Kulturmiljøplan

  1. Forord
  2. Viktige omgrep og definisjonar
  3. Del 1 Innleiing
    1. 1.1. Kvifor skal me ha ein kulturmiljøplan?
    2. 1.2. Nasjonale mål for forvaltninga av kulturminne
      1. 1.2.1. Hovudmål
      2. 1.2.2. Delmål
    3. 1.3. Om planarbeidet
      1. 1.3.1. Avgrensing
      2. 1.3.2. Status for kulturminne og registreringar i Etne
      3. 1.3.3. Kva er det lagt vekt på i planen?
      4. 1.3.4. Klassifisering
      5. 1.3.5. Oppbygging av planen
      6. 1.3.6. Kjeldebruk
      7. 1.3.7. Samanheng med kommuneplanen
      8. 1.3.8. Samanheng med andre planar
      9. 1.3.9. Utfordringar framover
    4. 1.4. Aktørar og ansvarsdeling i kulturminnevernet
      1. 1.4.1. Etne kommune sitt ansvar og rolle
      2. 1.4.2. Eigarar av kulturminne
      3. 1.4.3. Dei frivillige organisasjonane
      4. 1.4.4. Musea
      5. 1.4.5. Fylkeskommunen
      6. 1.4.6. Statleg mynde og ansvar
      7. 1.4.7. Lovverk: Plan- og bygningslova og kulturminnelova
  4. Del 2 Kunnskapsgrunnlaget
    1. 2.1. Kulturminne og kulturmiljø i historisk og tematisk samanheng
    2. 2.2. Historisk oversyn
    3. 2.3. Kulturminne frå før reformasjonen / Arkeologiske kulturminne
      1. 2.3.1. Terrasselandskapet i Etne
      2. 2.3.2. Gravminne
      3. 2.3.3. Helleristningar
      4. 2.3.4. Bautasteinar og steinkrossar
      5. 2.3.5. Bygdeborger
      6. 2.3.6. Vardar og vetar
      7. 2.3.7. Ferdslevegar
      8. 2.3.8. Klebersteinsbrot
      9. 2.3.9. Kyrkjestader
      10. 2.3.10. Gjenstandar frå forhistorisk tid
    4. 2.4. Nyare tids kulturminne (etter reformasjonen)
      1. 2.4.1. Handels- og gjestgjevarstader, tettstader
      2. 2.4.2. Kulturminne i landbruket sitt kulturlandskap
      3. 2.4.3. Kulturminne i fjellet
      4. 2.4.4. Bruken av vassdraga
      5. 2.4.5. Industri, handverk og småindustri
      6. 2.4.6. Sjøbruk
      7. 2.4.7. Kommunikasjon og samferdsle
      8. 2.4.8. Tru og kyrkje
        1. 2.4.8.1. Kyrkjene i Etne
        2. 2.4.8.2. Bedehus
      9. 2.4.9. Bergverk og gruveverksemd
      10. 2.4.10. Reiseliv
      11. 2.4.11. Offentlege bygg
      12. 2.4.12. Organisasjonsliv og forsamlingshus
      13. 2.4.13. Kulturminne knytt til personar og historier
      14. 2.4.14. Forsvars- og krigsminne
      15. 2.4.15. Kulturminne frå etterkrigstida
  5. Del 3 - Planforslaget
    1. 3.1. Grunnlag for prioriteringar
    2. 3.2. Eksterne planar og rapportar som omfattar kulturminne i Etne
      1. 3.2.1. Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA)
      2. 3.2.2. Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger
      3. 3.2.3. Regional kulturplan
      4. 3.2.4. Konsekvensutgreiing E134 Bakka-Solheim Kulturminne
    3. 3.3. Forvaltning av kulturminne
      1. 3.3.1. Arkeologiske kulturminne
      2. 3.3.2. Nyare tids kulturminne
      3. 3.3.3. Forvaltning av freda og listeførte kyrkjer
      4. 3.3.4. Kva saker skal sendast til fylkeskommunen?
    4. 3.4. Registrerte kulturminne - verdisetting og verdivekting
      1. 3.4.1. Automatisk freda kulturminne
      2. 3.4.2. Vedtaks- og forskriftsfreda kulturminne i Etne
      3. 3.4.3. Registrert i Askeladden, men ikkje freda
      4. 3.4.4. Prioriterte kulturminne i kulturmiljøplanen - verneklassar
      5. 3.4.5. Kriterium som ligg til grunn for verdivurderinga:
      6. 3.4.6. Forvaltning av kulturminne i verneklassane A – C:
    5. 3.5. Verkemiddel for vern av kulturminne
  6. Del 4
    1. 4.1. Innsats overfor eigarar av kulturminne
      1. 4.1.1. Informasjon
      2. 4.1.2. Rådgjeving og kunnskapsformidling
      3. 4.1.3. Økonomiske verkemiddel
      4. 4.1.4. Andre verkemiddel
    2. 4.2. Bruk og formidling
      1. 4.2.1. Vern gjennom bruk
      2. 4.2.2. Kulturminne som del av samfunns- og næringsutvikling
      3. 4.2.3. Tilgjenge og formidling
      4. 4.2.4. Nettstader med oversikt over kulturminne
    3. 4.3. Tiltak
      1. 4.3.1. Tiltaksplan - vedlegg 7
      2. 4.3.2. Rullering
    4. 4.4. Konsekvensar
      1. 4.4.1. Ressursar og økonomi i kommunen
      2. 4.4.2. Konsekvensar for eigarane
  7. Kjelder og bakgrunnsmateriale
  8. Vedlegg
    1. 1 Arkeologiske kulturminne
    2. 2 Retningsliner
    3. 3 Oversikt over omsynssoner (klasse A)
    4. 4 Liste over verneverdige kulturminne (klasse B)
    5. 5 KULA-rapport
    6. 6 Kart
    7. 7 Tiltaksplan

