likevel viktig å ta med dei før-reformatoriske kulturminna i planen, for å få eit heilskapleg og historisk samanhengande oversyn over viktige kulturminne i kommunen.

Tidslinje frå år 9000 før kristus til i dag. - Klikk for stort bilde

Ein skil mellom faste og lause arkeologiske kulturminne. Faste kulturminne er til dømes rester etter buplassar, gravhaugar, helleristningar, kokegroper, stolpehol, og hellerar. Lause kulturminne er gjenstandar funne utan kjent kontekst eller ved ei arkeologisk utgraving. Eit arkeologisk kulturmiljø er eit område der kulturminna inngår som ein del av ein større heilskap eller samanheng. 

Eit fullstendig oversyn over automatisk freda kulturminne finst ikkje. Ein reknar med at berre
om lag 10 % av kulturminna er kjent. Dei resterande er ikkje synlege eller vanskeleg synlege
på markoverflata, eller ikkje registrert. I Etne er det over 300 lokalitetar der det er funne arkeologiske kulturminne. Mange av desse funnstadene er særs viktige både i lokal og nasjonal samanheng.
I det følgjande er eit utval av dei viktigaste arkeologiske/før-reformatoriske  kulturminna i Etne omtala nærare. Dette er kulturminne der det er særleg aktuelt for kommunen å setja inn tiltak for å formidla dei og gjera dei tilgjengelege for publikum. Ut over dette utvalet er det ikkje gjort noka prioritering av arkeologiske kulturminne, sidan alle er automatisk freda og ikkje blir forvalta på kommunenivå. For nærare omtale av forhistoriske kulturminne i kronologisk rekkjefølgje gjev artikkelen «Etne i forhistorisk tid» i Kulturhistorisk vegvisar ein god oversikt. Her er det òg omtalar av ei rekkje lause kulturminne, som fell utanfor tema for denne planen.

Funnstader for arkeologiske kulturminne - Klikk for stort bildeDei grøne trekantane markerer funnstader for arkeologiske kulturminne i Etne. Stor tettleik av kulturminne som er markert i kartet tyder ikkje nødvendigvis at det har vore meir aktivitet i området enn andre stader i tidlegare tider. Det kan òg vera eit teikn på aktivitet i nyare tid som har kravd undersøkingar, og som har ført til funn ein elles ikkje ville ha gjort.

 

2.3.1. Terrasselandskapet i Etne

Dei dominerande terrassane i Etnebygda vart danna då innlandsisen smelta for om lag 10 000 år sidan. Dei fruktbare slettene gav grobotn for velstand og makt heilt frå den tidlege jordbrukstida, og få stader i landet er det funne så mange og rike spor etter forhistoriske menneske. I løpet av dei siste generasjonane har store delar av dette landskapet blitt endra av masseuttak og utbygging[1] .  

Stødleterrassen

Stødleterrassen er eit rikt kulturminneområde som vitnar om kontinuerleg bruk gjennom lang tid. Kulturminna spenner frå byrjinga av bronsealderen eller tidlegare, rundt 2000/1800 f.Kr, og fram til mellomalderen , 1100/1200 e.Kr.[2]   I tillegg til Stødle kyrkje omfattar det ei rekkje arkeologiske gravminne og busetnadsspor, til saman 19 lokalitetar. På begge sider av kyrkja, langs kanten av terrassen, har det lege eit stort gravfelt med 40 - 50 gravhaugar med funn frå eldre og yngre jernalder. Dette tyder på samanhengande busetnad i området frå rundt 500 f.Kr til 1000 e.Kr. I utkanten av jernalder gravfeltet er det òg gravhaugar med funn frå eldre og yngre bronsealder. I området er det gjort ei rekkje lausfunn, mellom anna ved hjelp av metalldetektor. Det er òg kulturminne frå nyare tid i området. 

Vernestatus: Dei einskilde arkeologiske kulturminna er automatisk freda. Stødleterrassen som heilskap er definert som eit område av nasjonal verdi, og har vore mellombels freda sidan år 2000. Arbeidet med områdefredinga pågår framleis. Terrassen er òg del av det større KULA-området (Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse). Det er registrert ein del kulturminne frå nyare tid i området, men desse er ikkje formelt verna. Lausfunn som er automatisk freda er levert til Universitetsmuseet i Bergen. Det er òg gjort lausfunn frå nyare tid som ikkje er leveringspliktige.

Formidling/tilrettelegging: I dag er kulturhistoria i området formidla gjennom eitt formidlingsskilt som er sett opp ved kyrkja. Tilrettelegginga som er i dag reflekterer ikkje kor viktig området er, og det behov for ei oppgradering og vidareutvikling med både fysisk og digital tilrettelegging[3]

Grindheim og Rygg-terrassen

Grindheim er eit rikt kulturminneområde med mange likskapstrekk til Stødleterrassen. Her er mellom anna eit svært stort tal forhistoriske gravminne.  Kyrkjehaugen på Grindheim er ein av dei eldste gravhaugane i Etne. Til saman skal det ha vore meir enn 250 røyser, men mange av desse er borte i dag. Gravfeltet er eitt av dei største på Vestlandet.

Vernestatus: Gravrøysene og  kyrkjegarden på Grindheim er automatisk freda etter kulturminnelova, medan sjølve kyrkja er listeført hos Riksantikvaren. Steinkrossen og bautasteinen er ikkje registrert som enkeltminne i Askeladden. Grindheim- og Rygg-terrassen er del av KULA-området.

Formidling/tilrettelegging: Kulturminna i området er ikkje skilta. Formidling bør sjåast i samanheng med Stødle-terrassen og KULA-området som heilskap. 

Trønskenes i Skånevik

Steinalderlokaliteten på Trønskenes nord for Skånevik sentrum er truleg det eldste funnet av ein buplass i kommunen. Ut frå funn av steingjenstandar av rhyolitt frå Bømlo er buplassen tidfesta til yngre steinalder, kring 4000 år f.Kr. Lokaliteten, som ligg på 12-20 moh., vart registrert i samband med utbygging av hytte- og bustadområde.

Vernestatus: I tillegg til området som er automatisk freda, er eit større område rundt funnstaden regulert til omsynssone for bevaring av kulturmiljø.

Formidling: Ikkje formidla per i dag.

Jernaldergarden under kjøpesenteret

I 2013 vart det gjort eit oppsiktsvekkjande funn under den arkeologiske utgravinga av tomta til Felleskjøpet/Coop i Etne sentrum. Det vart funne rester av 45 bygningar frå rundt 500 f.Kr. 15 av dei er såkalla langhus, som har hatt bustad for folk i den eine enden, og stall eller fjøs i den andre. Langhusa har vore bygde i grindkonstruksjon og den lengste bygningen var 23 meter lang. Det er òg identifisert smier og verkstadar for keramikk og anna verksemd.
Dette er det største kjende busetnadsområdet på Vestlandet frå eldre jernalder. Det er uvisst om det er snakk om ein gard som er gjenoppført fleire gonger, eller ein landsby som består av fleire gardar. Spora etter jernalder busetnaden var godt bevarte og har gitt verdifull kunnskap om korleis småkårsfolk levde på denne tida. Det er òg funne ein romersk mynt på staden etter søk med metalldetektor. Etter utgravinga vart området frigitt frå bandlegging, og er utbygd med kjøpesenter og parkeringsplass[4].  Funna er dokumentert i ein omfattande rapport som var ferdig i 2020[5]

Vernestatus: Fjerna (automatisk freda). Det er bygd kjøpesenter på tomta.

Tilrettelegging/formidling: Sjølv om kulturminnet er fjerna, er dette eit så spektakulært og viktig funn at det bør formidlast til publikum. Eit aktuelt tiltak er skilt ved kjøpesenteret. 

Utgraving av den største hustufta - Klikk for stort bildeFrå utgravinga av den største hustufta. Universitetet i Bergen

Andre gardsanlegg frå før reformasjonen: 

Fitja: På Fitja er det funne spor etter busetnad frå eldre jernalder. Det er registrert ei geil, hustufter og spor etter forhistoriske åkerlag.

Volme: I dalen mellom Frette og Øyno, nede ved elva,  ligg det to øydegardar frå mellomalderen; Klokkarteigen og Volme. Klokkarteigen er for det meste oppdyrka i ny tid, medan Volme er mest uskadd. Her ligg det tre hustufter, 4 - 5 gravhaugar og øydeåkrar. Ut frå alder er garden automatisk freda, men spora etter anlegget er berre delvis kartlagde og ikkje registrerte i Askeladden. 

Øydegarden Hellaug: Gardsanlegget Hellaug, som truleg var i bruk fram til svartedauden, er ein av dei best bevarte øydegardane på Vestlandet. Spora etter det gamle gardsanlegget ligg lengst aust ved Hellaugvatnet. Området har fram til midten av 1950-talet vore stølsområde for garden Vinja, og er framleis nytta til beite. Gardsanlegget består av to hustufter, 21 røyser, ei åkerrein og ein mogleg rest av nok ei tuft. På sør- og austsida går ein steingard som har omkransa den gamle innmarka. Steingarden held fram vestover langs Hellaugvatnet bort til eit område med 9 rydningsrøyser. Det er òg ei røys utanfor muren. Den største hustufta er 42 m lang og 10-12 m brei og har fire rom, noko som tyder på det har budd mange menneske her. Tufta vart utgraven rundt 1930. Då vart det funne ei rekkje gjenstandar, mellom anna kleberkar, Eidsborgbryne, baksteheller m.m. Delar av materialet kan daterast til tidleg- og høgmellomalder. Staden har vore brukt til jordbruk ca. 700-1450 e.Kr., altså yngre jarnalder og mellomalder.[6]  

Segna om Hellaugtussen
På 1500-talet skal Hemming Hellaug og kona Ragnhild ha levd på Hellaug. Hemming vart kalla ut i krigen, og vart lenge borte. Før han reiste lova Ragnhild å venta på han i sju år. Om han ikkje var komen heim då, sto ho fritt til å gifta seg att. Etter fleire års venting fekk ho ein friar frå bygda. Ho nølte lenge, men ga til slutt opp å venta og sa ja til friaren. Medan dei var i kyrkja, kom Hemming tilbake. Det var på dagen sju år etter at han hadde reist. Møtet enda med at Hemming hogg hol i isen og drukna seg i vatnet. Sidan den tid skal han ha vist seg for mange, og går no under namnet Hellaugtussen. 

Vernestatus: På Hellaug er einskildminne frå før reformasjonen automatisk freda. Kulturminne i to sikringssoner er omfatta av fredinga, men nokre kulturminne utanfor desse sonene er ikkje verna. Det er føreslått omsynssone for heile området. Gardsanlegga på Fitja og Volme er automatisk freda sjølv om Volme ikkje er registrert og kartfesta i Askeladden. 

Formidling/tilrettelegging: Ikkje formidla og tilrettelagt i dag. Skilting og digital formidling kan vera aktuelle verkemiddel.

__________________________________________________________
[1] Svein Olaf Dahl: Terrasselandskapet i Etne (KVE 2001)
[2]  Mandt/Lødøen
[3]  BARK-rapport, Hordaland fylkeskommune 2012
[4]  NRK.no/Vestland, Aftenposten.no
[5]  Rapporten De arkæologiske undersøgelser ved Etnesjøen 2013 av Søren Diinhoff og Yngve Thomassen Flognfeldt botanisk rapport ved Anette Overland
[6]  Frå masteroppgåve i arkeologi: Øydegarden på Hellaug av Therese Nesset. Artikkel i årbok Etne sogelag 2015

2.3.2. Gravminne

Det er registrert eit stort tal gravminne i Etne. Heile 66 lokalitetar er registrert i Askeladden. Om lag to tredjedelar av dei er frå bronsealderen, og mange har store dimensjonar og iaugefallande plassering. Haugane på Stødle og Sørheim låg på kanten av den mektige terrassen, medan Kyrkjehaugen på Grindheim var plassert midt på moen. Haugane på terrassane er bygde av jord, slik skikken var i dei sørlege stroka av Skandinavia.  I yngre bronsealder (1000 - 500 f.Kr) var branngravene einerådande. I Lundahaugen på Sørheim, som truleg er bygd i eldre bronsealder (1800-1200 f.Kr) er det funne ei stor gravkiste av stein, som er typisk for tidsrommet. I yngre bronsealder (1200 - 500 f.Kr) var branngravene einerådande.

Ut over i jernalderen heldt ein fram med å nytta dei store bronsealder haugane som gravplassar. Også i tidleg jernalder var det vanleg med branngraver. Det kom òg ein ny type gravminne, steinringane. Dei er sjeldne på vår kant av landet, men er kjende frå fleire stader i Etne. På Sørheim ligg fire stykke på rekkje.

Etne er mellom dei områda i landet som har flest spor frå yngre romartid (200 - 400 e.Kr) og folkevandringstid (400 - 575 e.Kr). Gravene er hovudkjelda til kunnskapen om desse tidsbolkane. Mange inneheld gjenstandar som smykke og kar i kleberstein eller keramikk. Gravene ligg ikkje lenger berre i dei mest sentrale områda, men er spreidde ut over det meste av kommunen. Størsteparten av funna frå folkevandringstida kjem likevel frå Grindheim-Rygg-terrassen, som nærast kan reknast som eit samanhengande gravfelt. Gravhaugane kan innehalda ei eller fleire graver. Det finst både brende og ubrende graver frå heile dette tidsrommet. I Etne er det funne mange velutrusta kvinnegraver med smykke og tekstilreiskapar, og mannsgraver med våpen. Dette var ei stordomstid i Etne, med høg handverksmessig kvalitet og vakre luksusgjenstandar, gjerne importerte. Som i dei tidlegare periodane er det dei beste jordbruksområda som dominerer. Her ser me truleg konturane av storgardane og dei mektige ættene frå historisk tid.

Frå vikingtida med innføringa av kristendomen opphøyrde skikken med å haugleggja dei døde og gje gjenstandar med i gravene. Men alle dei tre mellomalderkyrkjene i Etne er bygde i område med mange gravminne frå tidlegare tider. Også Skånevik kyrkje ligg på ein stad med forhistoriske gravminne, som seinare vart kyrkjestad i mellomalder.
Gravfeltet på Ebna: Gravfeltet frå jernalderen ligg i eit jordbruksområde nær sjøen, og har vore mykje større enn kva som er tilfelle i dag. Her har vore åtte gravhaugar, ei steinsetning og ei flatmarksgrav. I dag er her fire (mogleg berre tre) haugar og ei steinsetning att. 

Vernestatus: Alle gravrøyser frå før reformasjonen er automatisk freda.

Tilrettelegging: Sjå 2.3.1. Gravfeltet på Ebna er tilrettelagt med skilt. 
 

2.3.3. Helleristningar

Helleristningar er del av den type kulturminne som samla vert kalla bergkunst. Dette er bilete av menneske, dyr, båtar, gjenstandar, abstrakte geometriske symbol og skålgroper, som er hogd, skore, slipt eller malt på bergflater eller steinblokker. Når det gjeld bergkunsten i Etne består den av skålgroper og helleristningar, der helleristningsmotiva er danna av små hogde hol som tett i tett utgjer linjene i figurane. Ein deler bergkunsten i to hovudgrupper: Veideristningar og jordbruksristningar. Veideristningane har utgangspunkt i jegersamfunnet i steinalderen, medan jordbruksristningane har sin bakgrunn i bondekulturen i bronsealderen.

Etne er ei av dei rikaste helleristningsbygdene på Vestlandet. Heile 34 felt med helleristningar er registrerte i kommunen. Alle er av typen som blir kalla jordbruksristningar, sidan menneska som laga dei baserte seg på jordbruk som hovudnæringsveg. Framleis ligg så å seie alle felta sentralt i godt jordbruksland, og gjerne i tilknyting til gardstun. Dette tyder på at det var ein samanheng mellom ristningane og den nye jordbruksøkonomien. Skålgroper på 2 – 3 og opp til 10 cm er det vanlegaste. Elles er skip, ringfigurar, fotsole-liknande figurar, menneskefigurar, dyr, tre, økser og ymse andre motiv representerte.[1]  

Om lag ein tredel av felta ligg i sentrale delar av bygda, medan resten ligg i Stordalen. Felta kan delast i tre hovudtypar: Dei reine gropfelta, felt med berre groper og ringar, og felt med variert ristningsrepertoar. Helleristningsfelta med jordbruksristningar vert gjerne datert til bronsealder og første del av eldre jernalder. Artikkelen «Ristningar i tid og rom» av Kjersti Vevatne (ETV) gjev utfyllande informasjon om nokre av tolkingane, samt argument for mogleg eldre dateringar av helleristningane i Etne.

Helgaberg:

Helgaberg er ein rund knaus som stikk opp frå terrasseflata ved det gamle tunet på Stødle. Ristningsfeltet, som vart kjend i 1860-åra, består av ei mengd skålgroper og ringfigurar, og diverse u-forma figurar som er daterte til bronsealder og første del av eldre jernalder. Truleg har dette vore ein kultstad i forhistorisk tid. Feltet er del av området på Stødleterrassen som er mellombels freda. Her har det vore fleire gravhaugar, og nokre få hundre meter nordaust for ristningane er det funne ein verdifull bronsehalsring.[2] 

Helleristningar i ein hage - Klikk for stort bildeHelleristningane på Helgaberg ligg i ein hage på Stødleterrassen.

 

 

 

 

Duesteinen på Vinja:

Duesteinen er eit helleristningsfelt med ringfigurar, groper og U-forma motiv. Det er funne skålgropsteinar fleire stader på garden Vinja. Ved Duesteinen er det òg funne ein pilspiss av flint som kan daterast til siste delen av yngre steinalder.[3]  Steinen ligg i eit område med ei rekkje andre arkeologiske kulturminne, mellom anna gravrøyser. 

Fjøsnaneset

På dei glatte bergflatene ovanfor vegen på Fjøsnaneset er det fleire figurfelt. Her finst både båtar, ringfigurar og fotsolar, men få skålgroper.

Bruteigsteinen på Flåte

Skisse av helleristningar i Bruteigsteinen - Klikk for stort bilde

På Bruteigsteinen finn me eit særs rikt og variert biletfelt med i alt 68 figurar. Steinen er vel 10 gonger 8 meter og har ei flat overside som hallar nedover bakken. Her har jorda vore dyrka heilt attende til bronsealderen (1800 f.Kr.- 500 f.Kr.). Bergbileta har sitt opphav i jordbrukskulturen for 3000 år sidan, og har truleg vore ein del av ein kultus for sol og grøderikdom. Tidleg på våren nådde solstrålane ned i dalen gjennom Flåteskaret og trefte Bruteigsteinen på ny etter vinteren.[4]  Her finn me òg tre som motiv, noko som er uvanleg i Norge.[5]  Bruteigsteinen er eit døme på jordbruksristningar.

