Driftstilskot til lag og organisasjonar

Kommunen gir driftstilskot til mange lokale og interkommunale lag og organisasjonar som driv eller vil starta kulturverksemd i Etne kommune.
For lag/organisasjonar med fleire undergrupper er det berre hovudlaget som kan vera søkjar og få tilskot til den samla verksemda. Interkommunale lag og organisasjonar får tilskot i høve til det medlemstalet dei har i kommunen.

Kven kan søkja?

Driftstilskot blir ytt til aktive lag og organisasjonar med minst 10 medlemmer busette i Etne kommune, og som høyrer til ein av desse kategoriane.

1. Idretts- og skyttarlag
2. Musikklag og songkor
3. Barne- og ungdomslag.


Vilkår for å søkja

  • Eige organisasjonsnummer
  • Må avvikla formelt årsmøte


Søknadsfrist

1. april (eller seinare etter avtale dersom årsmøtet blir avvikla seinare)


Slik søkjer du

Send inn elektronisk søknadsskjema vedlagt signert årsmøteprotokoll, årsmelding og revidert årsrekneskap frå fjoråret.
Driftstilskot til lag og organisasjonar
 

Retningsliner for tildeling og utbetaling

  1. Idretts- og skyttarlag 
  2. Musikklag og songkor 
  3. Barne- og ungdomslag 
Tips ein ven  Skriv ut