Del 4

Handlingsplanen består av ein generell del som seier noko om dei ulike typane verkemiddel som finst, og kven dei er retta mot. I tillegg er det utarbeidd ein tiltaksplan over konkrete tiltak som kommunen ønskjer å gjennomføra dei næraste åra. Desse er sett opp i vedlegg 7. Tiltaksdelen av handlingsplanen skal rullerast annakvart år og kan handsamast uavhengig av sjølve plandokumentet.

4.1. Innsats overfor eigarar av kulturminne

Dei fleste kulturminna i Etne er i privat eige. Frivillige lag og organisasjonar eig òg viktige kulturminne i kommunen. Eit godt samarbeid med eigarane er ein føresetnad for ei god kulturminneforvaltning. Kommunen kan leggja rammene gjennom planverk og forvaltning av lover og retningsliner, men i siste instans er det eigaren sin vilje og evne til å bevara  som er avgjerande. Det finst mange døme på at også verna og freda kulturminne går tapt som følgje av forfall, manglande ressursar eller manglande kunnskap. I mange tilfelle kan ein vanskeleg klandra eigarane for dette – den offentlege støtta til vern av kulturminne dekkjer ikkje på langt nær behovet, sjølv om det har vore løyvt meir tilskotsmidlar til kulturminne dei siste åra.

Men økonomiske verkemiddel er berre eitt av fleire nødvendige tiltak for ein god forvaltning av kulturminne. Kunnskap og  kompetanse er òg avgjerande. Dette gjeld både i forvaltninga, hos eigarane og hos handverkarar. Om eigaren ønskjer å ta vare på kulturminnet sitt, og har økonomi til det, er det likevel ikkje sjølvsagt at ein får tak i handverkarar som har kompetanse til å gjera eit antikvarisk forsvarleg arbeid. Kommunen har heller ikkje kapasitet og kompetanse til å følgja opp eigarane godt nok. Dei regionale musea og bygningsvernsentra kan bidra med rådgjeving, men har avgrensa kapasitet til å utføra arbeidet. Difor er samarbeid og kompetanseheving viktige tiltak på alle nivå. 
 