Vernestatus: Alle helleristningane er automatisk freda. Helgaberg ligg i området på Stødleterrassen som er førebels freda. Både Helgaberg og Fjøsnaneset er del av KULA-området. 

Tiltak/tilrettelegging: Mange av ristningane er svært forvitra, og som del av ein naturleg prosess må ein rekne med at dei går tapt i framtida. Den største faren på kort sikt er likevel slitasje på berget som følgje av trakk frå menneske. Det er viktig at tilrettelegging og informasjon blir gjort på ein måte som sikrar at det er høve til å oppleva desse kunstverka frå fortida, samstundes som me ikkje utset dei for unødig slitasje. 
Nokre av helleristningane er tilrettelagt med skilting, trapper og liknande. Det meste av dette vart gjort som del av eit prosjekt på 1990-talet i regi av Hordaland fylkeskommune og Universitetsmuseet i Bergen. Både skilt og trapper er mange stader slitne og det er stort behov for oppgradering og utskifting. 

__________________________________________________________
[1]  Digitaltmuseum.no
[2]  grind.no, Askeladden og Mandt/Lødøen: Bergkunst. Helleristningar i Norge.
[3]  Mandt/Lødøen
 

2.3.4. Bautasteinar og steinkrossar

Bautasteinar er minnesteinar frå førhistorisk tid, oftast frå jernalderen. I Etne er det berre registrert éin av denne typen, ved kyrkjegarden sør for Gjerde kyrkje. Steinen er 5,20 m høg og med ein innhogd kross på austsida. Han er datert til førreformatorisk tid. På Bergen museum finst det to runesteinar som låg i kyrkjegardsmuren ved Gjerde kyrkje fram til 1820-30-åra. På den eine står det: “Erlend rita desse runer etter Olve, far (sin)”. Denne er truleg reist av lendmannen Erlend frå Gjerde før 1030/1050. Erlend fall i slaget på Stiklestad. Den andre har teksten “Ketil satte denne sten etter Finn, sin måg”.  I tillegg skal det ha vore ei rad med minst 25 bautasteinar på kyrkjegarden. Også ved Grindheim kyrkje står ein bautastein, frå første halvdel av 1000-talet, som har lege i kyrkjegardsmuren. Den vart funne i 1905 og reist inntil nordveggen på kyrkja. Steinen har teksten “Tormod reiste denne steinen etter Tormod Svidende sin far”. På øvre del av framsida er det rissa inn ein kross. Det skal vera fleire bautasteinar som ligg i muren rundt kyrkja.
Bautasteinen på Kyrkjehaugen vest for Stødle kyrkje er langt nyare enn sjølve haugen, som er datert til 
jernalder.

Steinkrossar er kristne monument frå mellomalderen. Tradisjonen kjem frå Irland og Storbritannia, og er utbreidd på Vestlandet. Krossen som står ved Grindheim kyrkje vart funnen i kyrkjegardsmuren i 1905 og vart først reist utanfor muren. Etter ein skade vart han flytta til innanfor kyrkjegardsporten på nordsida. Steinen har tidlegkristen form med runde hol i krossmidten og i hjørna mellom krossarmane. 

Vernestatus: Berre bautasteinen ved Gjerde kyrkje er registrert som sjølvstendig objekt (einskildminne) i Askeladden. Bautasteinen og steinkrossen ved Grindheim kyrkje står på kyrkjestaden, som er automatisk freda. Kyrkjehaugen ved Stødle kyrkje er òg automatisk freda. 

Tilrettelegging/formidling: Alle bautasteinane ligg ved kyrkjer og blir formidla som del av kulturmiljøet knytt til kyrkjene. Det er kulturminneskilt ved Stødle kyrkje.
 

2.3.5. Bygdeborger

Det er fleire teoriar om kva rolle bygdeborgene har hatt. Den tradisjonelle oppfatninga er at det har vore tilfluktsstader i ufredstider. Det kan òg har vore del av eit større forsvars- og varslingssystem der signal vart sende frå borg til borg. Bygdeborgene ligg på vanskeleg tilgjengelege høgdedrag, med restar etter murar og vollar som har vore stengsel der tilkomsten er lettast. I Etne er det heile fire bygdeborger: Borgaråsen på Matskår, Holenuten ovanfor Brøllom, Hushaug på Vad og på ein langstrekt åsrygg på Steine. Ingen av dei er daterte, og dei er ulike både i plassering, utforming og storleik.  

Bygdeborga på Vad Staden der bygdeborga på Vad ligg er kalla Hushaug, og ligg i eit turområde. Borgområdet er avgrensa av stup og ein synleg mur. Det er eit vad i nærleiken av lokaliteten, og det er gjort eit sverdfunn på garden noko som gjer at det er mykje som kan formidlast i samanheng med bygdeborga. 

Borgaråsen på Matskår ligg nær Etne sentrum. Den søre delen av toppen har vide, flate berg og stup på tre sider. Mot nord er det ein stor mur som er nedrasa. Det går tursti til toppen frå Honsvika. 

Vernestatus: Alle bygdeborgene er automatisk freda. 

Tilrettelegging/formidling: Det er merka turstiar til Hushaug og Borgaråsen. Det er behov for skjøtsel og skilting. 

2.3.6. Vardar og vetar

Vardebrenning, opphavleg kalla vetebrenning, har vore brukt til varsling av krig og ulukker heilt opp mot 1700-talet. Vetane var ein del av det landvernet Håkon den gode skipa på 900-talet. Frå landsende til landsende kunne krigsbod gå på 7 dagar. Fjelltoppen Veten ovanfor Fitja har vore del av denne varderekkja.

Vernestatus: Veten ved Fitja er ikkje registrert i Askeladden, men er del av KULA-området i Etne.

Tilrettelegging: Ingen

2.3.7. Ferdslevegar

Me kjenner ikkje til mange førreformatoriske vegfar i Etne, men det finst nokre. I fjellsida på Grindheim er det registrert eit vegfar, dels som hulveg, frå førreformatorisk tid. Ein moderne skogsveg kryssar vegen fleire stader. På Kambe er det registrert ein tilsvarande veg, som er truleg er ei geil frå jernalderen. 

Sleper er ei nemning som blir brukt om dei gamle ferdslevegane mellom landsdelane frå tida før 1600-talet, då staten tok ansvar for bygging av vegar. I Askeladden er det registrert eit slikt vegfar frå Rullestad til Røldal, som ein trasé knytt til Nordmannslepene over Hardangervidda. Slepa har opphavleg gått frå Fjæra. Andre ferdslevegar er omtala under 2.4.6.

2.3.8. Klebersteinsbrot

På Tøsse i Åkrafjorden er det tatt ut kleberstein på to stader i “Blautesteinsberget”. I hovudbrotet om lag 50 meter over havet er det spor etter uttak av minst 100 gryter. Ein veit ikkje kva tid det var aktivitet her, men truleg var det før reformasjonen. Også i Osvåglia finst det spor etter eit klebersteinsbrot, som truleg skriv seg frå jernalder eller mellomalder. Kleberbrotet ligg i Klovsteinsjuvet, om lag 350 meter over havet. Det er nemnt i gamle segner, men vart “gjenoppdaga” og undersøkt i 2002. Det er spor etter uttak av kvaderstein (bearbeidd stein til murar) og mindre gryter. Det er uvisst kva tid det vart tatt ut kleberstein her, og kor steinen er brukt. 

Vernestatus: Klebersteinsbrota er automatisk freda.

Tilrettelegging: Ingen.

Steinformasjon som ein tunnel - Klikk for stort bildeKlebersteinsbrotet på Tøsse. Roar Bævre

 

2.3.9. Kyrkjestader

På fleire av stadene der det ligg nyare kyrkjer i dag, er det forhistoriske gravminne og automatisk freda kyrkjestader frå mellomalderen. Dette gjeld for både Stødle, Grindheim og Skånevik. Mellomalderkyrkjegarden  i Skånevik ligg att etter utskifting av kyrkjebygga fram mot vår tid, og saman med den store gravrøysa er dette det mest framtredande kulturmiljøet i bygda.

Stødle kyrkje frå 1160 høyrer som eit før-reformatorisk kulturminne inn under dette kapitelet i planen. Her har me likevel vald å omtala kyrkja saman med dei andre kyrkjene. Sjå under 2.4.7 Tru og kyrkje.

2.3.10. Gjenstandar frå forhistorisk tid

Det er gjort eit stort tal funn av gjenstandar frå forhistorisk tid i Etne, mange av dei svært vakre og verdifulle. Fleire av dei rikaste funna på Vestlandet, av gull- og sølvskattar og importerte gjenstandar, er frå Etne. Mellom anna var gardane Gjerde, Stødle og Grindheim viktige maktsenter i yngre romartid og folkevandringstid, og her er det gjort storslegne offerfunn.[1]  Dei aller fleste er lagra eller utstilte på Universitetsmuseet i Bergen. Bilete og informasjon om gjenstandane har vore tilgjengeleg gjennom nettportalen Unimus.no, som no er nedlagt. Det blir arbeidd med å gjera samlingane tilgjengelege gjennom DigitaltMuseum. Lausfunn fell ikkje inn under tema som er definert for kulturmiljøplanen, men funna har så stort omfang og verdi at det bør lagast ein eigen plan for korleis dei skal formidlast og gjerast tilgjengelege for publikum.

_____________________________________________________
[1] Håkon Reiersen: Etne – eit maktsenter i eldre jernalder. Årbok for Etne sogelag 2017

2.4. Nyare tids kulturminne (etter reformasjonen)

Som nyare tids kulturminne reknar me alle spor etter menneskeleg aktivitet i tida etter 1537. Dette femner om både bygningar og bygningsmiljø, men òg tekniske kulturminne, kulturlandskap, utmarksminne og fartøy. Av desse er kulturmiljøplanen avgrensa til å gjelda jordfaste kulturminne. Fartøy er såleis ikkje med i planen. 

Første del av omtalen gjeld nyare tids kulturminne fram til 1940. Krigsminne og kulturminne frå etterkrigstida er omtalte under eigne overskrifter. Det er gjort kort greie for historia knytt til tema og kulturminne. Det er registrert svært mange kulturminne i kommunen, og det som er omtala er eit utval av dei viktigaste kulturminna som er bevarte i dag.

2.4.1. Handels- og gjestgjevarstader, tettstader

Det som i dag er sentrumsområde har vakse fram rundt gamle handels- og gjestgjevarstader. Også andre stader har vore viktige handelsentra i tidlegare tider, utan at dei har fått same utviklinga. Både Fjæra, Markhus, Kyrping og Bjellandsnes har vore viktige knutepunkt tidlegare, men endra busetnads- og samferdslemønster har ført til at aktiviteten har stilna. Også Håfoss fungerte som eit sentrum i si tid, men verksemdene har flytta vekk trass i at staden ligg sentralt ved den viktigaste ferdsleåra gjennom kommunen. Både Etne og Skånevik sentrum er vurderte som kulturmiljø av regional verdi.

Skånevik

Tettstaden Skånevik har vakse fram kring den gamle handels- og gjestgjevarstaden frå 1700-talet. Sjøbruket har vore ei viktig attåtnæring. Skåneviksvervane var mellom dei fremste innan fartøybygging på 1800-talet, med lett tilgang til den rike furuskogen i området. Men alt for tusen år sidan, på 900-talet, då skipreideordninga vart innført av Håkon den gode, har Skåneviksgardane vore ein samlingsstad som har gjeve namn til skipreida.[1]

Det meste av Skånevik sentrum ligg under garden Milja, som er ein av dei eldste gardane i bygda og blant dei største i regionen. Det gamle gjestgjevarhuset i Skånevik ligg midt i bygda, like ved stranda. Den første kjende gjestgjevaren her var Nils Jacobsen Schanche, som dreiv ei kro i 1730-åra. Gjestgjevarstaden vart etter kvart utvida til eit senter med fiskemottak, sildesalting, gjestehus, krambu, bakeri, bøkkeri, jektefart og sal av fisk til inn- og utland. 

Sjølve gjestgjevarhuset er truleg bygd ein gong mellom 1785 og 1820, og er eit staseleg hus i lafta tømmer med symmetrisk grunnplan i to høgder. I 1908 vart eigedomen kjøpt av fabrikkeigar Christian Bjelland frå Stavanger. Då Bjelland bygde hermetikkfabrikk her vart gjestgjevarhuset teke i bruk som internat for fabrikkjenter. Huset vart kalla “Tippehuset”. I 1984 gav Norway Foods gjestgjevarhuset til bygda, og i dag fungerer det som eldresenter.

Kvite hus på rekke - Klikk for stort bildeDet gamle gjestgjevarhuset (t.v.) ligg sentralt i Skånevik. Huset til høgre har mellom anna vore formannsbustad for Bjellands hermetikkfabrikk, men kan tidlegare ha vore del av gjestgjevarstaden.

Klasseskilje Rundt århundreskiftet 18/1900 var Skånevik for ein liten småby å rekna, og var delt mellom to heilt ulike kulturar. På den eine sida var det arbeidarar og handverkarar, som mellom anna arbeidde på skipsvervane. På den andre sida var det ein kondisjonert overklasse med familiar knytte til bykulturar i Bergen og Stavanger, og delvis med røter tilbake til den siste sorenskrivaren i Skånevik. Ein del lokale forretningsdrivande og offentlege tenestemenn hadde òg omgang med desse familiane. Borna til dei “kondisjonerte” gjekk ikkje på den vanlege skulen men hadde privat undervisning. Dette var med på å forsterka klasseskiljet.[2]

Skånevik i dag: I dag har Skånevik eit triveleg sentrumsmiljø med eit stort tal kulturhistorisk verdifulle bygningar som speglar den mangfaldige historia til bygda. Dei fleste bygningane er frå siste del av 1800-talet og tidleg 1900-tal. Det er berre to bygningar att av den gamle handels- og gjestgjevarstaden. Dei står midt i sentrum tett ved hovudvegen som går gjennom bygda. Dei andre bygningane som høyrde til staden, losjihuset («Holteriet»), bakeriet, naustet og sjøhuset med krambu vart rivne på 1900-talet.[3]  Tingstova, som mellom anna romma landets eldste folkeboksamling, er flytta til Skånevikstranda og blir nytta som bedehus. Gjestgjevarhuset, Milja gard og hermetikkfabrikken er sentrale og bevarte i si opphavlege form. Andre sentrale bygg er kyrkja (1900), ungdomshuset/losjehuset Solvang (1912, kunstgalleri sidan 1999), bedehus (1911), tre generasjonar av skulebygg (1876, 1919, 1964), kunstnarbustaden og pensjonatet Krogstuen, Heggelund hotell, prestebustad frå 1910, butikklokale og industribygg. Ein del av desse er nærare omtala under respektive tema.
I det tette trehusmiljøet i sentrum dominerer sveitsarstilen. Som heilskap er miljøet godt bevart, men for einskildbygga er mykje av dei originale detaljane gått tapt gjennom utskifting og modernisering. Det er lite att etter dei gamle skipsvervane og miljøet rundt dei i området der ferjekaien ligg i dag.

Vernestatus, Skånevik: Nokre viktige historiske bygningar er regulerte til bevaring. Eit noko større område har omsynssone. Skånevik kyrkje er listeført hos Riksantikvaren. Det er fleire automatisk freda kulturminne i sentrumsområdet. Sentrumsmiljøet har regional verneverdi.

Utsikt mot Skånevik sentrum - Klikk for stort bildeUtsyn mot Skånevik med mellom anna bedehuset (heilt t.v.), kyrkja, Skånevik motormuseum, Heggelund hotell og hermetikkfabrikken.

Etnesjøen

Tettstaden Etnesjøen er sentrum i Etne kommune i dag. Dei eldste kjeldene brukar uttrykka Sjøen, eller Gjerdesjøen. Her hadde dei første bufaste i området nausta sine. I 1678 eller 79 vart det oppretta ein gjestgjevarstad her, og rundt den vaks det fram ein liten handelsstad. Opphavleg var det fire hus som utgjorde sjølve gjestgjevarstaden. Ingen av desse står i dag. I 1849 opna den første landhandelen, og i 1865 finn me to landhandlarar, tre andre handlande og fem handverkarar i den vesle tettstaden. På same tida budde det 158 menneske på gardane Gjerde og Haugen. Dei fleste var gardbrukarar eller husmenn. Eit utskiftingskart frå 1872 viser eit trettitals bygningar i to husrekkjer med veg mellom. I 1900 fanst det fire landhandlarar (ein av dei også postopnar og dampskipsekspeditør), tre andre handlande, fire bakarar, ein losjivert og ti handverkarar, medan talet på jordbrukande husmenn hadde gått ned.[4]  

I dag finst berre ei handfull av bygningane frå den gamle tettstaden att. I SEFRAK-registeret er det berre registrert to bygningar frå før 1850, og ingen frå perioden 1850 - 1900, i området frå hovudvegen og ned mot sjøen. Dei fleste SEFRAK-registrerte bygningane i sentrum elles er frå tidleg 1900-tal. Bygningsmiljøet rundt Gjerde kyrkje er særleg viktig for områdekarakteren.

“Rike-Erik” sitt hus (Lensmannshuset) er eit særprega bustadhus i Etne sentrum, bygd i 1904 - 1907 av Erik Eriksson Haugen (1857 - 1932). Han vende heim frå USA i 1899 med ei formue han kunne leva romsleg på. Bygningen har ei rekkje amerikansk-inspirerte detaljar, som smijernsrekkverk på taket, listverk og anna.[5]

Børretzen-huset er eit typisk vestlandshus med stove i kvar ende, kjøken og gang i midten. Første gong sett opp i Vats i 1869, seld og flytta til Etne i 1870. I 1917 vart taket heva og skifta frå panner til skifer, og framsida fekk altan. Bernt Børretzen og kona Synneva Weltzin dreiv mellom anna landhandel og dampskipsekspedisjon i huset.

Etne hospits vart etablert i 1934. Bygningen er del av det som seinare vart omdøypt til Etne hotell, og i dag  har gjenoppstått som Fugl Fønix Hotel. Den opphavlege bygningen er den delen som vender ut mot riksvegen.

Vernestatus, Etne sentrum: Eit utval historiske bygningar er regulert til bevaring. Omsynssona omfattar  fleire bygningar som er spesifisert i vedlegg. Gjerde kyrkje er listeført hos Riksantikvaren. Sentrumsmiljøet har regional verneverdi.

