Spelemidlar er overskotet frå dei ulike spela Norsk Tipping er ansvarleg for, til dømes Lotto, Flax, Joker og Keno. Nesten halvparten av overskotet går til idrettsformål, det meste til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg i kommunane.
Kven kan søkja om spelemidlar?
Kommunar, fylkeskommunar, idrettslag, andelslag, burettslag/velforeiningar, aksjeselskap, stiftingar og liknande.
Kva kan det søkjast om tilskot til?
Bygging og rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg, kulturbygg og friluftslivsanlegg.som er opne for allmenn aktivitet og ikkje underlagt kommersielle interesser.
Kor mykje kan du søkja om?
Søknadsfrist
Siste halvdel av oktober kvart år. (Sjå utlysing i Grannar og på etne.kommune.no).
Slik søkjer du
Du søkjer via Anleggsregisteret.no
Søknaden går til kommunen der anlegget ligg. Kommunen gjer ei intern prioritering av søknadane, før desse blir sende vidare til fylkeskommunen innan fristen 15. januar kvart år. Fylkeskommunen fordeler spelemidlar, etter oppdrag frå staten.
Du får meir informasjon på Anleggsregisteret.no. Kultureininga kan gje råd og rettleiing for utforming av søknaden.