4.1.1. Informasjon

Det er viktig at eigarane  får god informasjon om kva det inneber å eiga eit verna eller verneverdig kulturminne. Kulturmiljøplanen skal vera eit bidrag til å gjera vilkåra meir føreseielege for eigarane. Tidlegare har desse vilkåra gjerne kome fram i samband med søknad om riving eller endring av bygg. Med ein kulturmiljøplan har eigarane høve til å setja seg inn i kva lover og retningsliner som gjeld for deira eigedom på førehand, og kan planleggja ut frå det. Erfaringa viser at talet på dispensasjonssøknadar og motsegner knytt til kulturminne går ned i kommunar som har kulturmiljøplan. 

4.1.2. Rådgjeving og kunnskapsformidling

Ein liten kommune som Etne har ikkje eiga rådgjevingsteneste eller kulturminnekonsulent. Gjennom kompetansehevingsprogrammet KIK (Kulturminnekompetanse i kommunen) stimulerer Riksantikvaren og fylkeskommunen til å heva kompetansen i kommunane. Kommunane i Sunnhordland samarbeider om kompetanseheving på dette feltet. Arbeidet med kulturmiljøplanen har òg vore med på å heva både kunnskapen om lokale kulturminne og forvaltningskompetansen i kommunen. 
I tillegg har kommunen høve til å visa eigarar av viktige kulturminne vidare til den regionale bygningsverntenesta i Sunnhordland. Bygningsverntenesta har som føremål å drive operativt og oppsøkjande bygningsvern i offentleg regi og kan bidra med rådgjeving, utarbeiding av tilstandsrapport, kalkylegrunnlag i samband med søknad om midlar med meir. 

Døme på tiltak kan vera temamøte og praktiske kurs for handverkarar og huseigarar.

Råd om vern og restaurering av bygningar

Restaurering av tiltak for å setje i stand eit bygg eller ein gjenstand slik at det får tilbake opphavleg skapnad og utsjånad. Dette inneber at arbeidet blir utført etter ein antikvarisk plan, og gjennomført i størst mogleg grad med tradisjonelle material og tradisjonelt verktøy, av handverkarar som kjenner dei tradisjonelle handverkteknikkane. Ofte blir ordet feilaktig brukt om all slags vøling, også den som inneber modernisering. Innan kulturminnevernet blir ordet brukt om reparasjonar med vekt på å følgje antikvariske prinsipp. PRaktisk restaureringsarbeid vil likevel vere eit kompromiss mellom det å gjenskape ein opphavleg utsjånad og det å gjere gjenstanden eller byggverket tenleg for framtidig bruk.

Generelle prinsipp:

  • Skift så lite som mogleg
  • Bevar konstruksjonsmåtar
  • Bruk god materialkvalitet
  • Bruk høvla panel
  • Behold originale vindauge og dører
  • Bruk rett listverk
  • Bruk tradisjonell taktekking

Moglegheitene for å følgja desse prinsippa vil variere.

Fleire bilete av gammal bygning - Klikk for stort bildeRestaurering av bygningar.

To gamle vindage på hus - Klikk for stort bilde

Vindauge

Små endringar i dimensjonar og materiale kan gje huset eit heilt anna uttrykk. Gamle vindauge er ofte laga av dei beste materiala som var å få tak i, og kan vera i betre stand enn dei ser ut til ved første augekast. Det bør vurderast om dei originale vindaugo kan restaurerast før ein eventuelt vel å skifta dei ut med nye av same type. Varevindauge eller kopla vindauge kan vera alternativ til nye vindauge med isolerglas.
 