Statue framfor Etne Tinghus - Klikk for stort bildeSentrumsområdet i Etne har lange historiske røter. Framfor tinghuset frå 1967 ligg ei gravrøys, truleg frå jernalderen. Statua av Magnus Erlingsson er laga av Per Ung. Mykje av bygningsmiljøet som vaks fram i Etnesjøen i siste halvdel av 1800-talet er vekke i dag.

Kyrping

Frå gammalt av  var Kyrping eit knutepunkt for ferdsle langs fjorden. Soga fortel at Erling Skakke og far hans hadde delar av flåten sin liggjande her om vinteren fordi Etnefjorden då fraus til. Vanlege folk frå grannegardane hadde nausta sine her, og reisande som skulle til fots over fjellet la til med båt i Kyrping.[6]
Kyrping er ein kombinasjon av strandsitjarstad og handelsstad og høyrer ikkje til den eldre gruppa av handelsstader frå 1600- og 1700-talet. Det var liberaliseringa av handelslovgjevinga i 1842 som la grunnlaget for handelsverksemda på Kyrping, med Stordalen og Åkrafjorden som oppland. Dei første handelsmennene slo seg til på Kyrping litt ut på 1840-talet. 

Etter at den nye riksvegen kom, vart Kyrping liggjande i bakevja, og etter 130 år med handel var det slutt på Kyrping som handelsstad. Men miljøet på staden er velbevart. Fleire hus er sett i stand og har fått nytt innhald, medan andre er prega av begynnande forfall.

Handelsstaden omfattar dei fem vestlegaste bygningane som opphaveleg var i bruk: Hovudbygning, sjøbu, sjøbu med butikk, bakeri og løe, og vidare omfattar det eit bustadhus med butikk. I tillegg utgjer eit bustadhus med fargeri og to strandsitjarstover ein viktig del av miljøet på sørsida av vågen.[7]

Vernestatus: Handelsstaden med 9 bygningar er registrert i Askeladden, men har ingen formell vernestatus. Foreslått til omsynssone.

Kaien og naust på Kyrping - Klikk for stort bildeKyrping Espen Mills
Notahus og utsikt ut fjorden - Klikk for stort bildeMarkhushamn med kaien, og Hamnaholmen med notahus frå 1940-talet.

Markhushamn

Markhus er namnet på både tettstaden nede ved sjøen og garden lenger oppe i lia. Tettstaden blir òg kalla Markhushamn etter den gode hamna som ligg skjerma bak ein liten holme. Alt på 1600-talet var det sag her, og det vart drive omfattande handel av tømmer med skottane. Aktivitet frå 1600-talet er dokumentert gjennom funn som er gjort i hamneområdet mellom kaien og Hamnaholmen. 
Skulen vart bygd i 1889. Kring 1900 starta “Larsabrørne” butikk nede ved hamna, om lag samstundes med at det vart bygd dampskipskai, postkontor og telefonstasjon. I 1928 vart bygda råka av eit stort skred som tok med seg fleire bygningar og øydela mykje. I 1940 etablerte Kjetil Markhus pipefabrikk, med 8 - 10 mann i arbeid. I 1946-47 produserte dei 50 000 piper og måtte gå på skift fordi huset var for lite. “Pipehuset” er rive. 
I dag går den nye E-134 utanom den gamle tettstaden, og handelen har flytta frå butikkane nede ved sjøen inn i Åkrafjordtunet på Teigland.[8]  Mykje av miljøet er likevel framleis intakt. 

Vernestatus: Funnstaden i hamneområdet er automatisk freda. Markhus (Hamn) er regulert til spesialområde for bevaring i kommuneplan/reguleringsplan.

Bjellandsnes

I 1920-åra fekk Bjelland dampskipsstopp, krambu, telefonstasjon og brevhus på Bjellandsnes. Dette vart den faste samlingsstaden for folket på Bjelland og grannegardane. Kulturmiljøet på staden med naustmiljø og krambu på kaien, gardstun og bedehus (1936) er bevart. Av skulen, som låg i utmarka mellom Bjelland og Eintveit, står berre murane att.

Vernestatus: Ingen av bygningane er verna eller sefrak-registrert. Føreslått til omsynssone.

________________________________________________________
[1] Håkon Reiersen: Etne – eit maktsenter i eldre jernalder. Årbok for Etne sogelag 2017
[2] Frå Kulturhistorisk vegbok - Etne

[3] Skånevikssoga b. VI, s. 298 - 301
[4] Grind.no
[5] Les meir om utviklinga av tettstaden i KVE s. 108 - 113
[6] KVE s. 112
[7] KVE
[8] Kjelder: Askeladden, KVE

2.4.2. Kulturminne i landbruket sitt kulturlandskap

Landskapet er ein heilskap av naturgjevne og menneskeskapte tilhøve, og samspelet mellom desse. Utviklinga i busetnad, arealbruk og ressursbruk frå dei eldste tider og fram til i dag har prega og endra landskapet. Kulturminne knytt til landbruk er den største kategorien kulturminne i Etne. For å forstå og forvalta dei kulturhistoriske verdiane i landskapet på best mogleg måte må me sjå natur og kultur i landskapet i samanheng.[1]

Innmark og utmark

Kulturlandskapet er delt i innmark og utmark, oftast skilde av ein bøgard. Innmarka har vore eit intensivt drive kulturlandskap og er rikt på kulturminne: Steingardar, vegar, bakkemurar, rydningsrøyser og ei lang rekkje spesialbygningar for ulike føremål. Mange stader er landskapet intakt og framleis i drift. Andre stader har kulturminna måtta vika for moderne driftsformer, eller landskapet er i endring fordi det ikkje er i bruk. Utmarka kan ved første augekast sjå ut som urørt natur, men også her finn ein eit rikt tilfang av kulturminne som fortel om tidlegare tiders bruk av landskapet. Det kan vera steingardar, ferdslevegar, ruinar etter kverner og murar etter husmannsstover der naturen etter kvart har tatt jordbrukslandskapet tilbake. Dei fleste av desse kulturminna er ikkje registrerte. 

Kulturlandskapet er avhengig av drift. Mindre intensiv bruk av landskapet fører til at krattskogen er i ferd med å ta over mange stader. Dette går òg ut over kulturminna, som blir «usynlege» og utilgjengelege i eit gjengrodd landskap. Røter frå tre øydelegg gamle murar. Kulturlandskapet er det beste dømet på at kulturminne må brukast for å kunna bevarast. 

Bygningane i landbruket

Ein stor del av bygningane  som er registrerte i Etne, er knytte til landbruket. I SEFRAK-registeret finn me 2131 registrerte bygningar og restar etter bygningar, og nesten 50 ulike nemningar på bygningar knytt til gardsbruk. Nokre av nemningane overlappar einannan, men talet fortel likevel om eit svært stort mangfald av bygningar på gardane i Etne.  Av dei som framleis finst er våningshus, løer og uthus (som det òg blir nytta andre nemningar om) i stort fleirtal, medan det for fleire typar er berre ganske få eller ingen ståande bygningar att. På bruk som framleis er i drift er oftast miljøet rundt bygningane mykje endra, men nokre stader ligg dei framleis i sitt opphavlege miljø. Slike heilskaplege kulturmiljø har stor verdi som kjelder til kunnskap om byggeskikk og historie, og har høg prioritet i planen. I tillegg er det  peika ut nokre einskildbygningar som representerer breidda av bygningstypar i landbruket, og som har verneverdi uavhengig av om dei framleis er del av eit miljø. 

Gardstunet

Det typiske gardstunet bestod frå gammalt av stove og bu, skykkje, eldhus og løe, sengebu og stabbur.[2]  Våningshus, løer og uthus har ofte fått vidare liv ved å bli moderniserte, og dette er nok den viktigaste årsaka til at me framleis har mange att av dei.  Dei bygningstypane som har gått ut av bruk, er mindre endra. Mange er truga av forfall, men nokre typar bygningar, som eldhus og stølsbygningar, peikar seg ut med at dei har blitt bevarte trass i at den opphavlege bruksmåten for det meste har opphøyrt. 

Klyngetun

Etter gjentatte bruksdelingar utvikla klyngetunet seg til den vanlegaste tunforma på Vestlandet. Bygningane frå fleire bruk låg samla i ei klynge, med jorda spreidd i blanda teigar rundt. I samband med den store jordreforma i siste halvdel av 1800-talet vart desse tuna løyst opp og mange av bygningane flytta til nye tun. I den samanhengen vart dei ofte òg om- og påbygde, og såleis er det få hus som har stått uendra frå før denne tida. På Øvre Rafdal var det ei tid bygningar som høyrde til tre bruk i tunet. I dag har det har framleis preg av klyngetun, men bygningane er berre delvis dei same, og høyrer til to bruk. Også bygningane på bnr. 1, og 3 Vatnedalen ligg samla i det gamle fellestunet, medan bnr. 3 og 4 flytta sine ut frå fellestunet i samband med utskifting i 1825/26.[3]  Også gardstunet på Håland (53/1,2,13) har preg av å vera eit klyngetun.

Fleire kvite hus i eit tun - Klikk for stort bildeGardstunet på Håland har bygningar frå fleire bruk. To av våningshusa er lemstover med ein byggjeskikk som er typisk for Sunnhordland. Liv-Kari Bødtker

 

Husmannsplass

Ein del gardsbruk var opphavleg husmannsplass. I Etne var husmannsvesenet særleg utbreidd, og midt på 1800-talet var det nesten like mange husmenn som gardbrukarar i prestegjeldet. Storgarden Norheim på nordsida av Stordalsvatnet hadde åtte husmenn, som dreiv små og skrinne jordlappar. Også i Skånevik var talet på husmenn høgt. Sævareid-garden hadde ikkje mindre enn atten husmenn på det meste.[4] 

Bygningane til husmennene var oftast enklare og mindre enn hos gardbrukarane. Mange stader var hus og løe samanbygd. Slike hus er bevart mellom anna på Auklandstræet i Litledalen og Melkevik i Tungesvik. Strandsitjarar, som er definert som “husmenn utan jord”,  var det færre av i Etne. To strandsitjarstover er bevart ved handelsstaden i Kyrping. 

Mot slutten av 1800-talet døydde husmannsvesenet meir eller mindre ut. Husmannsplassane vart anten nedlagde eller fall tilbake til hovudbruket.[5]  Der husmannen ikkje kjøpte seg ut og vart sjølveigande, tok han gjerne huset med seg når han flytta. Difor står mange stader berre murane att. Mange husmenn utvandra òg til Amerika. Husmannsvesenet vart avvikla i første delen av 1900-talet. 

På 1950-talet vart det planta skog i mange av områda der det tidlegare var husmannsplass. Ruinar etter bygningane finst framleis i skogen, men er sårbare for moderne skogsdrift med hogstmaskinar. Øygardslia og Austmannalia på sørsida av Stordalsvatnet er område der det har vore heile samfunn av husmenn. 

På heile sørsida av Stordalsvatnet låg for hundre år sidan plassar tett i tett. Gardsbruka her på skuggesida var mindre enn på Nordheim, og bøndene hadde mindre arbeid å by husmennene sine. Plassa var derfor gjerne større, slik at husmennene kunne avla meir av det dei trong til levemåten, og så spedde dei på med attåtyrke, særleg innafor handverk og småhandel. Flyttar vi oss ned til sentrum i bygda, Etnesjøen, finn vi her den tettaste konsentrasjonen av husmenn på 1800-talet. Her var tilknytinga deira til handverk, handel og transport mykje tydelegare enn i Stordalen. Går vi utanfor Etne, finn vi gjerne endå fleire typar inntektsgjevande verksemd, om enn i andre blandingsforhold. Eitt er såleis sikkert: Husmannsvesenet var ikkje berre eit fattigdomsmerke og ein stasjon på vegen til byen eller Amerika. Det kunne på same tid vera uttrykk for ei tiltakande arbeidsdeling i bondesamfunnet og vekst i næringane utanfor jordbruket. Slik sett varsla det faktisk ei ny tid! [6] 

Våningshus og løe samanbygd - Klikk for stort bildePå den tidlegare husmannsplassen Auklandstræet (t.v.) er våningshus og løe samanbygd.
Stødl med våningshus og løe - Klikk for stort bildePå Stødl under Frette budde den siste husmannen i Etne.

Våningshusa

I mellomalderen kunne bustadhusa ha svært enkel planløysing. Dei såkalla røykstovene bestod ofte av eitt rom med åre i midten eller røykomn i hjørna og ljore i taket. Fleire stader, til dømes på Hellaug  og Volme, er det funne tufter etter langhus frå mellomalder, der bustaden var bygd saman med hus for ulike andre funksjonar. Restar av denne skikken finst det spor etter fram til nyare tid. På  Tveito i Stordalen sto eit langhus med 7 rom fram til utskiftinga i 1875.[7]  Framleis finst det fleire hus i Etne der løe/fjos og våningshus er bygde saman, til dømes Auklandstræet, Mjelkevik og i Vatndal. På 1800-talet var denne hustypen mest vanleg på husmannsplassa.

Røykstova var det eigentlege bustadhuset, medan bua eller loftet vart brukt til lagerplass i vinterhalvåret og soveplass for gjester om sommaren. Bua hadde oftast ikkje eldstad. Etter kvart vart det vanleg med sval og kove i tillegg til stova. På 1700-talet tok ein til å byggje saman desse bygningane, med ein gang imellom, og i samband med overgangen frå røykomn til pipe vart det mogleg å leggje lem over stovene. Lemstovene vart vanlege rundt midten av 1800-talet. Den klassiske lemstova har to stover med gang imellom, ofte med kammers bak kvar av stovene. På mindre bruk kan dei kan òg ha berre ei stove, og gjerne skut i eine eller begge endane eller ei halvtekkja på baksida. I si eldste form hadde gjerne taket over røykstova og den nyare stova to høgder, men etter kvart fekk dei fleste eitt samanhengande tak over heile huset. Nokre stader, som i Sæbøtunet, på Rivåsen og på Ljusnes er det hus som har bevart dette særtrekket.

Det typiske sunnhordlandshuset er symmetrisk med dør midt på og gjerne eit opplett med flatt tak - pultark - over inngangen. Det finst framleis mange fine døme på slike hus i Etne, sjølv om ein del er ombygde. Våningshuset på Aukland i Litledalen er eit godt døme. Me finn òg slike hus mellom anna på Mosnes, Glåmo, Tungesvik, Engelsgjerd og Eljarvik. På Sævareid fekk nesten alle bruka slike hus rundt 1860-talet, og dei fleste av dei er framleis intakte.

På mange gardar vart lemstova erstatta av nye hustypar då fellestuna vart oppløyste. Mot slutten av 1800-talet vart det såkalla “midtpipehuset” med to stover utan midtgang og kjøken på baksida utbreidd. Sveitsarstilen vart særleg populær på Vestlandet på slutten av 1800 talet. Desse husa kunne ha høge, bratte saltak og spiss gavlark, ofte dekorerte vindskier og loddbord. Børretzenhuset i Etnesjøen og hovudhuset på Milja er fine representantar for denne stilen. Hus frå om lag same perioden kan òg ha trekk frå jugendstilen.

Driftsbygningar

Eldre løer, naust og andre uthus i tre er for det meste stavbygde eller grindbygde. Grindverksteknikken vart  nytta heilt fram til første halvdel av 1900-talet. I enkelte løer på Vestlandet er det påvist grindverk frå mellomalderen. Elles var mange av dei mindre uthusa bygde i stein. Mange eldhus, fehus og smalahus er mura opp i tørrmur med stein frå staden. Naust kan vera bygde i grindverk, mur eller lafteverk, eller ein kombinasjon av desse. 

Løene: Frå gammalt av har fjos/flor og låve gjerne vore to separate bygningar. Men rundt midten av 1800-talet vart det vanleg å samla dyrerom, fôrlager og lager for reiskapar under eitt tak, i det som blir omtala som «enhetslåven».[8]   Desse løene, som gjerne har vore raudmåla, har prega landskapet i over hundre år. 
Den framsynte bonden Torbjørn Tolleivsson Øyno (1833 - 1915) skal ha bygd den første siloen i Hordaland på Øyno. Elles kom ikkje siloen for fullt før i mellomkrigstida. Det vart bygd frittståande tårnsilo på mange gardar, og dei nye løene hadde gjerne integrert silo. I dag er både løene og siloane på veg ut, og utviklinga går igjen mot eigne bygningar for dei ulike funksjonane. Eit stort tal løer har gått ut av bruk, og som følgje av det er det mange som forfell. Dersom denne delen av kulturarva skal sikrast for ettertida, er det er behov for å sjå på nye måtar å nytta bygningane på.

Illustrasjon av Grindbygg av Nils Georg Brekke - Klikk for stort bildeIllustrasjon av Grindbygg av Nils Georg Brekke

 

Stabbur - Klikk for stort bildeStabbur, Sæbøtunet

Eldhus og Stabbur: Opphavleg vart eldhusa brukte til ei rekkje ulike føremål – matlaging, baking, røyking, klesvask, ølbrygging, heimebrenning (fram til ca. 1850) og tørking av korn. Dei fleste har ei stor grue, og nokre har spesielle innretningar til annan bruk. På Austrheim står eit fint døme, bygd i stein. I SEFRAK er det registrert 63 eldhus, men nokre av desse er truleg borte i dag.
Stabbura i distriktet liknar andre små uthus på gardane, men kan lett kjennast att ved at dei står på «stabbar» i staden for ringmur som er vanleg for andre bygg. Ut frå SEFRAK-registeret skal det framleis stå att eit 20-tals stabbur på gardane i Etne. Det gamle stabburet på Milja frå 1700-talet og er det eldste huset på garden.

Den frittståande jordkjellaren er ein bygningstype som kom for fullt med poteta i siste del av 1700-talet. I ytre strøk av Sunnhordland finst det svært mange, men i Etne er det berre registrert nokre få. Truleg finst det fleire enn dei som er registrert.

Flor/uteflor, sommarfjos og uteløer: Fehus og sommarfjos/flor ligg utanfor eller i tilknyting til bøgarden, slik at ein slapp å føre dyra over innmarka når dei skulle mjølkast om sommaren. I uteløene lagra ein høy frå teigar som låg langt frå tunet. Døme: Flor/fehus - Engelsgjerd. Fehus i bøgarden på Bjørk  frå før 1674. 
I første helvta av 1900-talet vart pelsdyroppdrett ei ny tilleggsnæring på mange gardar. Fleire stader, mellom anna i  Vatndal, finst det revegardar frå 1930- og 40-talet. 

