Kulturmiljøplan

  1. Forord
  2. Viktige omgrep og definisjonar
  3. Del 1 Innleiing
    1. 1.1. Kvifor skal me ha ein kulturmiljøplan?
    2. 1.2. Nasjonale mål for forvaltninga av kulturminne
      1. 1.2.1. Hovudmål
      2. 1.2.2. Delmål
    3. 1.3. Om planarbeidet
      1. 1.3.1. Avgrensing
      2. 1.3.2. Status for kulturminne og registreringar i Etne
      3. 1.3.3. Kva er det lagt vekt på i planen?
      4. 1.3.4. Klassifisering
      5. 1.3.5. Oppbygging av planen
      6. 1.3.6. Kjeldebruk
      7. 1.3.7. Samanheng med kommuneplanen
      8. 1.3.8. Samanheng med andre planar
      9. 1.3.9. Utfordringar framover
    4. 1.4. Aktørar og ansvarsdeling i kulturminnevernet
      1. 1.4.1. Etne kommune sitt ansvar og rolle
      2. 1.4.2. Eigarar av kulturminne
      3. 1.4.3. Dei frivillige organisasjonane
      4. 1.4.4. Musea
      5. 1.4.5. Fylkeskommunen
      6. 1.4.6. Statleg mynde og ansvar
      7. 1.4.7. Lovverk: Plan- og bygningslova og kulturminnelova
  4. Del 2 Kunnskapsgrunnlaget
    1. 2.1. Kulturminne og kulturmiljø i historisk og tematisk samanheng
    2. 2.2. Historisk oversyn
    3. 2.3. Kulturminne frå før reformasjonen / Arkeologiske kulturminne
      1. 2.3.1. Terrasselandskapet i Etne
      2. 2.3.2. Gravminne
      3. 2.3.3. Helleristningar
      4. 2.3.4. Bautasteinar og steinkrossar
      5. 2.3.5. Bygdeborger
      6. 2.3.6. Vardar og vetar
      7. 2.3.7. Ferdslevegar
      8. 2.3.8. Klebersteinsbrot
      9. 2.3.9. Kyrkjestader
      10. 2.3.10. Gjenstandar frå forhistorisk tid
    4. 2.4. Nyare tids kulturminne (etter reformasjonen)
      1. 2.4.1. Handels- og gjestgjevarstader, tettstader
      2. 2.4.2. Kulturminne i landbruket sitt kulturlandskap
      3. 2.4.3. Kulturminne i fjellet
      4. 2.4.4. Bruken av vassdraga
      5. 2.4.5. Industri, handverk og småindustri
      6. 2.4.6. Sjøbruk
      7. 2.4.7. Kommunikasjon og samferdsle
      8. 2.4.8. Tru og kyrkje
        1. 2.4.8.1. Kyrkjene i Etne
        2. 2.4.8.2. Bedehus
      9. 2.4.9. Bergverk og gruveverksemd
      10. 2.4.10. Reiseliv
      11. 2.4.11. Offentlege bygg
      12. 2.4.12. Organisasjonsliv og forsamlingshus
      13. 2.4.13. Kulturminne knytt til personar og historier
      14. 2.4.14. Forsvars- og krigsminne
      15. 2.4.15. Kulturminne frå etterkrigstida
  5. Del 3 - Planforslaget
    1. 3.1. Grunnlag for prioriteringar
    2. 3.2. Eksterne planar og rapportar som omfattar kulturminne i Etne
      1. 3.2.1. Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA)
      2. 3.2.2. Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger
      3. 3.2.3. Regional kulturplan
      4. 3.2.4. Konsekvensutgreiing E134 Bakka-Solheim Kulturminne
    3. 3.3. Forvaltning av kulturminne
      1. 3.3.1. Arkeologiske kulturminne
      2. 3.3.2. Nyare tids kulturminne
      3. 3.3.3. Forvaltning av freda og listeførte kyrkjer
      4. 3.3.4. Kva saker skal sendast til fylkeskommunen?
    4. 3.4. Registrerte kulturminne - verdisetting og verdivekting
      1. 3.4.1. Automatisk freda kulturminne
      2. 3.4.2. Vedtaks- og forskriftsfreda kulturminne i Etne
      3. 3.4.3. Registrert i Askeladden, men ikkje freda
      4. 3.4.4. Prioriterte kulturminne i kulturmiljøplanen - verneklassar
      5. 3.4.5. Kriterium som ligg til grunn for verdivurderinga:
      6. 3.4.6. Forvaltning av kulturminne i verneklassane A – C:
    5. 3.5. Verkemiddel for vern av kulturminne
  6. Del 4
    1. 4.1. Innsats overfor eigarar av kulturminne
      1. 4.1.1. Informasjon
      2. 4.1.2. Rådgjeving og kunnskapsformidling
      3. 4.1.3. Økonomiske verkemiddel
      4. 4.1.4. Andre verkemiddel
    2. 4.2. Bruk og formidling
      1. 4.2.1. Vern gjennom bruk
      2. 4.2.2. Kulturminne som del av samfunns- og næringsutvikling
      3. 4.2.3. Tilgjenge og formidling
      4. 4.2.4. Nettstader med oversikt over kulturminne
    3. 4.3. Tiltak
      1. 4.3.1. Tiltaksplan - vedlegg 7
      2. 4.3.2. Rullering
    4. 4.4. Konsekvensar
      1. 4.4.1. Ressursar og økonomi i kommunen
      2. 4.4.2. Konsekvensar for eigarane
  7. Kjelder og bakgrunnsmateriale
  8. Vedlegg
    1. 1 Arkeologiske kulturminne
    2. 2 Retningsliner
    3. 3 Oversikt over omsynssoner (klasse A)
    4. 4 Liste over verneverdige kulturminne (klasse B)
    5. 5 KULA-rapport
    6. 6 Kart
    7. 7 Tiltaksplan