Kledning på gammalt hus - Klikk for stort bilde

Kledning

Gamal kledning i varierande breidder gjev liv til fasaden. Ved restaurering bør ein berre skifta dei borda som er rotne, og kopiera den gamle kledninga både i kvalitet og utforming. Utskifting til moderne standardkledning øydelegg det autentiske ved bygget og gjev eit livlaust og «flatt» uttrykk.
 

Råd om vedlikehald og restaurering finn ein mellom anna på Bygg & Bevar.

4.1.3. Økonomiske verkemiddel

Det finst ei rekkje offentlege og private støtteordningar som skal hjelpa eigarar av kulturminne til å ta vare på dei verdiane dei forvaltar. Stortinget set kvart år av midlar til kulturminnevern over ulike postar i statsbudsjettet. Ein del av ressursane blir fordelte til fylkeskommunane via rammetilskottet. Freda bygningar og anlegg er prioriterte gjennom eigne ordningar. Riksantikvaren fordeler midlar til fylkeskommunane, som fordeler vidare etter søknad. Fylkeskommunen gjev støtte til istandsetjing av verneverdige kulturminne og til forvaltning og drift av verna fartøy. Norsk kulturminnefond gjev òg tilskot til private eigarar av verneverdige kulturminne. Det finst fleire private stiftingar og fond som støttar kulturverntiltak. 

For dei fleste tilskotsordningane er det ein føresetnad at eigar bidreg med eigenkapital/eigeninnsats, eller at tiltaket blir gjennomført ved hjelp av fleire finansieringskjelder. Lokale kulturmiljøplanar vil vera førande for prioriteringane til tilskottsytarar på alle nivå. Ofte vil det vera lettare å få tilskott dersom kulturminnet eller kulturmiljøet er sikra juridisk vern gjennom bindande arealplanar. Det finst òg ordningar med gunstige lån for eigarar av kulturminne av høg verdi. 

SMIL-ordninga

SMIL-midlane (Spesielle miljøtiltak i landbruket), som er løyvt over jordbruksavtalen og blir forvalta av kommunane, er ei viktig støtteordning for kulturmiljø i Etne. Desse midla går hovudsakleg til kulturlandskapstiltak på gardar som kan søkja om landbrukstilskott. Kulturlandskapet er ein viktig del av heilskapen for mange av kulturmiljøa som er med i planen.

Støtte til verna kulturminne i Vestland

Med vedteken kulturmiljøplan kan kommunen òg søkja tilskot gjennom den fylkeskommunale ordninga «Tilskot til istandsetjing av verneverdige kulturminne». Her søkjer eigarane gjennom kommunen, som prioriterer søknadane ut frå dei prioriteringane som er gjort i kulturmiljøplanen, før søknadane blir sendt vidare til fylkeskommunen.

Andre støtteordningar:

Kulturminnefondet er den største aktøren som gjev tilskott til kulturminne. Fondet fordeler statlege midlar. Sjå òg oversikter over aktuelle tilskotsordningar på www.byggogbevar.no og www.ra.no

Mann som jobbar med treverk - Klikk for stort bilde Bjarte Eintveit

Kulturminnefondet har støtta restaureringa av kvernhuset på Eintveit. Med kulturmiljøplanen får eigarar av kulturminne i Etne òg tilgang til den fylkeskommunale ordninga “Tilskot til verna kulturminne i Vestland”. For alle slike ordningar er det ein føresetnad at ein har tilgang til restaureringskompetanse. Her ser me den unge handverkaren Knut Eintveit i arbeid med tradisjonelle metodar.

Lokale tilskott

Eit økonomisk verkemiddel som kommunen rår over, er fritak frå eigedomsskatt for eigarar av lokalt verna bygg. Riksantikvaren og fylkeskommunen oppmodar kommunane om å gje slikt fritak, og dette er føreslege som tiltak i handlingsprogrammet. Kommunen har òg høve til å setja av eigne midlar som kan gå inn i den fylkeskommunale støtteordninga og forsterka denne.