Sæbøtunet

Sæbøtunet er det største autentiske museumstunet i Sunnhordland. Garden Sæbø hadde opphavleg berre eitt bruk, difor er ikkje dei mange bygningane restar etter eit klyngetun, men representerer det mangfaldet av bygningar det var vanleg å ha på ein litt over middels stor vestlandsgard.[9] 
Sunnhordland museum kjøpte gardstunet i 1938. I dag er det åtte bygningar frå 17- og 1800-talet her. Bygningane er innreidd med møblar, arbeidsreiskapar og tekstilar frå denne perioden. Eit dokument frå skifte i 1799 viser at det då var dobbelt så mange bygningar i tunet. Her er det rekna opp  to røykstover, bu, eldhus, stabbur, bakebu, fjøs, løe, smalahus, stall, møkaskut, vedskut, vedskykkje, kvern og smie.[10]

Våningshuset er ei røykstove frå 1700-talet som er bygt saman med ei nyare bu/glasstove. Dette var opphavleg to separate bygningar. Det er òg ei lita lemstove frå 1905 i tunet. Stabbur og eldhus er òg bygningar som høyrde til hushaldet. 
Tunet er delt i eit inntun og eit ut-tun. Løa i Sæbøtunet har rom til fòr, korn og tresking, og ein liten tømra stall i ein skut i eine brystet. Fjøset er ein eigen bygning som er knytt saman med ein møkaskut. Denne kunne brukast både som geitefjøs og stall. 
I tillegg til bygningane, som har ein høg antikvarisk verdi, er det samla mykje gjenstandar frå bygda i tunet, mellom anna ei stor tekstilsamling. Museet er ope i sommarsesongen. Det blir òg brukt til ei rekkje lokale tilskipingar. 

Gamle bygningar - Klikk for stort bildeDei åtte bygningane i Sæbøtunet gjev eit godt bilete av byggjeskikken i Etne på 17- og 1800-talet. Tidlegare var det fleire bygningar i tunet.

Vernestatus: Regulert til spesialområde for bevaring.

Det er få tun som kan samanliknast med Sæbøtunet når det gjeld talet på bevarte bygningar.  Men tunet på Rullestad (102/3) er døme på eit gardstun i privat eige der dei fleste bygningstypane framleis finst. Her er det både våningshus (lemstove), løe, røykstove med eldhus, vilkårsstove, vilkårsløe, stabbur og smalahus. På dei fleste bruka er det våningshus, løe og eldhus som står att, medan dei andre bygningstypane er meir sjeldsynte.

Milja gard

Milja var embetsgard for sorenskrivaren i Sunnhordland frå 1752 til 1813. I 1885 kjøpte Jakob Bull-Tornøe og kona Juley (Julie) Wuppermann garden. Sorenskrivaren sitt våningshus vart erstatta av det staselege sveitsarstilhuset som ligg på garden i dag i 1884, og i 1898 var den nye driftsbygningen klar. Den var 99 meter lang og ein av dei største på Vestlandet. Gartnarar frå utlandet opparbeidde ein stor prydhage på garden, og det vart satsa på fruktdyrking, gartneri, skogbruk og utnytting av vasskrafta i elva. Garden har vore sentral i det økonomiske, sosiale og kulturelle miljøet i bygda gjennom tidene. Drifta omfatta både eit stort tal husmenn og andre leigefolk. 
Garden skil seg ut både i Etne og regionen elles med den særeigne og mangfaldige historia, og eit stort tal bevarte bygningar av ulike slag. Sjå òg omtale under 2.4.12.

Vernestatus: Milja gard er regulert til kulturmiljø i reguleringsplan/kommuneplan.

Hus i sveitsarstil med hage rundt - Klikk for stort bildeHovudhuset på Milja gard er eit staseleg og godt bevart hus i sveitsarstil, med ein parkmessig hage. Espen Mills

Bureising: I mellomkrigstida vart det gitt støtte til bureising (å rydda nye gardar), mellom anna som eit mottiltak mot emigreringa til Amerika. Mange som hadde førsterett til å overta gardar vart i staden bureisarar på grunn av denne ordninga. Planane om bureising på Rusfeltet vart avbrotne i 1940 på grunn av krigen, og sidan har det ikkje vore bureising i Etne.

Andre kulturminne knytt til landbruk og kulturlandskap

Kulturlandskapet blir best tatt vare på gjennom dagleg bruk, vøling og skjøtsel. Samstundes kan område som er lite brukt i nyare tid ha kvalitetar som er vanskelege å ta vare på gjennom moderne bruk.

Steingardane pregar det gamle  kulturlandskapet. Dei kan vera enkle (dvs. murt frå ei side), eller doble kistemurar som er slette på begge sider og med fyll i midten. Mange er bygde som grensegjerde etter utskiftinga i jordbruket i siste halvdel av 1800-talet, medan dei som skil innmark frå utmark kan vera eldre. Mange stader er det òg innmura dyrkingsteigar og utefjosar som er bygde saman med steingardane. 

Geil: Ei geil er ein veg eller fegate med murar på begge sider, som førte frå tunet og ut til utmarka. Den vart brukt til å hindra dyra i å gå på innmarka når dei vart jaga til og frå beite. Døme: Rullestad mfl.

Bakkemurar: På brattlendte bruk vart gjerne jorda bygd opp i terrassar for å hindra jordsig. Døme: Tjelflåt 

Hagemark er ein type beitemark med spreidde tre og buskar. Trea kan gjerne vera styvingstre der lauvet har vore hausta til fôr. Askelauv som vart plukka om hausten ei tid før lauvfallet kunne måla seg med godt høy. Tidlegare på året vart det samla lauv og ris av osp, alm, eik, selje, hegg, lind, svartor og bjørk.[11]  Kulturlandskapstypane som denne driftsforma skapte er på veg til å bli borte, men i Etne finst det fleire frodige lier med lauvtre som har blitt hausta. Slike lier finn ein både i Stordalen og i Litledalen. 

Sævareidberget 3 kilometer nord for Kyrping er ei særmerkt li med lauvrike styvingstre, som vart verna som landskapsvernområde i 1970. Det er registrert kring 900 styvingstre i det 250 dekar store landskapsvernområdet. Mest ask, men òg mykje alm og lind, og nokre store eiker. Framleis er eigedomstilhøva slik her at grunneigarane eig ulike treslag inne på einannan sine teigar. Ein del tre vart stuva heilt fram til for rundt 50 år sidan, medan andre har stått urørte i snart hundre år. Som del av ein skjøtselsplan for området er rundt 200 tre blitt stuva på ny dei siste åra.[12] 

Vernestatus for kulturminne knytt til landbruk: Eit utval av verdifulle gardstun, utmarksbygningar og kulturlandskapsområde har omsynssone. Sjå vedlegg for liste.

_____________________________________________________________
[1] Riksantikvaren.no
[2] Kjell Andresen: Byggjeskikken i Etne. KVE
[3] Skåneviksoga b. III
[4] Skåneviksoga b. VI
[5] Husmannsvesenet i Etne på 1800-talet. Lokal tilpasning og lokalt mangfold. Hovedoppgave UIO 1984 av Roald Dahl.
[6] Nils Georg Brekke. Frå https://www.grind.no/sunnhordland/etne/norheim
[7] Kjell Andresen: Byggeskikken i Etne, KVE s. 96-97
[8] Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth: Norges Låver, 2014
[9] Byggje- og buskikk i Sunnhordland
[10] Askeladden

[11] Kulturlandskapsstudier i Etne. Hovedfagsoppgave av Bente Elin Svendsen, UIB 1985
[12] KVE

 

2.4.3. Kulturminne i fjellet

Gardane i Etne har hatt eit driftssystem med sterk vekt på husdyrhald, og med ei tidvis intensiv utnytting av ressursane i fjellet. Spora etter menneske sin bruk av fjellet strekkjer seg langt tilbake i tid. Det omfattar kulturminne knytt til jakt og fangst som bogastelle og hellerar, og ferdslevegar over fjellet. Kulturlandskapet er prega av den omforminga utnyttinga av fjellområda førte med seg ved stølsdrift, beiting, slått og fôrsanking. Fehus, sauehus, utmarksløer, stakkplassar, utslått- og fjellslåttområde, stølar og beiteområde viser at ein måtte nytta alle dei ressursane ein kunne skaffa til veie. Etter Svartedauden i 1350 låg truleg dei fleste stølane ubrukte fram til folketalet tok seg opp att mot slutten av 1500-talet. Frå starten av 1700-talet og utover var bruken særleg intensiv. Det var òg  gardsdrift i fjellet, som i Nore Bjørndalen 450 m.o.h. Her var det fastbuande fram til 1887.[1]  I dag er Vetrhusstølen, som er stølen til Eikemo-gardane, den einaste staden med aktiv stølsdrift i Etne.

Stølsbruket

Arkeologiske undersøkingar og studiar av vegetasjon tyder på at tradisjonen med stølsbruk har ei historie tilbake til bronsealderen. Ei rekkje arkeologiske undersøkingar i Etne stadfestar dette. 

Bygningane på stølen består gjerne av eit sel (hus til å bu i) og ly for dyra i ei eller anna form. I si eldste form er selet gjerne eitt enkelt rom, men seinare vart det vanleg med  til dømes eigne rom til mjølkelagring. Nokre stader har ein hatt eige hus til dyra, men ofte vart ein hellar nytta som tak over hovudet. Mange stader er berre selet bevart, men på Bjørnastølen under Rullestad er det den tømra løa som er bevart. I fjellet er dei fleste bygningane mura i tørrmur, og har truleg hatt steinheller eller torv på taket. Tilgangen på råmateriale har avgrensa byggjemåten. Der det har vore lett å ta seg fram til stølen er det gjerne brukt tømmer i stølshusa. Mange stølshus er gravne inn i bakken i bakkant. Mange stader har òg enkle hellerar, kanskje med ein oppmura vegg, vore i bruk til både folk og fe. Det finst hundrevis av kulturminne knytt til stølar og stølsdrift i fjellområda i Etne. Langt frå alt er registrert og kartfesta. Reidar Berge si bok (2020) gjev ein grundig oversikt over stølsbruket i gamle Etne kommune. 

Eikemostølen/Vetrhus: Vetrhus ligg i ein dal innanfor Eikemo-gardane, og har tilkomst med traktorveg. Her finn me eit autentisk og levande stølsmiljø  med mange tradisjonelle stølsbygningar, både løer og sel. I tillegg er det rike spor etter utmarksdrift i fjellet med eit stort tal utløer og stakketufter. Til saman utgjer dette ein verdifull heilskap. Stølsbygningane er bygde i laft og grindverk. Nokre av dei har ein sjeldan byggjemåte med open gavlvegg over laftekassen. Me kjenner ikkje alderen på bygningane, men ut frå byggjemåte kan dei vera fleire hundre år gamle. Bygningane og miljøet er grundig dokumentert i fleire rapportar. Stølen har endra seg i takt med tida og bruken, og er i dag ein moderne støl med nytt geitefjøs i utkanten av stølsvollen, samstundes som det gamle miljøet er bevart.[2] Samanhengen mellom gardstunet og bruk av ressursar i inn- og utmark og sjø blir ofte broten i område med aktiv gardsdrift der nybygging, nydyrking, planering og utbygging av vegar har endra landskapet. På nordsida av Åkrafjorden er desse samanhengane særleg godt bevarte, sidan det er få nyare inngrep i dette området. Naust, ferdslevegar, gardstun, kulturlandskap og stølar er i stor grad bevart på ein slik måte at ein lett kan sjå samanhengen mellom dei.

Støl på Eikemo - Klikk for stort bildeVetrhusstølen, Eikemo Espen Mills
Raud hytte ved stein - Klikk for stort bildeHellaug med sel og Hellaugsteinen, som det er knytt ei segn til. Liv-Kari Bødtker

Døme på verdifulle stølar og stølsområde: Indre og Ytre Vieradn: Stølsområdet frå Øyno til Sandvatn har kulturminne med stort kunnskapspotensiale om busetnad og driftsformer langt tilbake i tid. Det er registrert 246 kulturminne frå nyare tid og 115 fornminne i området (inkl. område i Sauda kommune).[3]

Frettestølen: Område med spor av stølsbruk frå bronsealder til ca. 1900. Pollenanalysar syner at stølsvollen vart rydda for om lag 1000 år sidan, i vikingtida. Det er registrert åtte tufter og murar etter stølshus, der nokre kan gå attende til mellomalderen.[4]  Flåtestølen på andre sida av vatnet har truleg ei like lang historie.

Hellaug - Stølsområde og øydegard (sjå 2.3.1). Det vart stølt på Hellaug fram til 1954.

Hedlestøl ved Løkjelsvatnet. Stølshus frå 1910, bygd av ei stove frå Ve. Felleseige for gardane Ramsvik, Rame, Åsbø, Sande, Ekrheim og Norheim. 

Helleren ved Kattastølen. Fjellvegen frå Rygg til Kattastølen er skilta og merka av Etne sogelag og Etne Turlag.

Miljaseter: Eit uvanleg stort stølsbruk med to bygningar som begge er over 20 meter lange. I eine enden av ei av løene var det innreidd bu for “sætersmannen” og familien. Driftsbygningen har 100 geitebåsar. I tillegg var det hus for “sjølvfolket” frå Milja-garden og andre som gjesta staden. Bygningane vart sette opp i 1894. Våningshuset brann ned i 1988.

Bjødnastødl, Borddalen: Løe og flor på heimastølen under Rullestad, med nyare hytte/stølshus. Bygningen er tømra med kinnanov i rundtømmer og tekka med rasteheller. Bruken av bygget har truleg vore flor for kyr om natta og lager/løe for høy på skukken. Det er få stølar med intakte løer att.

Grindheimstølen: Det ligg fleire sel og rester etter stølsbygningar i området rundt Grindheimsvatnet.

Jakt og fiske 

Ressursane i fjellet har blitt brukt til matauk i uminnelege tider. Jakt og fangst var ein naturleg del av systemet for naturalhushaldet fram til 1800-talet. Jakt for sal har derimot ikkje vore utbreidd i denne perioden. Ein skaut mellom anna tiur, orrhøns og ender. Ryper og reinsdyr var det mindre av, men det vart felt mange rovdyr. Når det gjeld fiske har ein nytta seg av ressursane i Etneelva, Stordalsvarnet og dei fleste fjellvatna langt tilbake i tid.[5]

Me kjenner ikkje til mange registrerte kulturminne som kan knytast til jakt og fiske i fjellet. Det er registrert to bogastelle (skytestillingar) ved Kvannaskår (Vinja), som er bygde av flate heller lagt opp på større steinar i fjellsida. På sidene er det murt opp med stein som støtte for hellene.  Det er òg registrert ein mogleg skytestilling ved Heiaskard nær Eikemostølen. Truleg finst det eit stort tal uregistrerte kulturminne knytt til jakt i fjellet.

Vernestatus: Vetrhusstølen, Hellaug, Miljaseter, Bjødnastølen  og driftevegane Mosnes – Hjortedalen og Eljarvik - Langfosstølen er sikra med omsynssone.

____________________________________________________
[1] Jul i Etne. Årsskrift utgjeve av Etne Mållag (1983)
[2] Kulturmiljøregistrering utført av etnolog Lena Eikeland Kutschera (2001), Restaureringsrapport av Bjørn Arve Lunde (2008)

[3] Rapporten “Kulturminne i Etnefjella” frå 1985, utarbeidd i samband med konsekvensanalyse for kraftutbygging i Etnefjella, med samla katalog over alle registrerte kulturminne i det planlagde utbyggingsområdet.
[4] Reidar Berge: Stølar og stølsdrift i gamle Etne kommune
[5] Som 42

2.4.4. Bruken av vassdraga

Vasskrafta har truleg vore nytta sidan 1200-talet i Norge. I starten var bruken først og fremst avgrensa til maling av korn i små bekkekverner, men seinare vart det òg bygt møller og sagbruk. Rundt 1750 var det rundt 30 000 bekkekverner i landet. Vasskrafta vart òg nytta til drift av stamper, der ein tova ullstoff til vadmål. Frå 1500-talet, då oppgangssagene revolusjonerte trelasthandelen, vart bruken av vasskrafta utvida. På 1800-talet overtok vassdrivne sirkelsager. Seinare vart elektrisitetsproduksjon den viktigaste måten å utnytta vasskrafta på. 

I Etne har ein hatt rikeleg tilgang til vasskraft som har blitt nytta i både større og mindre skala. Det finst ruinar etter kvernhus og sager mange stader, men det er få ståande bygningar som er bevarte. Større møller til leigemaling av korn finn me mellom anna ved Håfoss. Frå 1900-talet har vasskrafta først og fremst blitt nytta til produksjon av elektrisitet, og i dag forsyner Etne store deler av distriktet med straum. 

Gammalt kvernhus - Klikk for stort bildeKvernhus, Eintveit

Kverner og  møller

I SEFRAK-registeret for Etne er det berre registrert tre ståande kvernhus, men rundt 40 ruiner og tufter etter bekkekverner.  Eitt av dei bevarte kvernhusa står på Eintveit (90/2). Her var forfallet kome langt, men bygget er restaurert ved hjelp av tilskot frå Kulturminnefondet i 2019-21. I dag kan kverna brukast til å mala korn. Også på Mortvedt er kvernhuset restaurert. 
 

Kvernhusbygningen på Eintveit vart merka og demontert i juni 2019. Etter demontering vart kvernhuset transportert med båt til Åkra der Trygve Øvstebø skulle utføre arbeidet med restaurering av den lafta bygningen. 
Våren 2021 vart bygningen demontert, pakka og klargjort for transport. Fyrst med bil frå Åkra til Teigland, før vidare helikoptertransport over Åkrafjorden tilbake til «Tjødno» og «Kvednabekkjen» som det heiter der Kvernhuset er plassert. I desember 2021 var det opningsfest for det nyrestaurerte kvernhuset. 
 

Helikopter med last under - Klikk for stort bildeFrakt av kvernhusbygningen
Folk ved kvernhuset - Klikk for stort bildeF.v. Harald Eintveit, Kristin Margrethe Eintveit og Einar Olav Eintveit.