Forord

Denne planen viser oss at me i Etne kommune er heldige som har eit så godt utval av spor etter menneske som har levd før oss. Me har mange kulturminne og eit kulturmiljø som me ynskjer å ta vare på for ettertida. Kommunane blir av Riksantikvaren oppmoda om å laga kulturmiljøplanar for å sikra eit felles ansvar for å ta vare på kulturminne, kulturmiljø og landskap til kommande generasjonar.

Me ynskjer at alle skal kunne sjå og læra av det som har vore, av det som var før vår tid, og passa på at historia ikkje går tapt. Dette handlar om å finna kulturminne og kulturmiljø i kommunen og leggja til rette for vern gjennom rett bruk i tida som kjem.

Me ynskjer med dette å setja fokus på alt det viktige og fine som finst og å sikra oss at ikkje viktige kulturminne går tapt. Det er ikkje eit mål om å verna mest mogleg, men å auka ei bevisstgjering om å ta vare på eit representativt utval av kulturminne som er viktige for Etne kommune. Målet med arbeidet med kulturmiljøplanen er å gi ein større kunnskap og ei større forståing til nålevande og kommande generasjonar. Denne planen lyfter fram og synleggjer kulturminna i kommunen.

Etne kommune har eit ansvar for å ivareta kulturminne og kulturmiljø. Me håpar og trur at denne planen vil inspirera mange til å engasjera seg og bidra til å skapa gode opplevingar og nye verdiar basert på vår lokale kulturarv.     

 I kulturmiljøplanen for vår kommune vil det vera både bilete og teikningar som kan gi fleire lyst til å lesa, men også gå ut for å sjå etter steinar, borger, vardar, hus, kyrkjer, gjenstandar eller bygder. Etne kommune er ein kommune som er rik på historie og me har alle eit ansvar for å ta vare på dette for dei som kjem etter oss.

For å gjera arbeidet med kulturmiljøplanen har kultureininga fått hjelp av Ellen Urheim Tveit. Ellen har lang erfaring med dette arbeidet, og ho har laga kulturmiljøplanar til Bømlo og Sveio kommune. Me takkar Ellen for bidraget til utarbeiding av kulturmiljøplanen for Etne kommune.

Etne kommune 24.01.2022

Mona R. Sævik

Kommunalsjef for oppvekst og kultur