4.1.4. Andre verkemiddel

Generelt vil auka merksemd om kulturminne vera eit viktig verkemiddel i arbeidet med å verna kulturminne og kulturmiljø. Kulturminne er ein verdi for heile lokalmiljøet, og noko mange kjenner eigarskap til. I Eit sterkt medvit om kva verdiar kulturminna representerer, og god allmenn kunnskap om eigen historie, vil i seg sjølv vera eit vern mot mykje av det som kan vera trugsmål for kulturminne. Om ein held ståande bygningar utanfor, kan vern i mange tilfelle krevja lite anna enn at kulturminnet får liggja i fred.

4.2. Bruk og formidling

4.2.1. Vern gjennom bruk

Bruk er ein føresetnad for vern av kulturminne. Det kan vera ei utfordring å ta vare på bygningar som har gått ut av bruk. Nytenking om bruk kan difor vera ein føresetnad for vidare vern. Det krev fagkunnskap å kunna gjera nødvendige endringar for å tilpassa ein bygning til ny bruk utan at kulturminneverdien blir redusert.

4.2.2. Kulturminne som del av samfunns- og næringsutvikling

Kulturminne og kulturmiljø er viktige for lokal kultur, identitet og samfunnsutvikling. I nokre deler av kommunen, som Skånevik og Åkrafjorden, er dei lokale kulturmiljøa nytta i utvikling av kultur- og reiselivsnæring. Det særprega sentrumsmiljøet i Skånevik dannar ei viktig ramme rundt kulturarrangement som Bluesfestivalen og Pippifestivalen, medan hotellet vidarefører dei lange reiselivstradisjonane i bygda. I Åkrafjorden er spora i landskapet etter livet som har vore levd langs fjorden eit viktig grunnlag for etableringa av Åkrafjorden landskapspark og reiselivsverksemder som Åkrafjordtunet, Rullestad camping og Eljarvik gard. 

Samstundes har kommunen unike kulturminne og kulturmiljø av nasjonal verdi som med tilrettelegging og aktiv formidling kan bli viktige besøksmål for reiselivet, og nyttast i generell profilering og marknadsføring av kommunen. Stødleterrassen er viktig  for den lokale identiteten og som eit symbol for bygda si rike historie. Dette er eitt av dei fremste store kulturmiljøa på Vestlandet. Heile sentralbygda i Etne er peika ut som “Kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse” (KULA). Potensialet som ligg i å bruka dette i utviklinga av samfunn og næringsliv er likevel lite utnytta. Her er det behov for både enkle tilretteleggings- og formidlingstiltak som skilting og lett tilgjengeleg digital informasjon, og meir overordna grep knytt til utetterretta profilering og marknadsføring av kommunen.
 

4.2.3. Tilgjenge og formidling

Eit godt døme på vern gjennom bruk er gamle vegfar, som i våre dagar kan gjera landskapet og historia tilgjengeleg ved å nyttast som turstiar. I Etne er Postvegen mellom Skånevik og Etne eit godt døme på dette. Mange har opplevd at ei hustuft eller ein stad det er knytt ei segn til, gjev turen det vesle ekstra både for små og store. Her er skilting eit viktig verkemiddel, både for å visa veg og for å fortelja historia. Mange typar kulturminne kan ein gå rett forbi utan å sjå dei dersom det ikkje er gjort ein jobb for å formidla historia gjennom til dømes skilt og informasjonstavler, eller ved hjelp av digital formidling. I Etne har det vore gjort mykje arbeid med formidling og forteljing knytt til kulturarva. Døme er forteljeprosjektet, sogespel, bokutgjevingar, fotosamling med meir. Kommunen har eit omfattande lokalhistorisk arkiv og sit på mykje informasjon. Det er likevel behov for betre tilrettelegging og formidling av ein del viktige fysiske kulturminne.