Sager

I SEFRAK er det registrert tre ståande sager og fem ruinar. Dei er først og fremst lokaliserte i Åkrafjorden, og i Skånevik-området. I Hjelmervik vart det bygd både sirkelsag og oppgangssag i første kvartal av 1900-talet. Saga på Eikemo er frå 1800-talet. Det er òg tufter etter sager i  Eljarvik, Tysse, Nervik/Nordbø og Glåmo.
Saga på Djuve frå siste del av 1800-talet er ei vassdriven sirkelsag med spesialbygd boremaskin for produksjon av vassrøyr i tre. Bygningen er sett opp med ein spesiell type stavkonstruksjon, og har høg verneverdi. Boremaskina er sett i stand, men bygningen er i begynnande forfall. 
Eljarvik hadde både sag og kvern i Storfossen. Den første oppgangssaga vart bygd i 1760, og på 1800-talet vart han utvida med ei sirkelsag. I 1952 vart det reist ny sag på dei gamle murane, men denne vart fjerna i samband med vegutviding kring 1990.[1]

Håfoss

Krafta frå Håfossen har vore nytta i fleire hundre år. Gardane Vad og Grindheim hadde kvernhus her, og det var vadmålsstampe på nordsida av elva. Rundt århundreskiftet vaks det fram ein liten industristad ved fossen, med verksemder som utnytta krafta i større skala. Aktiviteten gav òg grunnlag for handel og annan verksemd. I den travlaste tida var Håfoss eit sentrum på line med Etnesjøen, med to butikkar i drift samstundes.

Det kom ny bru over elva i samband med utbygginga av vegen gjennom Stordalen (1889-93). Det finst framleis rester etter denne brua, men dagens bru er frå 1937.  I 1893 kom meieriet, der eit vasshjul skaffa drivkraft og ein dampkjel gav damp og vatn til reinhald. I 1914 stod eit ysteri ferdig. Krafta i fossen vart òg nytta til drift av sagbruket til Ragnvald Kringlebotn, bygd i 1905, og Etne bygdemølle som etter lang tids planlegging sto ferdig i 1923. Mølla var driven med elektrisk kraft som fleire av verksemdene fekk nytte av.[2]  Kraftverket var i drift til 1988.

I dag er ikkje krafta frå Håfoss lenger i bruk. Både meieribygget og møllebygningen står framleis ved fossen, men begge verksemdene er flytta til Etnesjøen. Meieriet flytta i 1958, og Etne bygdemølle flytta til et nytt anlegg på Tongane i 1994. Meieriet blir nytta til privat bustad. Mølla er òg i privat eige. Det er ikkje registrert restar etter kvernhus og stampe ved Håfoss, men stampa er flytta til Vad. Håfossen har eit fall på ca. 10 meter frå Stordalsvatnet, og ei laksetrapp vart bygd her i 1931. Fram til 1960-talet var Håfoss den viktigaste møtestaden i bygda.[3]

Kraftutbygginga i Litledalen

I løpet av dei første tiåra av 1900-talet begynte Etne kommune å sjå på moglegheitene for å utnytta vasskraft til å skaffa bygda elektrisitet. På same tida vart fallrettane i Litledalen seld. Haugesunds Elektrisitetsverk, som var oppretta i 1909 for å skaffa kraft til byen fekk hand om dei i 1916, og utbygginga starta. Det vart kjøpt tomt for kraftstasjon med røyrgate og fordelingsbasseng, grunn til veg Litledalen/Hordland og steinbrot ved Hordlandsvatnet. Fram mot 1920 vart det bygd stasjonsbygning, brakker og bustadhus, lagerbygg med verkstad og smie, og eit sagbruk for tømmerskjering. I 1918 var nærare 400 personar i arbeid med anlegget.[4]  I samband med utbygginga vart det bygd veg til Hordland og damanlegg ved Hordlandsvatnet. Ei 440 meter lang røyrgate og 535 meter lang tunnel går mellom kraftstasjonen og dammen ved Hordlandsvatnet. Ved Løkjelsvatnet kom det dam, tappeluke, lukehus og brakke. Då brakkene skulle fjernast vart ei av dei ombygd til mekanisk verkstad, medan ei anna vart flytta til Rygg og innreia til bedehus. Haugesund turistforeining si hytte ved Løkjelsvatnet var opphavleg mannskapsbrakke for anleggsarbeidarane. Eit provisorisk kraftanlegg i elva nedanfor Kvio, som var i drift frå 1916 til anleggsarbeidet var ferdig, vart overtatt i 1922 av Etne Bygdemølle og montert i mølla ved Håfoss. 

På garden Aukland inst i Litledalen vart det bygt ni funksjonærbustadar i perioden 1918 – 1922. Området blir kalla Litledalsgrenda, og er som ein industriby i miniatyr. Bustadane hadde høg standard etter den tids målestokk. Seinare vart det òg bygd bustadar på Hordland. Kraftutbygginga gav auka folketal og i 1918 kjøpte kommunen tomt på Gunnegjerd til eit fast skulebygg. Kraftstasjonen i Litledalen vart påbygd i 1956. Då vart arealet fordobla. Administrasjonsbygget (opphavleg anleggsbrakke, flytta og utvida fleire gonger) tilhøyrar framleis selskapet, medan funksjonærbustadane er selde til private.  Skulen vart lagd ned i 1967 og seld til private. SKL overtok som eigar og driftar av kraftverka i Litledalen og Hordland i 2018. 

I 1932 vart Etne Elektrisitetsverk etablert for å ta seg av utbygging av mellom anna leidningsnettet. Det vart òg bygd høgspentlinje frå Silda til Milja i Skånevik. Den var i bruk fram til 1953 då Skånevik fekk kraft frå Matre.[5]

Demning og lukehus - Klikk for stort bildeDemning og lukehus, Hårlandsvatnet. Bygd ca. 1920. Lukehusa til regulering av vasstand og flaumvatn er forseggjorte med valma skifertak og fint detaljerte dører.
Bygd med kraftstasjon - Klikk for stort bildeLitledalsgrenda og kraftstasjonen. Litledalsgrenda og kraftstasjonen. Espen Mills

Det har òg vore fleire mindre kraftverk i elvar og bekker. Til dømes bygde Lars Djuve kraftverk som sto ferdig i 1937 i elva på Djuve. Det forsynte garden med straum i om lag 20 år før resten av fjorden fekk straum frå Blåelva.

Bull-Tornøe sitt kraftverk i Skånevik

Jacob Bull-Tornøe reiste eit eige kraftverk til Milja-garden alt i 1898. Ti år seinare bygde han eit større kraftanlegg, som gav grunnlag for etablering av Bjellands hermetikkfabrikk og straum til mange hus i bygda.

Valdraelva

Valdraelva vart kanalisert og elvebreiddene forbygd etter at Skånevik vart råka av ein storflaum i 1944.  Der elva renn gjennom bygda er det gjort fleire typar sikringstiltak. Det er bygd 22 tersklar på strekninga, og både botnen og sidene er plastra på ulike måtar. Forbygningane er reparert, utvida og forsterka fleire gonger seinare i samband med flaum. Den 850 meter lange strekninga er registrert som “statleg listeført” hos Riksantikvaren. Her blir det vist til at anlegget er interessant fordi det består av fleire typar forbygningar med ulikt materiale og form, der ein kan lesa utviklinga over tid ut frå konstruksjonane.[6]

Rennande elv - Klikk for stort bildeOmfattande flaumsikring i Valdraelva.

Aksdal trevarefabrikk (1912) produserte først skaft til hakker, slegger, økser o.l., seinare òg kosteskaft mm. . Maskinane vart drivne av ein turbin med turbinhjul og reimskiver. Det vart aldri installert generator for elektrisk kraftproduksjon. Fabrikkbygning frå 1912 og 1919, slipp, lagerhus mm. I drift til ca. 1965.

Vernestatus: Kvernhusa på Eintveit og Mortveit, sagene på Eikemo og Djuve, Litledalen kraftstasjon og damanlegg, kulturmiljøet ved Håfoss og forbygningane langs Valdraelva har omsynssone. 

_______________________________________________________________
[1]  KVE s. 241
[2] KVE og GC5RPH7 Håfoss (Traditional Cache) in Vestland, Norway created by Ohm71 (geocaching.com)
[3] Rapport - kulturminne. Bakka-Solheim (2015)
[4] ESÅ 2003
[5] ESÅ 2019
[6] Askeladden/Kulturminner i Vassdrag

2.4.5. Industri, handverk og småindustri

Det har vore eit mangfald av små handverks- og industriverksemder i kommunen. Det som er omtala under er eit utval av verksemder som det finst fysiske spor etter. Ingen av desse er i drift i dag. Ei verksemd som derimot har overlevd er Hamre AS ljåfabrikk, som blei etablert i Hardanger i 1920, og seinare flytta til Etne. Verksemda er framleis i drift og har utvida frå å produsera ljåar, sigdar og knivar til rekkverk, trapper og utemiljø-utstyr. Fabrikken ligg på Gjerde (Orhaug), der han vart etablert då han vart flytta til Etne. Aksdal trevarefabrikk si verksemd, som er omtala over, fell inn under begge kapittel.

Hermetikkindustrien i Skånevik

Eit rikt brislingfiske, god hamn og tilbod om elektrisk straum gjorde at tilhøva låg godt til rette for hermetikkproduksjon i Skånevik. Skaanevik Preserving Compani vart etablert i 1891 i Kronstad-bygget.
Fabrikken gjekk konkurs i 1905. Seinare har bygget vore brukt som mellom anna meieri, bakeri, slaktarbutikk, sparebank og bustad. I dag er huset innreidd som leilegheitshotell. I uthuset har det vore ostekjellar.
I 1908 kjøpte Christian Bjelland den gamle handels- og gjestgjevarstaden og gjekk i gong med å etablera ein sardinfabrikk på eigedomen. Fleire av husa som høyrde til gjestgjevarstaden, som sjøbua og krambua, vart rivne for å gje plass til den nye fabrikkbygningen. Dette har vore den største arbeidsplassen i bygda heilt fram til våre dagar. I 1997 kjøpte Rieber & Søn As anlegget og dreiv fabrikken fram til han vart lagt ned i 2001.[1]

Fabrikkbygning - Klikk for stort bildeHermetikkfabrikken i Skånevik er godt bevart og eit sentralt kulturminne i bygda.

Bøkkarverksemd Det har vore tønneproduksjon mellom anna i den store sjøbua i Skjervik på Nordstranda, og i nausta på Tøssestranda.

Toflefabrikken i Skånevik var i drift frå 1898 - 1942 under namnet B. Jørgensen Garveri, Træbundsko og Skosmørelse. Fabrikkbygningen er seinare gjort om til bustad og galleri.

Treverkstad, Fjøsna: Torleif Mæhle dreiv møbelverkstad ved sjøen til slutten av 1940-talet. Bygningen som står der i dag er frå 1940. Hundre år før etablerte Reinert Hetlesæter (1832 - 1919) ein av landets første fyrstikkfabrikkar på staden. Denne bygningen er riven. Han flytta seinare verksemda til Ilsvåg.[2]                  

Mursteinsfabrikken på Børkjenes var i drift frå 1913. Staden hadde tilgang til sand og god tilkomst til sjø, og rikeleg med vatn til fabrikkdrifta. Mursteinen vart trilla med vogner som gjekk på skinner ned til kaien.  Det viste seg at steinen tolte frost dårleg, og etterspurnaden sank. Fabrikken vart nedlagt i 1949. I dag står ruinane att. Det har òg vore to butikkar, bøkkarverkstad, landhandel, bakeri, post og telefon, dampskipsekspedisjon på Børkjenes.[3]  

Meieri

Skåneviksmeieriet opna 1887 i eit lite nybygg på Milja, med eige ishus. Isen vart henta frå Mortveitvatnet. Osten vart seld til Bergen og dei større byane, medan smøret vart eksportert til England. I 1898 flytta meieriet inn i den nedlagde hermetikkfabrikken på Kronstad. Det vart nedlagt i 1908. 
Etne meieri er omtala i kapittelet om bruk av vasskrafta.

Sunnhordland mekaniske verkstad vart etablert i Skånevik i 1968. I 1986 overtok  Norsk motormuseum bygningen.

Vernestatus: Hermetikkfabrikken i Skånevik er under vurdering som regionalt verneverdig kulturminne og er regulert til vern i kommuneplanen saman med bygningen til Norsk motormuseum. Meieribygningen i Etne er del av omsynssone i Etne sentrum. Treverkstaden på Fjøsna og Toflefabrikken i Skånevik er listeført (klasse B)

_____________________________________________________________
[1] KVE s. 216-217. Les meir: Hans Olav Tungesvik: Skånevik - 100 år med hermetikk i ESÅ 2014
[2] ESÅ 1994, s. 64
[3] Endre Heggen: Mursteinsfabrikken på Børkjenes. ESÅ 1997.

2.4.6. Sjøbruk

Fiske og handel har historisk sett vore sentrale næringsvegar i Sunnhordland. Dette har sett sine tydelege spor i landskapet, i form av til dømes handels- og gjestgjevarstader, naust, sjøbuer, notahus, båtverkstader, båtbyggeri, smier, butikkar, kaiar og sagbruk. Alle desse kulturminna har sin naturlege plass ved fjorden, som var nærings- og samferdsleveg fram til vegtransporten tok over rundt 1960. Nausta  var gjerne bygde for robåtar som kunne dragast på land. Frå slutten av 1800- talet og byrjinga av 1900-talet vart sjøbruka større. Ein trong kaiar med større djupne, og ein bygde seg gjerne sjøbu eller naust på same staden.[1]
Åkrafjorden var ein viktig fiskefjord der det mellom anna har vore eit omfattande brislingfiske, men òg notbrukslaksefiske, rekefiske og fiske etter ei rekkje andre artar.  I dei seinare åra har det blitt etablert oppdrettsnæring i fjorden, med oppdrett av både laks og skjell. 

Etne har få større sjøbruksmiljø att. Både i Skånevik og Etne er miljøet langs sjøen mykje endra i dei sentrale delane av bygda. Dei fleste synlege spora etter skipsvervane i Skånevik er borte. Men andre stader finst det mindre sjøbruksmiljø som er bevart. Døme er Fjæra, Osvåg, Indre Tungesvik og Flåtehamn/Grundevedl i Skånevik. Kyrping og Markhus har òg verdifulle sjøbruksmiljø som er omtala under 2.4.1 Handelsstader. På Tøssestranda ved Eikemo-kaien er miljøet ein del endra, men sjøhus og naust bygd opp att for ny bruk. Fleire stader finst det godt bevarte einskildnaust knytt til gardsbruk. Dei fortel om driftsformer der jordbruket og bruken av sjøen var tett knytte saman. Eit døme på det er kombinasjonen av høyløe og naust, som det er registrert fleire døme på i Tungesvik-området. 

Raude naust ved sjø - Klikk for stort bildeSteinnaust, Indre Tungesvik.
Bygningar nær sjøen - Klikk for stort bildeSjøbruksmiljø med eldre og nyare bygningar i Fjæra.

Båtbygging

På 1800-talet var Skånevik det fremste heradet innan skipsbygging i Hordaland. I åra mellom 1850 og 1875 vart det bygd tre hundre seglskuter her. Mange av dei vart bygt på Miljaverven, som låg der den noverande ferjekaien ligg. I dag er det lite spor etter dei mange skipsvervane.[2]

I første halvdel av 1900-talet vart det drive med båtbygging på Djuve og Tøsseteigen på nordsida av Åkrafjorden. Lars T. Djuve (1871-1957 skal ha bygd over 80 båtar i verkstaden sin på Djuve. Materiala fann han heime i skogen på Djuve eller andre stader i nærleiken, og han skar dei til på eiga sag. Også bror hans, Ola (1882-1965) og sønene hans lærte seg handverket, og dreiv med skipsbygging på Tøsseteigen nær Djuve.[3]

Vernestatus: Sjøbruksmiljø i Osvåg, Fjæra, Indre Tungesvik, Flåtehamn og Grundevedel er sikra med omsynssone.

_____________________________________________________
[1] KVE s. 214
[1] KVE s. 246
[1] KVE s. 8

2.4.7. Kommunikasjon og samferdsle

Ferdsle til sjøs

Dei eldste ferdslerutene har vore brukt i uminnelege tider. Sjøvegen har vore viktig så lenge menneska har hatt farkostar å ta seg fram med. Gamle grenser mellom bygder og grender syner at det var fjorden som knytte dei saman. Den gamle inndelinga i skipreider var knytt til samferdsla: Eit skipreide skulle vera stort nok til å utstyra eit langskip med mat og mannskap for skipsferd.  Bruken av sjøen som ferdsleveg finn me spor etter i dag i form av til dømes kaiar og naust.

Etter kvart kom det faste båtruter og offentlege kaiar der ein handterte denne trafikken. Sunnhordland fekk den første dampskipsruta  i 1865. Ho hadde anløp i Etne og Skånevik. Seinare vart ruta forlenga til Kyrping, og så heilt inn til Fjæra. Det er bevart dampskipskaiar mellom anna i Årvika på Ebna, Osvågen og i Skjersvik på Byrkjenes. Fram til Åkrafjordvegen sto ferdig var det ferjesamband mellom Kyrping og Fjæra. I dag er ferja over Skåneviksfjorden det viktigaste båtsambandet i kommunen.

I 1908 forliste HSD-båten  D/S Folgefonden ved Skånevik, og 26 personar omkom. Eit minnesmerke på kaien vart avduka i 1993. Bilferja MF «Skånevik» frå 1967 er freda av Riksantikvaren. Frå byggjeåret og fram til 2001 gjekk ferja i rutefart for HSD i Hardanger og Sunnhordland. Ferjelaget Skånevik overtok ferja i 2005, og ho vart freda i 2006.

Ferdsle til lands

Til lands finn me gamle ferdsleårer på kryss og tvers i landskapet. Vegfar og varderekkjer fører over fjellet til dei områda som ikkje var lett tilgjengelege med båt. Den mest brukte vegen til Røldal gjekk via Frette og Øyno over Blomstølen, Saltdalen og Seljestad. Det går òg gamle ferdslevegar over fjellet til Sauda og Vikedal. Frå gardane går det gamle driftevegar opp mot stølane i fjellet. Eit døme på det er stien opp langs Langfoss. I dag er dette ein populær tursti, men han er òg framleis i bruk som drifteveg frå Eljarvik til Langfosstølen. Også på motsett side av fjorden finst det ein forseggjort drifteveg mellom Mosnes og Hjortedalen, som framleis blir brukt til å driva sau til beite i fjellet. Dalføret er del av Folgefonna nasjonalpark.

Folk som går i steintrapper - Klikk for stort bildeFrå driftevegen mellom Mosnes og Hjortedalen. Liv-Kari Bødtker

Høyreklikk for å velge modul eller skriv en tekst...

Postvegane

På midten av 1600-talet vart det oppretta postruter mellom dei største byane. Det første hundreåret vart posten langs vestlandskysten for det meste send med båt. Det var gamle jekter som var avhengige av ver og vind, og postgangen kunne derfor bli svært ujamn. Etter kvart vart det eit folkekrav å få meir faste, regelmessige postruter. Skulle ein oppnå det, måtte mesteparten av postføringa leggjast på land. Difor tok ein til å byggja dei første postvegane. Dette vegarbeidet var plikt-arbeid. Ein av desse vegane, "Den Stavangerske Hovedvei" frå Bergen til Stavanger, vart opna i 1785. Dette var det første offentlege vegprosjektet på Vestlandet.

