Utklypp Kultur

Ein solid kulturkommune

Etne kommune ragar høgt i oversikten til Norsk kulturindeks.

Etne ligg på 139. plass og er i øvste tredjedel av oversikten som er utført i regi av Telemarksforskning, ein plass opp frå i fjor. Vindafjord er plassert som nr 377 av landets 428 kommunar.

Etne scorar spesielt godt på kategoriane konsert (19), kino (28), bibliotek (30) og den kulturelle spaserstokken (37) i følgje Grannar. Konsert er også der Vindafjord (77) har best plassering, og for begge kommunane gjenspeglar det seg at dei har festivalar.

Tips ein ven  Skriv ut