4.2.4. Nettstader med oversikt over kulturminne

Informasjon om kulturminne er tilgjengeleg gjennom fleire nettstader. www.kulturminnesok.no gjev informasjon om freda kulturminne. I tillegg er tenesta open for at publikum sjølv kan leggja inn kulturminne dei har kjennskap til. Etter kvart skal òg informasjon om kulturminne som er lokalt verna bli tilgjengeleg her. 

Mange karttenester, til dømes www.fonnakart.no har kulturminne som karttema. Her kan ein velja å få oversikt over freda kulturminne (det vil seie informasjon frå Askeladden) og SEFRAK-registrerte kulturminne. Lokalt verna kulturminne vil bli gjort tilgjengelege etter kvart som dei blir lagt inn i Askeladden. 

Det finst òg ei rekkje andre nettstader, i offentleg eller privat regi, med informasjon om kulturminne knytt til spesielle tema. Det finst òg ei rekkje lokale nettstader (sjå oversikt over nokre av desse sist i planen). Informasjon og kunnskap blir òg delt i ulike lokale Facebook-grupper.

Nyttige nettstader:

www.kulturminnesok.no
www.fonnakart.no
www.riksantikvaren.no
www.digitaltmuseum.no
www.byggogbevar.no

4.3. Tiltak

4.3.1. Tiltaksplan - vedlegg 7

Tiltaksplanen gjev oversikt over tiltak det er behov for, eller ønske om, i oppfølginga av planen. Det er gjort synleg kva dette vil kosta, og kven som vil vera ansvarleg for tiltaket. Tiltak som krev ekstra ressursar vil berre bli gjennomført dersom det blir sett av midlar til dei i budsjettet. Nokre av tiltaka kan gjennomførast utan ekstra ressursar.

4.3.2. Rullering

Tiltaksplanen skal reviderast annakvart år. Planen som heilskap skal rullerast i samband med rullering av kommuneplanen. Lista over omsynssoner blir rullert saman med resten av planen, men kan ved behov rullerast inntil kvart fjerde år.

4.4. Konsekvensar

4.4.1. Ressursar og økonomi i kommunen

Utgangspunktet for planen er at ein ønskjer  å systematisera og forenkla forvaltninga av kulturminne ved å ha eit godt kunnskapsgrunnlag og klart definerte retningsliner for det vidare arbeidet. Såleis vil kommunen kunna bruka mindre ressursar på å innhenta informasjon og vurdera verneverdi når konkrete saker skal handsamast. Men samstundes viser arbeidet med kulturmiljøplanen at det er behov for ei høgare prioritering av kulturminnevern i Etne. Om ein skal nå måla som er sett i planen, må kommunen kunna gje eigarar av kulturminne god oppfølging, i form av både rådgjeving og tilgang til økonomisk støtte. Dette er gjort nærare greie for under punkt 4.1.

Etter at planen er vedtatt, vil det òg vera behov for vidare oppfølging av kulturminneregisteret. Kulturminne som har eit kommunalt vern skal leggjast inn i Riksantikvaren sitt kulturminneregister Askeladden, og dette vil vera eit omfattande arbeid. Registrering i Askeladden vil òg gjera opplysningane tilgjengelege for publikum på www.kulturminnesok.no

Kulturminneplanen skal ikkje vera til hinder for utvikling i kommunen, men sikra at utviklinga skjer på ein måte som ikkje råkar viktige kulturminneverdiar. 
 

4.4.2. Konsekvensar for eigarane

Kommunalt vedtekne prioriteringar i kulturmiljøplanen vil gje meir føreseielege vilkår for eigarar av kulturminne. Kommunen har også tidlegare teke omsyn til kulturminne i saksbehandlinga. Mellom anna har SEFRAK-registeret blitt lagt til grunn. Men SEFRAK-registeret er ikkje eit verneregister. Sidan dei registrerte objekta ikkje har vore verdivurderte, har dette vore eit mangelfullt verktøy. Mange kulturminnetypar er ikkje omfatta av registeret, og mange av dei bygningane som er registrerte har låg verneverdi. Nyare tids kulturminne har difor hatt ein uavklart status som har gjort det vanskeleg for eigarane å vita kva vilkår som gjeld, og det er mange misforståingar knytt til omgrepa vern, freding og verneverdig. 