Postvegen mellom Etne og Skånevik var ein del av denne ruta. Poststasjonane låg på Flåto i Etne og på Leknes i Skånevik. Bønder var utskrivne til skyssteneste (postbønder). I Skånevik kan det ha vore postopneri heilt sidan 1808.[1] Bård Larsson Flåto (1812 - 1902) var den siste postbonden i Etne, og den første postopnaren då postopneriet vart flytta frå Skånevik til Etne i 1845. Det har òg vore ei rekkje andre postopneri og brevhus fram til siste halvdel av 1900-talet. Postruta over fjellet vart nedlagt då det kom faste dampbåtruter i 1866. I 1877 vart det bygd telefonlinje langs postvegen. I 1932 kom dei første postførande bilrutene mellom Etne og Haugesund.[2]  

Postvegen frå Etne til toppen av fjellet er bevart utan større nyare inngrep. På Silda går vegen over fleire små bruer. Frå toppen og ned til Leknes/Skånevik er vegen utbetra og lite er bevart av den opphavlege vegen. Men den vakre steinkvelvingsbrua mellom Milja og Tjedla frå er bevart. Både vegtraseen og brua er verna. I dag blir postvegen nytta som tursti. 

Varde og sti oppå fjell - Klikk for stort bildePostvegen mellom Skånevik og Etne er tilrettelagt som tursti. Biletet viser gapahuken på Varleite, det høgaste punktet på turen. Erik Kvalheim

Postvegen mellom Skromme og Rullestad i Åkrafjorden er frå rundt 1870. Frå før av fanst det ein endå eldre kløvveg gjennom juvet, men den var både farleg og i dårleg stand, og frakt av større last var ikkje mogeleg. 

Då køyrevegen mellom Aust- og Vestlandet over Haukeli og Røldal var under planlegging på midten av 1800-talet, var det meininga å leggje den ned i Rullestadjuvet og ut til Fjøre ved Åkrafjorden. Men mellom anna fordi Skånevik heradstyre ikkje ville ha vegen – den kom berre til å trekke med seg all mogeleg rekande fant – vart den i staden lagt ned til Odda. Men etterkvart auka trafikken langs vegane våre. Samstundes var det fleire og fleire som søkte til vårsildefisket og sommarfisket etter både makrell og sild i Åkrafjorden. Mange kom over fjella frå Hardanger på jakt etter hyre i båtane som låg på fjorden, og dei var med på å endre behovet for veg gjennom Rullestadjuvet. Den om lag 2 kilometer lange kløvvegen ned Rullestadjuvet stod ferdig i 1870 – årstalet er innrissa i fjellet to stader og det vart den siste ridevegen bygd for offentlege midlar i amtet.

Det synte seg ganske snart at vegen var livsfarleg å ferdast, og i 1877 vart den utbetra til kjerreveg. Standarden var nok likevel ikkje mykje å skryte av, for det offentlege sette opp skilt som fortalde at vegen var farleg å nytte med køyrereiskap. Nokon stader er vegen meir som ein brei stig enn ein køyreveg. Til trass for dette vart den nytta heilt fram til den nye køyrevegen vart bygd i perioden 1912-1928.

I løpet av åra har flaum og ras øydelagt enkelte vegparti. Som til dømes under den svært nedbørsrike vinteren 1927-28. Ned langs Rullestadelva i Rullestadjuvet vart så å seie alle bruene rivne vekk. Sidan den nye køyrevegen var ferdig dette året vart ikkje dei gamle bruene sette opp igjen, slik at kjerrevegen ned juvet ikkje lenger var farbar. Enno verre vart det under andre verdskrig då tyskarane, anten for å teste ut verknaden av ulike dynamittsalvar, eller for å hindre «fienden» (engelskmennene) i å kome gjennom dalen, sprengde bort delar av vegen.  Vegen vart restaurert i 2009 og blir i dag nytta som  tursti.[3]

Vegen mellom Ølen og Etne over Fiksefjell vart teken opp som del av Den Stavangerske Postveg i 1786, men er langt eldre enn denne. Gamlevegen er framleis delvis nytta som køyreveg og skogsveg, og er skilta som tursti.

Heile “Den stavangerske postvei” (òg omtala som “Den Stavangerske hovedvei”) er nå kartfesta i Askeladden. Vegen er blir rekna som offentleg grunn og til allmenn bruk, men blir forvalta av Statens vegvesen som del av sektoransvaret for historiske vegar. Der vegen ikkje er nedbygd eller asfaltert har han stor kulturhistorisk verdi og bør sikrast med omsynssone i kommuneplanar og reguleringsplanar, skriv Statens vegvesen.[4]

Bordvegen mellom Etne og Vikedal: Vegen frå Hundseid i Vikedal, over Kattastølen til Sørbygda i Etne har fått namnet etter alle borda som vart frakta frå det skogrike området over fjellet til det meir skogfattige Etne. Vegen var òg nytta av fjellfolket til å komma seg til kyrkje. 

Køyrevegar

Køyrevegen til Øyno kom i 1877, og til Kyrping i 1893. Vegen langs Skånevikstranda mellom Skånevik og Etne vart bygd mellom 1896 og 1901. Gamlevegen mellom Skånevik og Tungesvik, bygd mellom 1904 og 1910 er ein klassisk, smal og svingete vestlandsveg. Vegen er framleis gruslagd og kanta med stabbesteinar, slik han var då han var ny. I 1950-åra vart vegen utbetra og lagt i ein ny og rettare trasé lenger oppe i dalsida, medan gamlevegen er uendra. Deler av vegen er i privat eige.

Grusveg - Klikk for stort bildeFrå Tungesvikvegen.

Køyrevegen over Fikse opna i 1937, som del av “Den nordre stamlinje” frå Haugesund til Haugastøl.[5]  Dei fleste gardane og grendene fekk i løpet av 1950-talet; Bjørgjo i 1954, Berge i 1956. Sist ute var Osnes, som fekk veg i 1972.

Gamle Åkrafjordvegen

Åkrafjordvegen vart bygd som kompensasjonsveg for jernbanen mellom Haugesund, Odda og Kinsarvik, som aldri vart bygd. Vegarbeidet vart påbegynt i 1937 og var tenkt avslutta kring 1950. Men vegen langs Åkrafjorden fekk stor betydning under andre verdenskrig, og dette førte til fortgang i byggearbeidet. Tyskarane ville ha vegen ferdig snarast råd, helst før sommaren 1941. Ein arbeidsstyrke på rundt 1000 mann vart sett inn for å utføre jobben, og i løpet av den intense byggeperioden måtte fleire bøte med livet. Veganlegget sto ferdig i 1941, men brua over Storajuvet (Trolljuv) vart først opna for ferdsle i 1942.[6]  Anlegget blir omtala som eit meisterstykke i handverk og ingeniørkunst, og var det største prosjektet i Vegvesenet si historie så langt. Det omfattar mellom anna  40 meter høge vegskjeringar, 30 meter høge vegmurar, 13 tunnelar og 40 bruer.[7]  

Trolljuv bru er ei 66 meter lang hengebru i stål og betong. På kvar side av brua går vegen rett i tunnel. Brua er forankra i den eine tunnelen, og bru og tunnel er deler av same konstruksjonen. Brudekket er i betong med stålrekkverk. Dei to betongtårna er ca. 10 meter høge med totalt fire stålkablar. Brua er en representant for de såkalla mjuke hengebruene som etter kvart vart ein norsk spesialitet. Den korte oppføringstid fortel om kva militærstrategisk tyding denne vegen hadde under andre verdskrigen. Opphavleg var namnet på brua Storajuv bru, men Skånevik heradsstyre døypte henne om til Trolljuv bru i 1942. 

Vernestatus: Trolljuv bru er forskriftsfreda gjennom Statens vegvesen sin landsverneplan. I eit høyringsforslag frå Riksantikvaren er det òg føreslått å freda dei to tunnelane på kvar side av brua.

Andre bruer

Ebna bru og Tendal bru er begge steinkvelvingsbruer bygde i 1897, på vegen langs Skånevikstranda. Dei er del av vegen som framleis er i bruk. Tendal bru var rekna for å vera eit meisterverk med eit spenn på 24 meter. Opphavleg breidd var 3 meter, men ho vart utvida med 3,5 meter i breidda i 1947 med kvelving i same stil som den gamle. Lurasundbrua på austsida av Lurasundholmen i Stordalsvatnet er ei steinbru med brukar i tørrmur, med fire løp. Skålnes bru like ovanom Markhus vart bygd i 1941-42 som del av Åkrafjordvegen. Brua er mura for hand med granittstein frå Bjørkestrond og er den siste kvelvingsbrua som vart bygd i Hordaland.[8]

Gammal steinbru - Klikk for stort bildeSkålnes bru ved Markhus.

Bilbrua over Eintveitelva

På 1950-talet var det planar om å byggja veg mellom Kalvik og Eikemo på nordsida av Åkrafjorden. I 1958 løyvde heradet pengar til bygging av bru over Eintveitelva. Men då brua, ei to-felts bilbru, stod ferdig i 1962 var det ikkje meir pengar att.[9]  Dermed vart brua ståande utan vegsamband med resten av verda. 

Gammal bru - Klikk for stort bildeBrua over Eintveitelva er bygd for bilar, men manglar vegsamband. Liv-Kari Bødtker

Telefon og telegraf

Telefonlinja mellom Etne og Skånevik vart bygd langs den gamle postvegen i 1877. Fundamenta etter telegrafstolpane er framleis synlege langs vegen.
Telegrafbygningen i Skånevik frå 1882 brann ned i 2014.

Etne telefonsentral: Etne telefonsentral, Håfoss, (ligg på Kaldestadbakken) er verna i Telenor sin eigen verneplan. Dette er ein bygning på 7 m2 oppført i eternit med papp på det typiske "paddetaket". Den opphavlege sentralen er ikkje intakt, men ein tilsvarande sentral er tilbakeført. Håfoss sentral er eitt av fleire døme på at ny og gamal sentral ligg side om side. Den nye sentralen, Håfoss Automatsentral, er truleg frå 1980-talet.[10]

Telefonsentral - Klikk for stort bildeEtne telefonsentral
Veg langs fjord - Klikk for stort bildeÅkrafjordvegen med Trolljuv bru, som opna i 1942. Espen Mills

Vernestatus for kulturminne knytt til samferdsle: Postvegane, driftevegane til Langfosstølen og Hjortedalen, gamle Åkrafjordvegen, Etne telefonsentral og bruene som er omtala er sikra med omsynssone. Etne telefonsentral og deler av gamle Åkrafjordvegen er òg forskriftsfreda gjennom statlege verneplanar.

_______________________________________________________
[1] ESÅ 1997. Endre Heggen: Oppbygginga av posttenesta i Skånevik og Etne
[2] Frå Etne kommune sin nettstad.

[3] Rullestadjuvet - DigitaltMuseum
[4] https://kulturminnesok.no/minne/?queryString=https://data.kulturminne.no/askeladden/lokalitet/272311

[5] ESÅ1987. Ingolv Vevatne: Utbygginga av vegsambandet
[6] Statens vegvesens landsverneplan
[7] KVE, Askeladden og Statens vegvesens landsverneplan

[8] KVE s. 239
[9] KVE s. 244
[10] Telefonsentral, automatisk - Telenor Kulturarv / DigitaltMuseum

 

2.4.8. Tru og kyrkje

I Etne ligg spora etter før-kristen religion og kristendom side om side. Gravrøyser, helleristningar og andre kulturminne frå tida før kristendommen fekk fotfeste, er omtala tidlegare. Den nye religionen kom til uttrykk med nye monument som kyrkjer og steinkrossar.

Ut frå arkeologiske funn reknar ein med at kristendommen har vore kjend på Sør-Vestlandet sidan 600-talet, men kristninga skaut fart først på 900-talet. Me veit ikkje heilt sikkert når den nye trua på Kvite-Krist gjorde sitt inntog i Etne, men mykje tyder på at det skjedde før år 1000.[1] Det innhogne ornamentet og krossen på kross-bautasteinen ved Gjerde kyrkje er truleg det eldste teiknet på at den nye trua fekk innpass. Det kan ha vore far til Erlend frå Gjerde (Erlend fall i slaget ved Stiklestad i 1030) og hans hus som let laga dette minnesmerket som teikn på overgangen til kristendommen før år 1000.  På den tida styrka kongane makta si ved å gå inn i ein allianse med kyrkja. Då den fem år gamle Magnus Erlingsson vart tatt til konge i 1161 skjedde dette truleg med støtte frå dei geistlege leiarane. Dei skrive- og lesekunnige prestane var òg ein viktig administrativ ressurs for kongemakta.[2]

2.4.8.1. Kyrkjene i Etne

Mellom 1050 og 1350 vart det bygt kyrkjer både på Stødle, Gjerde og Grindheim. Alle dei tre gardane var mellom dei største i bygda i mellomalderen, og kyrkjene er truleg bygde av mektige einskildpersonar. Kyrkja som står på Stødle i dag er den opphavlege, medan dei andre er erstatta av nyare kyrkjer.[1]  Såleis høyrer denne eigentleg inn i kapittelet om før-reformatoriske kulturminne, men er omtala her for å kunna omtala alle kyrkjene samla.

I dag har prestegjeldet fem kyrkjer og to kapell: Stødle, Gjerde, Grindheim, Etne og Skånevik kyrkjer, og Fjæra og Frette kapell. 

Stødle kyrkje

Stødle kyrkje er ei langkyrkje i stein og tre som ligg ute på kanten av Stødle-terrassen med utsyn over Etnesjøen. Det finst ikkje sikre opplysningar om byggjeåret, men ein har rekna med at kyrkja kan vera oppført kring 1160 av Erling Skakke som huskapell for Støle-ætta. I følgje nyare undersøkingar kan ho vera oppført tidlegare, mellom 1120 og 1150.[2]  Seinare kom kyrkja til å fungera som soknekyrkje. 

Kyrkja var i utgangspunktet ei einskipa steinkyrkje med eit lågare og smalare kor. På 1600-talet vart ho utvida mot vest med nytt skip i tømmer. Kyrkja hadde ulike private eigarar fram til ho i 1860 vart kjøpt av Etne kommune. Ho fungerte som soknekyrkje fram til ho vart erstatta av Etne kyrkje i 2013.

Den austre delen av stein er eldst. Denne delen er bygd på 1100-talet, og var opphavleg skipet og koret i kyrkja. Det opphavlege skipet fungerer no som kor, og alteret er plassert framom den smale korbogen inn mot det opphavlege koret. På 1600-talet vart kyrkja utvida mot vest med nytt skip i tømmer. Klokketårnet framom inngangen i vest er frå 1879, og i 1960 fekk tårnfoten to sidebygg der det er sakristi og inngang. 

Tømmerveggene i kyrkjerommet har måla dekor frå 1700-talet: Draperi, figurframstillingar og rankemotiv. Dekoren vart restaurert av Ola Seter på 1950-talet. Også det opphavlege koret har måla veggdekor, delvis frå tida før kyrkja vart utvida. Glasmåleriet i austmuren i det opphavlege koret er laga av Bernhard Greve i 1958.[3]

Kvit kyrkje mot blå himmel - Klikk for stort bildeStødle kyrkje. Den austre delen av kyrkja, som er bygd i stein, er eldst. Kyrkjeskip i tømmer, og tårn, kom til på 1600-talet.

 

Vernestatus: Med byggjeår før reformasjonen, og som ståande bygning frå før 1650, er Stødle kyrkje automatisk freda. Ho ligg i eit større område på Stødleterrassen som er mellombels freda av Riksantikvaren. Dette er igjen del av eit område definert som «Kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse».

Gjerde kyrkje

Gjerde kyrkje vart oppført i Etne i 1676, til erstatning for ei stavkyrkje som bles ned i 1673. Nøyaktig kor denne sto veit me ikkje sikkert. Den nye kyrkja var flytta frå Sandviken i Bergen og er truleg opphavleg ein bygning frå 1500-talet. Ho er oppført som ei einskipa tømmerkyrkje med smalare kor og med høgt tømra våpenhus der klokkene hang. Tårnet kom ikkje til før i 1930. Rundt 1900 vart ho kvitmåla, og pannetaket utskift med heller.  I 1956 vart kyrkja restaurert innvendig.[4]  Kyrkja ligg sentralt i Etne sentrum og miljøet rundt består av ein samansett bygningsmasse med bygg frå etter 1850 som òg har ein viktig verdi som ein del av det samla kulturmiljøet.
Kyrkjegarden er datert til høgmellomalderen, men har vore utvida fleire gonger sidan. Søraust for kyrkja står ein bautastein, over fem meter høg, med ein innhogd kross øvst. Denne skal vera hogd inn i tidlegkristen tid. Om alderen på sjølve steinen veit me ikkje meir enn at han er frå før reformasjonen. 
Det har òg stått to runesteiner på kyrkjegarden, i tillegg til ei rad på 25 bautasteinar. Dei to runesteinane er i dag på Bergen museum. Runesteinane har desse innskriftene: ”Erlend ristet disse runer etter Olve, (sin) far”, og ”Ketil satte denne sten etter Finn, sin måg” (NK 106). Den førstnemnde steinen er truleg reist av lendmannen Erlend fra Gjerde før 1030/1050.[5] 

Vernestatus: Gjerde kyrkje er listeført av Riksantikvaren. Kyrkjestaden og bautasteinen er automatisk freda. 

Grindheim kyrkje

Den kyrkja som står på Grindheim i dag erstatta ei eldre kyrkje – truleg ei stavkyrkje som sto på same tufta  – i 1723/24. Grindheim kyrkje er ei einskipa tømmerkyrkje med smalare kor i aust og eit etter måten høgt våpenhus i bindingsverk i vest, alt under tre saltak. I 1854 vart kyrkja forlenga mot vest. Nord for koret er eit nyare tilbygg i bindingsverk, som ligg på tvers av lengderetninga. Det finst deler frå den gamle kyrkjebygningen i den nye. Kyrkja vart restaurert i 1954-55.

Kyrkjegarden rundt er rekna å vera frå høgmellomalderen. Steinkrossen og bautasteinen som står ved kyrkja er omtala i kapitelet om kulturminne frå før reformasjonen.

Vernestatus: Kyrkjegarden er automatisk freda etter kulturminnelova, medan sjølve kyrkja er listeført hos Riksantikvaren. Steinkrossen og bautasteinen er ikkje registrert som enkeltminne i Askeladden, men omtala i tekst om kyrkjestaden.

