Service- og fellestenester

Tenestetorget skal vera kommunen sitt andlet mot samfunnet når innbyggjarane ynskjer kontakt med oss, dette omfattar resepsjon, telefon, annonsering, heimesida, intranett for dei tilsette og kommunens profil manual. 

Ansvaret for arkivet til Etne kommune ligg og på Tenestetorget og ein må ha kompetanse på lovverk og reglar gjeldande dette.  

Tenestetorget har ansvaret for prosessane for førebuing og utsending av alle saker som skal til politisk handsaming, samt sekretariat tenesta for  K-styret, Formannskapet og alle andre råd og utval.