Omsynssoner, som er det verkemiddelet som blir teke i bruk lokalt for å sikra viktige kulturminne, må ikkje forvekslast med freding. Som ordet indikerer er ei omsynssone eit område der det skal takast omsyn til visse verdiar når det skal gjennomførast tiltak. Det skal ikkje setjast ei «osteklokke» over som hindrar all vidare utvikling. Ei omsynssone vil innebera visse restriksjonar for kva eigar kan gjera og korleis eventuelle tiltak skal gjennomførast, men dette er omsyn kommunen uansett er pålagt å ta etter plan- og bygningslova. Retningslinene gjeld for eksteriør og tiltak i miljøet rundt bygningane. Tiltak i interiør er ikkje søknads- eller meldepliktige, men kommunen oppfordrar eigarar til å kontakta fagkompetanse dersom ein  har  spørsmål knytt til kulturhistorisk verdifulle element i interiøret. Kommunen kan formidla slik kontakt. Fasadeendringar er søknadspliktige etter § 20-1 i Plan- og bygningslova. I retningslinene for omsynssonene er det spesifisert nærare kva som er omfatta av søknadsplikta. Tilbakeføring i samråd med kommunen er ikkje søknadspliktig, jf. Pbl. § 20-5 f. I spesielle tilfelle kan kommunen pålegga eigarar å setja i stand bygg etter Pbl. § 31-3.
Reint vedlikehaldsarbeid er normalt ikkje søknadspliktig, så lenge ein t.d. ikkje gjer inngrep i berande konstruksjonar eller gjer at branntekniske krav ikkje er oppfylt. Når det gjeld vedlikehald av tak på bygg, så er skifte frå historisk korrekt takmateriale (t.d. skifer) over til anna materiale (t.d. nyare typar av betongtakstein) ikkje ønskjeleg, jf. retningsline D i vedlegg 2. Ev. skifte av takmateriale vil vere søknadspliktig som fasadeendring. For søknadspliktige tiltak på bygg og anlegg som ligg i omgjevnadane til omsynssonene syner vi til retningsline B. Hovudregelen er at tiltak her skal tilpassast det eksisterande kulturmiljøet. Men også andre moment kan spele inn i vurderinga i einskildsaker, slik retningslina omtalar. Ein må då kontakte kommunen for å få ei vurdering. Influensområda til omsynssonene varierer frå stad til stad. T.d. er det innlysande å tenke at trehusbusetnaden i Skånevik er sårbar for endringar i omgjevnadane til omsynssonene, men dette gjeld også for dei fleste andre kulturmiljøa/omsynssonene i kommunen.

Målet er at eigarar av verna kulturminne skal få fleire fordeler enn ulemper som følgje av eit formalisert vern. Fleire tilskotsordningar prioriterer kulturminne som er formelt verna, og nokre krev omsynssone eller anna vern i kommunal kulturmiljøplan for at det skal kunna søkjast tilskot. Tilskotsordningane er omtala under avsnitt 4.3.1. Omsynssone gjev ikkje nokon garanti for at ein får tilskot, sidan dei fleste ordningane har langt fleire søkjarar enn det er midlar til å støtte. Men kulturminne i omsynssone eller med annan vernestatus blir høgare prioritert så sant søknaden elles oppfyller kriteria for ordningane. For å sikra at arbeidet oppfyller grunnleggjande kriteria for restaurering bør ein nytta rådgjevande fagkompetanse.

Ein del kulturminne har alt fritak frå eigedomskatt. Dette bør gjelda for alle kulturminne i klasse A. Det er òg eit ønskje  at eigarane skal få tilbod om kurs og rettleiing i vern av kulturminne.