Steinkross ved kyrkje - Klikk for stort bildeGrindheim kyrkje med steinkrossen.

Bautastein ved kyrkje - Klikk for stort bildeGjerde kyrkje med bautasteinen

Skånevik kyrkje

Også i Skånevik reknar ein med at det har vore kyrkje fleire hundreår før reformasjonen, truleg frå første halvdel av 1300-talet. Den kyrkja som står der i dag vart bygd i 1899/1900 og erstatta ei eldre kyrkje som var reist på same tufta i 1682/83. Før den tid sto det ei stavkyrkje på staden. Den nye kyrkja er ei langkyrkje i tre med detaljar i sveitsarstil, som står utanfor den gamle kyrkjegarden frå mellomalderen. Tidlegare låg det to gravrøyser utanfor kyrkjegarden. Den eine av dei var ei kvinnegrav frå vikingtida.[6]  

Vernestatus: Kyrkjegarden er automatisk freda etter kulturminnelova, medan kyrkja er listeført hos Riksantikvaren. 

Enge kyrkje

Kyrkja frå 2013 er bygd saman med Enge bedehus, men kyrkja og bedehuset fungerer som to sjølvstendige einingar. Dette er truleg den einaste kyrkja i landet med ei slik løysing. 

Vernestatus: Ikkje verna eller freda.

Kapell

Det har vore bedehus på Frette sidan 1910, men i 1959 bygde ein ut bedehuset som då også vart vigsla som kapell. Fjæra kapell vart bygt i 1913, som den første kyrkja på staden. 

Vernestatus: Sikra med omsynssone i kulturmiljøplanen.

Etne prestegard

Etne prestegard ligg eit stykke sørvest for Stødle kyrkje, like ved den gamle vegen til kyrkja. Historia til både kyrkjestaden og prestegarden går tilbake til mellomalderen. Prestegarden er identisk med garden Enge og halvparten av garden Kambe. Frå gamalt av vart det rekna for å vera den største og beste garden i bygda.
Den noverande hovudbygningen er eit trehus i halvannan etasje i enkel sveitsarstil, frå 1871. Grunna fare for flaum vart denne bygd lenger vekk frå elva enn den gamle prestegarden. Samstundes vart dei andre husa flytta til området rundt den nye hovudbygningen eller bygd frå nytt av. Borgstova frå 1600-talet vart flytta frå den gamle prestegarden og sett opp som eit tilbygg til den nye hovedbygningen. 
Forutan hovudbygningen omfattar anlegget borgstove, eldhus, stabbur og ved- og vognskjul. 
Prestegardsanlegget har stor kulturhistorisk interesse som representant for dei mindre embetsgardane frå siste halvdelen av 1800-talet.[7]   Prestegarden er framleis i bruk som bustad for soknepresten i Etne.

Vernestatus: Prestegarden med fem bygningar vart freda med vedtak i 1991. Opplysningsvesenets fond (OVF) eig prestegarden og har han med i sin oversikt over prestebustadar med høy kyrkjeleg kulturverdi.[8]  Utvalskriteria her er høg arkitekturhistorisk og kyrkjeleg verdi. Omsynssone.

Store trær og kvite bygningar - Klikk for stort bildeEtne prestegard med fem bygningar er freda og framleis i bruk som prestebustad.
Kvitt hus med roser framfor - Klikk for stort bildeAv Skånevik prestegard står bustadhuset att. Det er seld til private.

Skånevik prestegard

Prestegarden låg like ved kyrkja. Her er berre bustadhuset frå 1910 att. Det vart seld til private i 2019. Dei andre husa på garden vart rivne på 1960-talet. Kornstabburet vart flytta til Fjæra og nytta som hytte. Jorda er skilt frå og har blitt hustomter og tilleggsjord for andre bruk. 

Vernestatus: Regulert til spesialområde for bevaring.

Omsynssoner: Alle kyrkjene, Etne prestegard og prestebustaden i Skånevik ligg i omsynssoner.

_________________________________________________________
[1] KVE: Storgard og mellomalderkyrkje av Lilli M. Ingvaldsen
[2] ESÅ 2018: Trond Norén Isaksen: Stødle kyrkje Trolig eldre enn antatt

[3] Askeladden, Kyrkja i Etne og Norges kirker
[4] Kjelder: Etne-soga b. 2 og 3 (Dyrvik 1972:161ff, NK 96ff).
[5] Askeladden

[6] Askeladden, brosjyre om kyrkjene i Etne, www.norgeskirker.no
[7] Askeladden
[8] Prestegårder i Norge – et utvalg Prestegårder som kulturminner for Den Norske Kirke En rapport om presteboliger med høy kirkelig kulturverdi. Opplysningsvesenets fond. Gunnar Birkeland & Sigrunn Berdal 2015.

2.4.8.2. Bedehus

Haugianarrørsla slo djupe røter i både Etne og Skånevik og la grunnlaget for ein sterk indremisjon med bedehus i mest alle grender. Sist på 1960-talet var det 11 bedehus i Skånevik prestegjeld.[1]
I dag er det er 10-12 bedehus i Etne kommune. Av dei er fleire opphavleg bygde som skular, og har blitt nytta anten i kombinasjon med det, eller blitt overtatt til bedehus når skulen har blitt lagt ned. Både Molnes bedehus og Sørstranda forsamlingshus var bygde som skulehus på 1800-talet. Dei første bedehusa vart bygde i Frette (1910) og Skånevik (1911). Bedehuset Betel på Skånevikstranda er ei gamal tingstove frå Skånevik, bygt i 1838, som vart flytta for å nyttast til bedehus i 1925. I tiåra framover kom det bedehus i dei fleste krinsane. Rygg bedehus frå 1921 har ein særprega stil med boga vindauge og dør, og er godt bevart. Det nyaste er Enge bedehus frå 1960, som i dag er del av Etne kyrkje. Fleire av dei gamle bedehusa vart påbygde på 1950- og 60-talet.[2]  I dag er stordomstida for bedehusa over, men nokre av dei er framleis i aktiv bruk. 

Kvitt bedehus - Klikk for stort bildeRygg bedehus med dei særprega boga vindauga.

Bygginga av bedehuset på Frette

Gotskalk Frette kom frå fattige kår. 9 år gamal vart han farlaus, og som legdagut hadde han fått føla kva det ville seia å vera på skuggesida i livet. Gotskalk vart gift til husmannsplassen Hushauen. I tillegg til garden dreiv han litt handel med filler og bein. Han hadde òg ei kvern der han tok imot korn for leigemaling. Betalinga han fekk var det mjølet som vart liggjande igjen (ringen) etter malinga. 
Gotskalk blir omtala som ein svært alvorleg, rettlinja og velmeinande mann med ei bergsett tru. Han var ikkje bunden av opptrakka stiar, men kunne løysa oppgåver på nye og kanskje originale måtar. Han var på alle måtar ein avhalden mann som var leiar av misjonsforeininga på Frette og han vart mykje nytta som utsending til misjonsmøte. Det han vert hugsa best for, og som står som eit synleg teikn i dag, er bedehuset. Det var han som var primus motor for reisinga av dette. Han arbeidde på fleire plan for å få dette til, m.a. ved å kontakta folk frå grenda som var utvandra til Amerika. Ein ikkje uvesentleg del av pengane som måtte til, kom frå Amerika. 
Frå Reise i bedehusland. Bedehusene i Hordaland [3]

Vernestatus for bedehus: Rygg, Skånevik og Ebna bedehus ligg i omsynssone. Markhus bedehus er del av omsynssona for Markhushamn. Molnes bedehus er listeført (klasse B).

____________________________________________________________
[1] Skånevikssoga b. VI s. 381 - 386
[2] Kjelde: Reise i bedehusland
[3] Red. Johannes Kleppa, Sambåndet forlag 2001

2.4.9. Bergverk og gruveverksemd

Bortsett frå eit skiferbrot og utnyttinga av sandressursane er det lite spor etter bergverk og gruveverksemd frå nyare tid i Etne. Frå eldre tid er det kjend at det har vore tatt ut kleberstein to stader, og det er funne spor etter blestring av jern på Grindheim. 

Skiferbrotet på Øvernes

Øvernes skiferbrot ligg på nordvestre sida av Stordalsvatnet. Skiferåra vart oppdaga då ein bygde vegen her kring 1890. Det finst òg skifergangar andre stader i fjellet i området. Skifer frå dei øvste brota vart frakta ned med taubane.  I hovudsak vart det produsert klipte takheller, særleg lappskifer i brotet. Øvernesskiferen er ein relativt hard skifertype. Som takhelle er han av god kvalitet, han sprekk ikkje og mosen veks ikkje på han. Fargen er mørk grå med eit blå aktig skjer. Mange av hellene vart selde i Etne og nærområda, men størsteparten vart transportert med hest og kjerre til Kyrping og skipa ut med båt til ein større marknad.
I starten vart føretaket på Øvernes drive av ulike privatpersonar, men i 1920 overtok A/S Etne Skiferfelter. På det meste i denne perioden jobba det kring tretti mann i skiferbrotet. I dei dårlege mellomkrigsåra fekk Etne Skiferfelter økonomiske problem og gjekk konkurs i 1927. Grunneigaren Gunnar Øvernes overtok då og dreiv vidare med 4-5 mann i arbeid fram til 1955. Etter det har det vore meir periodisk smådrift like fram til vår tid.[1]

Sandindustrien

Utnytting av dei store sandressursane i Etne er ein viktig næring i kommunen. Uttak av sand har ført til store endringar i kulturlandskapet, og ein del kulturminne har blitt fjerna i samband med drifta. 

Vernestatus: Skiferbrotet på Øvernes er listeført (klasse B)

[1] Skiferbrotet på Øvernes - DigitaltMuseum

2.4.10. Reiseliv

Både Skånevik og Etne har reiselivstradisjonar langt tilbake i tid. Utgangspunktet er dei gamle handels- og gjestgjevarstadene, men etter kvart har fritidsreisene lagt grunnlaget for ei eiga reiselivsnæring. Hotell, pensjonat og turisthytter er døme på kulturminne knytt til reiseliv.

Reiseliv i Skånevik

Skånevik si historie som reiselivsbygd går heilt tilbake til etableringa av gjestgjevarstaden tidleg på 1700-talet (omtala under 2.4.1 Handels- og gjestgjevarstader). Drifta av gjestgjevarstaden var først og fremst knytt til næringsverksemd, men utover 1800-talet vart det meir vanleg å reise for rekreasjon. Bygda har hatt fleire hotell og pensjonat der òg kjende personar som Ivar Aasen (sommaren 1844) og Lars Hertervig (somrane 1853-55) har vore gjester. I dag er Skånevik Fjordhotell den største reiselivsverksemda i bygda.
Heggelund hotell vart etablert i 1885 og hadde hotelldrift fram til 1985. Mange av gjestene var faste feriegjester frå byane. I dag blir bygningen brukt til utleige. 
Krogstuen (131/138) er kunstnarbustaden til teatermalaren Rudolf N. Krog (1877-1928) og skodespelaren Thora Krog (1879-1941). Dei utvida bustaden og etter at mannen døydde i 1928 tok Thora til med pensjonatdrift. Huset fekk namnet Krogstuen og vart ein populær feriestad for byfolk som kom att sommar etter sommar.[1]  I dag blir det særprega huset, som òg inneheld eit originalt atelier, nytta som feriebustad.

Reiseliv i Etnebygda

Også tettstaden Etne har opphav i ein gjestgjevarstad. Her starta reiselivshistoria for alvor med engelske laksefiskarar, som kom til bygda frå midten av 1800-talet. Frå 1865 vart det arbeidd med kultivering av elva. Delar av elverettane var disponert av bergensarar. Hauane var i mange år tilhaldsstad for fiskarane som hovudsakleg var embetsmenn, offiserar og forretningsmenn.
Hotellet på Rygg: I “Hotellkrossen” på Rygg ligg eit hus med ei spesiell historie. Opphavleg var det eit byhus frå Sandviken i Bergen, truleg frå 1700-talet, vart sett opp på Rygg i 1888 for å nyttast som hotell og landhandel. Gjestene var hovudsakleg norske og engelske laksefiskarar. Hotellet hadde heilårsdrift frå 1916. Både hotelldrifta og landhandelen vart avvikla i slutten av 1920-åra. Under andre verdskrigen vart huset brukt av militære. Frå våren 1940 tente det som hovudkvarter og lasarett for norske styrkar, men frå 1942 til kapitulasjonen i mai 1945 var halve huset rekvirert til bustad for sanitetssoldatane som tenestegjorde ved det tyske lasarettet på Rygg.[2]  
Etne hospits vart etablert i 1934, med bakgrunn i eldre overnattings-og gjestgjevarstader. Seinare vart det omdøypt til Etne hotell, og har i nyare tid gjenoppstått som Fugl Fønix Hotel med galleri og restaurant. Den opphavlege delen av hotellet er den fløyen som vender ut mot hovudvegen.[3]
Turisthytter i fjellet Haugesund turistforeining har løypenettet sitt i Etnefjella, og fleire av hyttene ligg i Etne kommune. Sandvasshytta frå 1930 er den eldste hytta til turistforeininga. Den eldste hytta på Blomstølen er ei stølsbu som turistforeininga fekk overta og flytta til Blomstølsvatnet. Inne i hytta er veggen dekorert av haugesundsmalaren Bjarne Halvorsen. Seinare er det bygd to nye, store hytter på Blomstølen, og gamlehytta har fått stå uendra. Hytta ved Løkjelsvatn, som turistforeininga har brukt sidan 1980, var opphavleg ei brakke som vart bygd av Haugesunds Elektrisitetsverk i 1916 i samband med kraftutbygginga i Litledalen.

Turisthytter ved fjell og vatn - Klikk for stort bildeTuristhyttene på Blomstølen. Den eldste hytta (t.h.) var opphavleg ei stølsbu, som Haugesund turistforeining overtok i 1936 og flytta til staden. Området rundt Blomstølen har mange spor etter stølsbruk og annan aktivitet.

Vernestatus: Gjestgjevarhuset i Skånevik, Fugl Fønix hotell (tidlegare Etne hospits), “Hotellet” på Rygg og Heggelund hotell ligg i omsynssone A. Sandvatn turisthytte er listeført (klasse B).

_________________________________________________________
[1] KVE s. 218
[1] KVE. Les meir der
[1] KVE s. 111

2.4.11. Offentlege bygg

Dei offentlege bygga har romma viktige fellesfunksjonar i bygdene, som skule, kommuneadministrasjon og eldreomsorg. Ein del av dei eldste er borte, men særleg av skulebygg står det mange att. 

Skånevik gamle tinghus  vart bygd i 1838, og sto opphavleg nedanfor gjestgjevargarden ved Skåneviksjøen. Det vart rive i 1925 for å gje plass til utviding av hermetikkfabrikken, og sett opp att som bedehus på Ebna. Fram til 1925 hyste det òg “Skaanevig Læseselskab”, forløparen til folkebiblioteket og truleg landets eldste offentlege bibliotek.

Den eldste aldersheimen i Skånevik er frå 1928, og vart først driven av private midlar. Ny, kommunal aldersheim sto ferdig i 1965.

Etne Tinghus frå 1967 har eit særeige uttrykk og kan kategoriserast innan stilarten brutalisme (= rå betong, frå fransk béton brut). Bygget er bevart i tilnærma original stand utvendig, men det er gjort store endringar innvendig.

Skulane

Etter om lag hundre år med omgangsskule fekk bygdene dei første faste skulane på midten av 1800-talet. I starten heldt dei til i leigde lokale, men etter kvart vart det bygd eigne skulehus. Skulehuset på Sævareid ligg i gardstunet og vart bygd i 1850-åra. I starten vart det brukt til omgangsskule. Dette kan vera det eldste skulebygget i kommunen. I tiåra framover vart det sett opp ei rekkje nye skulebygg. Mange av desse står framleis, men ingen er i bruk som skular lenger. Nokre av dei som er best bevart som kulturminne er omtala under.

Dei første skulehusa var stort sett bygde etter same planen, som enkle lemstover med eitt klasserom. Skånevik gamle skule, bygd i 1876 var den første faste skulen i gamle Skånevik kommune. Skulehuset vart bygd med to stover, der amtsskulen (ein folkehøgskule driven av amtet) hadde tilhald i den eine frå 1879 - 1886. Det var òg mange elevar som fekk privatundervisning av eigne guvernanter i Skånevik.

Tungesvik skule, bygd i 1885 eller -87 står i dag som eit autentisk bygg, men er i begynnande forfall. Markhus skule frå 1890 var opphavleg bygd etter røykstove-prinsippet, der klasserommet var ope til mønet. Seinare vart skulane bygde med bjelkar og loft. Markhus skule er intakt med interiør og blir brukt som museum og forsamlingslokale i bygda. Molnes skule frå ca. 1900 vart seinare teken i bruk som bedehus. Inventaret frå skulen er bevart på Sunnhordland motormuseum i Skånevik. 

På nordsida av Åkrafjorden har det vore fire skulekrinsar. Store avstandar og ulendt terreng gjorde det vanskeleg for mange av borna å ta seg fram til skulen. Av skulen i utmarka mellom Djuve og Eintveit (b. 1912) står berre murane att. Bygningen skal vera flytta til Skånevik. På Eikemo står det framleis står eit skulehus.

I 1875 vart det vald ein komité i Etne kommune som skulle undersøka kva kostnadar det ville føra med seg å skaffa lærarjord med lærarbustadar og skulehus på Sørstranda.[1]  Sørstranda skulehus vart bygd 1877, og var i bruk til 1932. Då fekk krinsen ny skule og gamleskulen vart brukt som forsamlingshus for bygda. Kraftutbygginga i Litledalen gav auka folketal og i 1918 kjøpte kommunen tomt på Gunnegjerd til eit fast skulebygg. Skulen vart lagd ned i 1967 og seld til private. 

Skulehus Indre Tungesvik - Klikk for stort bildeSkulehus Indre Tungesvik
Skulehus Markhus - Klikk for stort bildeSkulehus Markhus
Skulehus Gunnegjerd - Klikk for stort bildeSkulehus Gunnegjerd

Vernestatus: Etne tinghus og Skånevik, Markhus, Gunnegjerd skular og murane etter skulehuset som låg mellom Djuve og Eintveit er del av større omsynssoner. Skulehuset på Øvre Sævareid er del av omsynssona for gardstunet. Skulehusa på Ebna og Indre Tungesvik har eigne omsynssoner. Enge gamle skule er listeført (klasse B).

__________________________________________________
[1] Erling Vee: Sørstranda gamle skulehus 1877 - 1932. ESÅ 2015

2.4.12. Organisasjonsliv og forsamlingshus

Mange ulike typar organisasjonar har hatt eigne hus opp gjennom tidene. Husa har gjerne vore knytt til ein bestemt organisasjon, men nokre har romma fleire eller har skifta funksjon etter ei tid. Nyare forsamlingshus har gjerne eit meir generelt føremål som felleslokale for ei bygd (eller heile kommunen, som Skakke) enn dei eldre bygga. Dei talrike bedehusa i kommunen er omtala under kapittelet “Tru og kyrkje”.  

Ungdomshus                                      

Både den frilynte og den kristelege ungdomsrørsla har vore aktive i Etne. Den frilyndte ungdomsrørsla kom til Etne i 1890-åra med sokneprest Wicklund.[1]  I Skånevik vart det gjort fleire forsøk på frilyndt ungdomsarbeid før Skånevik Ungdomslag vart stifta i 1909. Saman med fråhadslosja IOGT fekk dei reist eit eige hus, Solvang, i 1912. Losjearbeidet tok slutt i 1950-åra, medan ungdomslaget avslutta verksemda på 1980-talet og selde huset. I dag blir det nytta som galleri. Også på Frette i vart det skipa ungdomslag i 1909. Ungdomane samla seg og dansa utandørs på ulike stader. Ungdomslaget “Fram” i Etne vart skipa 1918. I 1926 sto ungdomshuset “Ljoshall” ferdig. Det vart øydelagd av brann i 2005. Markhus ungdomslag fekk sitt eige ungdomshus i 1928.   

På same tida som dei frilyndte ungdomslaga etablerte seg, vart det òg skipa kristelege ungdomslag.  Nordbygda i Etne fekk sitt i 1913, og Sørbygda 1914. Laga hadde møte på skular og bedehus. Sørbygda fekk eige bedehus 1921.  

​​

Solvang ungdomshus  - Klikk for stort bildeSolvang ungdomshus og losjehus i Skånevik frå 1912 er i dag i bruk som galleri.

Vernestatus: Solvang ungdomshus og Sørstranda forsamlingshus er sikra med omsynssone.

_______________________________________________________
[1] Reinert Frette: Den frilynde ungdomsrørsla i Etne og andre stader. ESÅ 2012

2.4.13. Kulturminne knytt til personar og historier

Magnus Erlingsson og Erling Skakke

Utanom Stødle kyrkje, som vart bygt av Erling Skakke i 1160, finst det få fysiske spor etter dei to mest kjende personane i Etne si historie. Magnus Erlingsson vart krona til konge som femåring i 1163. Han og far hans, Erling Skakke, sto i sentrum for storpolitikken i Norge i siste halvdelen av 1100-talet. Magnus fall i slaget mot kong Sverre ved Fimreite i 1184, berre 28 år gamal. Erling døydde i slaget på Kalvskinnet i Nidaros. Difor er det ingen gravminne etter dei i Etne.
Etne kommune arbeider på ulike måtar for å gjera historia synleg. Utanfor Tinghuset står ein bronsestatue utforma av Per Ung, som syner Magnus Erlingsson (avduka 1980). Skakke-senteret er oppkalla etter Erling Skakke. Det er planar om formidling av historia her.

Magnus Erlingsson var konge frå 1161 til 1184. Magnus var son til Erling Skakke og Sigurd Jorsalfares dotter Kristina. Erling Skakke var ein rik stormann frå Vestlandet. Han hadde fått eit hogg i halsen og bar hovudet litt på skakke. Derav fekk han tilnamnet Skakke. Erling Skakke og mange andre stormenn ville gjerne avgjera kven som skulle vera konge i Noreg. Men dei hadde ikkje noko kongsemne. Difor kom Erling med framlegg om at sonen Magnus skulle verta konge, sidan han var son av ei kongsdotter (Kristina).

Stormennene synes dette var eit godt framlegg og utropa Magnus til konge i 1161, berre 5 år gamal. Dei reiste deretter rundt i landet for å få bøndene til å hylla Magnus som konge. Men mange rekna ikkje Magnus som skikkeleg konge og Erling fekk erkebiskopen og kyrkja med seg for å få Magnus godkjent. Til gjengjeld måtte Erling lova å vera lydig og trufast mot kyrkja, halda dei kristne boda og ikkje krevja noko som var imot kyrkja sine lovar.

I 1163 vart det kalla saman til eit stort møte i Bergen. Der var kongen og alle stormennene, erkebiskopen og alle biskopane. Der vart Magnus Erlingsson salva og krona av erkebiskopen. Det tyda at Magnus hadde rett frå Gud til vera konge i Noreg.

Kroninga av kong Magnus var den første kongekroninga i Norden. Men sjølv om Magnus var krona til konge var det mange trønderar og opplendingar, fjellbønder og skogsfolk som ikkje ville godta han som konge. Dei fann seg motkongar og kjempa mot Magnus og stormennene frå Vika og Vestlandet i fleire år.

Då Magnus hadde vært konge i 15 år, kom Sverre Sigurdsson frå Færøyane. Mora hadde fortalt at han var son av ein konge og han kom difor for å krevja kongsretten sin. Mange slutta seg til Sverre og dei vart kalla birkebeinarane fordi dei gjekk med bjørkenever rundt leggane. Sverre vart av birkebeinarane utropt til konge og det vart mange harde slag mellom kong Sverre og kong Magnus.

I 1179 fall Erling Skakke som var den som eigentlege hadde styrt. I 1184 sigra kong Sverre over kong Magnus i eit stort sjøslag ved Fimreite i Sognefjorden. Der drukna Magnus Erlingsson saman med dei fleste av mennene sine. Han vart gravlagt i Kristkirken i Bergen og kong Sverre heldt sjølv liktalen over han.[1]

Jakob Casparson Bull-Tornøe (1854 - 1915)

Jakob Bull-Tornøe var fødd i Skånevik, og etter utanlandsopphald og giftarmål busette han seg i Skånevik saman med den tyskfødde kona Julia (1860 - 1940) i 1885. Familien hennar var svært velståande, og mykje pengar vart nytta på Miljagarden og andre stader i bygda. Han hadde med seg nye og radikale idear om jordbruk, skogsdrift og andre verksemd. I Skånevik gjekk han straks i gong med oppkjøp og dyrking av ny jord, bygging av vegar, skogplanting og hagebruk. Han etablerte eit moderne gartneri med oppvarma veksthus, dreiv storslagen seterdrift og gjorde forsøk med aureoppdrett, ferskvassmuslingar og østers. I 1887 danna han selskapet Skonevigs Meieri og Ysteri, og alt i 1898 fekk garden eige kraftverk. Ti år seinare kom eit større kraftverk som gav grunnlag for etablering av Bjellands hermetikkfabrikk og straum til mange hus i bygda. Han sat òg på stortinget ein periode.[2]
Sveitsarstilhuset frå 1890 og dei store driftsbygningane på Milja gard og Miljasæter finst framleis, og garden er blant dei største i Sunnhordland. På 100-årsdagen for fødselen hans, i 1954, vart det reist ein minnestein over han på øya Skåno utanfor Skånevik.
Dei ulike kulturminna knytt til Bull-Tornøe si omfattande verksemd er omtala under respektive tema.

“Kongehuset” (Tongahuset) på Auastad

På garden Auastad står ei gamal husmannsstove med ei spesiell historie. Stova til Siri Askjellsdotter (1873-1931) og Aslak Olsson (Krono) (1878-1950) vart bygd med økonomisk støtte frå sjølvaste kongen. I 1906 venta Siri og Aslak sitt tredje barn, men dei hadde framleis ikkje ein eigen heim å bu i. Aslak dreiv som daghjelp og vegarbeidar, men paret måtte likevel stundom ty til fattighjelp. I armod og fortviling sette Siri seg ned og skreiv eit brev til kong Haakon med bøn om hjelp. Med presten som mellommann kom det eit brev tilbake med 250 kroner i. For pengane kjøpte dei seg eit gamalt hus frå Fossa som dei flytte og sette opp på Auastad i 1906 - 07. Huset har sidan blitt kalla “Kongehuset”. Etne sogelag og Etne kommune gjekk saman om eit restaureringsarbeid i 1980-åra.[3]

Lite hus i snølandskap - Klikk for stort bildeTongahuset, eller Kongehuset, på Auastad.

 

Olav Vik-stiftinga 

Bonden og diktaren Olav Vik (1910-1990) skreiv dikt og forteljingar som vart publiserte dels i aviser og vekeblad, og dels i bokform. Ein raud tråd i diktinga hans er det nære tilhøvet til naturen. På garden på Osnes planta han ut eit mangfald av treslag som han stelte med. Eigedomen vart testamentert til ei eiga stifting, Olav Vik-stiftinga, som fekk i oppdrag å sjå til at garden vert teken vare på og nytta til friluftsføremål. Gardsbygningane frå 1800-talet er bevart. Ute på neset ligg òg rester etter ei gravrøys frå bronse- eller jernalder. Området er sikra som friluftsområde og godt tilrettelagd med turstigar, informasjonstavler, badeplass og rasteplassar. 

Kvitt hus og raud løe - Klikk for stort bildeHus og løe eigd av Olav Vik-stiftinga
Naust med steinmur og grøn dør - Klikk for stort bildeNaust eigd av Olav Vik-stiftinga.

Krogstuen i Skånevik (131/138) 

Krogstuen er kunstnarbustaden til teatermalaren Rudolf N. Krog (1877-1928) og skodespelaren Thora Krog (1879-1941). Rudolf Krog har mellom anna laga sceneteppene i Skånevik ungdomshus og Ljoshall i Etne (sceneteppet frå Ljoshall finst i dag på Skakke).[4]  Det særprega huset som er bygd rundt 1930 har mellom anna eit originalt atelier. Særpreget er bevart og huset blir i dag nytta som feriehus. 

Ingvar Moe (1936-1993)

Diktaren er minna med ei byste i Etne sentrum. Bysta er laga av kunstnaren Vidar B. Mæland, og vart avduka i samband med 70årsmarkeringa av Ingvar Moe sin fødsel 16. februar 2009.

Byste av mann - Klikk for stort bildeByste av Ingvar Moe

Willum Ekrheim (1894-1978)

Willum Ekrheim dreiv som fotograf i nærare 50 år, frå 1913. Han har dokumentert mykje av livet i bygda i både kvardag og helg. På sine eldre dagar overlet han fotosamlinga si til Etne kommune, og i dag er bileta tilgjengelege på biblioteket. Vestland fylkeskommune ved fylkesarkivet og Etne kommune har eit pågåande prosjekt for å digitalisera bileta til Willum Ekrheim. Huset far hans sette opp i 1912, og der fotografen budde store deler av livet, står framleis på Eikrheim (71/1). Huset vart oppført som kårhus på garden og inneheld ei stove frå eit eldre hus.

Relieff Eric Sevareid (1912 - 1992)

Relieff i fjellveggen på Sævareid av den amerikanske journalisten og TV-personlegdomen Eric Sevareid, som var fødd i 1912 i USA. Monumentet har teksten Han ætta herifrå. Og gløymde det aldri.  

Vernestatus for kulturminne knytt til personar og historier: Kulturminna som er omtala under kap. 2.4.13 er sikra med omsynssone. Bysta over Ingvar Moe er listeført (B).[5]

_________________________________________________________________________________
[1] Frå Etne kommune sin nettstad
[2] Frå KVE s. 206
[3] Frå KVE s. 151 og SEFRAK
[4] Sceneteppet frå Ljoshall heng i dag i kinosalen på Skakke.
[5] Glimesteinar s. 190

2.4.14. Forsvars- og krigsminne

Kapittelet omfattar i hovudsak krigsminne frå andre verdskrigen. Men Etne har òg ei militærhistorie frå 17- og 1800-talet som det finst få materielle spor etter i dag.

Ekserserplassane

Ein ekserserplass er ein øvingsstad for ein militær avdeling. Stødlemoen var i bruk av Søndhordlandske Korpset frå 1780-åra til 1848. Gjerdsmoen var eksersisplass frå 1772 til slutten av 1860-åra. Telthuset og arresthuset, kalla “Pinslo”, låg i det nord-vestre området av leiren. Sørheimsmoen vart nytta som ekserserplass frå1870 til 1879. Me kjenner ikkje til at fysiske spor etter ekserserplassane er bevarte i dag, men dei har sett preg på bygda i form av talemåtar, stadnamn og personnamn som kan knytast til denne aktiviteten.

Krigsminne frå andre verdskrigen

Under krigen i 1940 - 45 var den tyske okkupasjonsmakta sterkt representert i Etne. Tyskarane bygde fem mannskapsleirar for tyske soldatar: På Steine, Rygg, Grindheim, Håfoss og Enge. På Enge bygde dei leir med plass til over 900 soldatar i området mellom noverande bedehus og samfunnshus. Totalt var det 15 brakker av ymse slag. Dei hadde òg ein stor mannskapsleir vest for ungdomshuset “Ljoshall”, som òg var i bruk av soldatane. 

Heeres Ortslazarett Etne 

På Rygg vart det etablert eit tysk militærsjukehus i 1942 ved Rygg bedehus. Bedehuset vart tatt i bruk som administrasjonsbygning, med mellom anna apotek og kjøken. Salen vart nytta til velferdstiltak. Sjølve sjukehuset besto av 3 brakker med plass til 120 pasientar, separat operasjonsstove, garasjar for ambulansar og diverse forlegningsbrakker. Det blei òg bygd legebustad. Sjukehuset tok imot såra soldatar frå austfronten og frå trefningar til sjøs. Ved minst eitt høve fekk òg ein alliert flygar behandling der. Det skal ha vore til saman 21 bygningar på staden. I dag kan ein finna tre knapt synlege grunnmurar på vestsida av vegen vis à vis  bedehuset. Ein eller fleire av desse var garasjar for ambulansane. På austsida av vegen, om lag 50 meter sør for bedehuset, kan ein sjå ein grunnmur med full kjellar. Dette skal ha vore operasjonsstova. Aust for bedehuset ligg to intakte, langstrekte bunkerar i jordvollar.

Restane etter sjukehuset er registrert og omtala i Askeladden, men ikkje freda. Kommunalt verna med omsynssone.

Moritz Rabinowitz: Den jødiske forretningsmannen Moritz Rabinowitz måtte rømma frå Haugesund i 1940. Han gøymde seg på Tøsseteigen i Åkrafjorden. Under spiskammersgolvet i huset var det ei luke han kunne rømme gjennom i all hast, til ei hemmeleg hytte i Eikjeskora. Familien hans opphaldt seg i Skånevik.[1]  Heile familien døydde i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen i 1942. Det er lagt ned snublesteinar til minne om familien Reichwald i sentrumsgata i Skånevik, medan Moritz Rabinowitz er minna med snublestein i Haugesund.[2]

Motstandshytta ved Fjæra: I fjellet på nordsida av Fjæra ligg ei hytte som vart nytta som skjulestad for motstandsfolk under 2. verdskrigen.

Bjørkestrondstølen: Ei heimefrontavdeling nytta stølshuset som opphaldsstad i 1943 og tok imot slepp her. Stølsbruk til ca. 1940.

Krigsminnesmerke

I januar 1945 styrta eit alliert fly i Skåneviksfjorden. Bauta til minne om dei to som omkom vart reist av det Norske luftforsvar og folket i Skånevik 8 mai 1965.
Ved Fjæra kyrkje står ein bauta over korporal Ole Pedersen Rullestad født 1910, som fall i Flå i Hallingsdal 26 april 1940.

Vernestatus for krigs- og forsvarsminne: Restane etter Etne militærsjukehus, motstandshytta ved Fjæra og krigsminnesmerka i Skånevik og Fjæra er sikra med omsynssone.
______________________________________________________
[1] ESÅ 2003
[2]
Meir informasjon om snublesteinane finst på www.snublestein.no.

2.4.15. Kulturminne frå etterkrigstida

Det er ikkje gjort nokon systematisk registrering av kulturminne frå etterkrigstida i Etne. Kulturminne og kulturmiljø frå denne tida er framleis så “nye” og kvardagslege at det kan vera vanskeleg å vurdera kva  det vil ha verdi å ta vare på for framtida. Nokre døme er omtala under, men berre ein del av dei er sikra med omsynssone. Fleire av desse er omtala under andre tema, som bedehus og samferdsle. Nokre er tekne inn i planen fordi dei er del av statlege sektorverneplanar. Kulturminne frå denne perioden er eit tema det kan vera aktuelt å gå nærare inn i på samband med rullering av planen.

Etne jordbruksskulegard - Tesdal

Fleire bruk under gardane Tesdal og Auastad vart kjøpt opp i 1947-48 for å etablera jordbruksskule i Etne. I starten vart det drive forsøk med husdyr og skogplanting. Drift av skulen kom ikkje i gong før i 1976, og alt i 1988 gjekk den siste ordinære klassa i jordbruksfag ut. Seinare vart garden nytta til undervisning i mekaniske fag. I 1993 vart garden overført til ei stifting. I 1999 vart det funne helleristningar (skålgroper) i tunet på garden.

Etne planteskule

Planteskulen starta opp i 1949, etter at Staten hadde kjøpt opp fleire bruk på garden Enge. Føremålet var å driva fram planter til skogreising, særleg vanleg gran og sitkagran. Det vart bygd kontorbygg, driftsbygning (1952), styrarbustad (1954), kjølelager (1960) og fleire drivhus. På det meste, i 1958, leverte planteskulen 6,2 millionar bruksplanter. I 1991 vart skulen seld til Rogaland Skogselskap. Jorda er no seld til gardane rundt. Etter avtale skal planteskuleskogen, som tidlegare var opparbeidd til park, vere tilgjengeleg for ålmenta også i framtida.

Etne Tinghus frå 1967, sjå under 2.4.10 Offentlege bygg. Tinghuset er ein del endra innvendig, men utvendig er det gjort lite endringar. Tinghuset var opphavleg måla med beige farge. Del av omsynssone.

Etne meieri, tidstypisk bygg frå 1950-talet i Etne sentrum. Del av omsynssone.

Markhus bedehus frå 1953, sjå 2.4.7.2 Bedehus. Omsynssone.

Forbygningar langs Valdra-elva frå 1950- og 80-talet, sjå 2.4.3. Statleg listeført, omsynssone.

Bilbrua over Eintveitelva frå 1962. Del av omsynssone.

Etne telefonsentral i Stordalen, sjå under 2.4.7. Omsynssone grunna prioritering i Telenor verneplan.

Bjellandsbu, nybygd jakthytte frå 2012-13 med særprega arkitektur, teikna av Snøhetta. Omsynssone.