Kvalitetssikring av eleven sitt læringsutbytte

Rutinar for skule og PPT

Kategoriar - Klikk for stort bilde Kjelde: Fylkesmannen i Oppland

Som del av Haugalandsløftet vart rutinane utarbeidd på bestilling av kommunedirektør i Etne og Vindafjord.
Rutinane vart gjort gjeldande frå 01.08.2017, og revidert ved innføring av «Stafettloggen» 01.08.2020.

Rutinar har hatt gjennomgang juni 2022 og gjeld for perioden 2022-2026.

Planen er godkjent og vedteken av kommunalsjefar oppvekst i Etne og Vindafjord august 2022.  

Innhald

Innleiing

Omgrep, roller og ansvar

Plan for kvalitetssikring av elevane sitt læringsutbytte

Fase 1: Ordinær opplæring- bekymringsfasen

1.1 Skulen si plikt til å vurdera læringsutbyttet
1.2 Skulen har plikt til å vurdera det ordinære opplæringstilbodet
1.2.1 Skulen si organisering og rammefaktorar rundt eleven
1.2.2 Eleven sitt faglege utbyte
1.2.3 Eleven sitt personlege utbyte
1.2.4 Eleven sitt sosiale utbyte
1.3 Skulen sitt kartleggingsarbeid «Kartleggingshjulet»
1.3.1 Fasar i Kartleggingshjulet

Fase 2: Tilvising til PPT

2.1 Tilvising til PPT
2.2 Inntakssamtale
2.3 Utgreiingsplan
2.4 Plan for rettleiing og vidare arbeid

Fase 3: Sakkunnig vurdering av eleven sitt behov for spesialundervisning

3.1 Element i den sakkunnige vurderinga
3.2 Kva den sakkunnige vurderinga skal ta stilling til

Fase 4: Vedtaksfasen

Fase 5: Planlegging og gjennomføring

5.1 IOP
5.1.1 Innhald i IOP
5.2 Stoppunkt og undervegsvurdering av spesialundervisninga

Fase 6: Evaluering og vegen vidare

Vedlegg

Elev ligg på pult og les bok - Klikk for stort bilde

Innleiing

Visjon og verdiar i skulane

Visjon og verdiar er nedfelt i planverka i dei to kommunane og dannar grunnlaget for alt arbeid med born og unge. Tilpassa opplæring skal sikra at alle born får eit tilfredsstillande læringsutbytte.

Visjon

«Barnehage, skule og PPT skal saman  gije alle elevar eit læringsløp der kvart  einskild barn får oppfylt sitt fulle faglege potensiale og blir eit trygt, aktivt og sjølvstendig menneske.»

Slagord

«Saman for læring - læring for livet»

Felles haldningar og verdiar

«Skulane tek vare på god undervisningspraksis, men arbeider og for å utvikla praksis, m.a.  gjennom forskingsbasert skuleutvikling. Rektor er leiar og pådrivar av all skuleutvikling på skulen.
Hovudmerksemd for arbeid med  skuleutvikling er, og skal alltid vera,  eleven sitt læringsutbytte.
Elevar og føresette i Etne og Vindafjord opplever ein skule der dei blir møtt med openheit, tillit og respekt. 
Vurdering for læring er knytt til all opplæring, også spesialundervisning».

  • Barnehage og skule skal gje borna ei fagleg utvikling som tek utgangspunkt i deira føresetnader, og dei skal oppleva læringstrykk og meistring.
  • Barnehage og skule skal vera trygge og ivaretakande, der borna lærer om og utviklar sosial og emosjonell dugleik og demokratisk kompetanse. 
  • Motivasjon og kompetanse som gjer avgangselevar i stand til å gjennomføra vidaregåande skule og å delta i samfunnet.
  • Pedagogisk utviklingsarbeid har nyare forsking som rettesnor.
  • Samhandling mellom barnehage/skule og PPT legg vekt på organisasjons- og kompetanseutvikling, i tillegg til individarbeid.

Fokusområde i skulane i Etne

Skisse over stega - Klikk for stort bilde

Omgrepsavklaringar

God samhandling i alle ledd krev at ein har felles forståing og er einige om kva som er innhald i sentrale omgrep.

Tilpassa opplæring og spesialundervisning

Dekorativt - Klikk for stort bilde

Tilpassa opplæring famnar alle elevar, anten dei har ordinære opplæring  eller spesialundervisning.

Spesialundervisning er òg tilpassa opplæring, men ikkje all tilpassa opplæring er spesialundervisning.

God forståing for kva  tilpassa opplæring er, og tilstrekkeleg med ressursar kan medføra mindre spesialundervisning. Hovudmålet er at ordinær opplæring har så høg kvalitet* at den klarar å famna om alle typar elevar med deira variasjonar og føresetnadar.

Høg kvalitet i opplæringa/undervisninga er kjenneteikna av:
- høgt pedagogisk medvit
- god systematikk
- tett oppfylging av den einskilde eleven i fellesskapet

Tilpassa opplæring

Tilpassa opplæring er vanleg undervisning eller spesialundervisning, der ein gjennom observasjon, planleggjing, gjennomføring og jamn evaluering aktivt ser til at alle elevar- med sine mangfaldige særtrekk- får utfordringar og mogelegheiter som bidreg til meistring og tilhøyr, fagleg og sosialt, individuelt og i gruppe. Tilpassa opplæring er eit grunnleggjande prinsipp for all opplæring, og handlar om:

  • Organisering
  • Val av arbeidsmåtar og metodar
  • Variasjon i arbeidsoppgåver, lærestoff og læringsstrategiar
  • Ulikt tempo og progresjon
  • Ulik vanskegrad i oppgåver
  • Ulik grad av måloppnåing

Spesialundervisning

I følgje  opplæringslova, §5.1 har elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære tilpassa opplæringstilbodet, rett til spesialundervisning. Dersom ein er i tvil om eleven skal ha spesialundervisning og individuell særrett etter opplæringslova §5.1 vidare, kan følgjande spørsmål vera ei hjelp i vurderinga: 
Har eleven har behov for tiltak innan eitt eller fleire av punkta under?

  • Eleven treng avvik frå kompetansemåla
  • Eleven har behov for avvik frå organisering
  • Eleven har behov for kompensatoriske tiltak

«Avvik frå kompetansemåla»

Ein må ha som eit overordna mål at eleven skal nå måla i LK-20. Avvik frå LK-20 betyr å kutta vekk mål i læreplanen. På ungdomsskulen kan eleven ikkje få karakter i fag med avvik. Det å ha avvik kan få konsekvensar for eleven si utdannings og yrkeskarriere. Avvik gjeld berre elevar med spesialundervisning. Dersom ein må ha avvik må ein avklara dette med foreldre og eleven og forklara kva konsekvensar dette inneber. 

«Avvik frå organisering»

Ein elev har rett til å høyra til i eit sosial fellesskap ved skulen. Nokre elevar vil likevel ha behov for ei organisering av opplæringa der dei oppheld seg deler av opplæringa utanfor dette fellesskapet. Det blir kalla spesialundervisning dersom eleven har behov for ei slik organisering permanent, eller over lang tid. 

«Kompensatoriske tiltak»

Kan til dømes vera programvare eller utstyr som ein elev treng for å følgja den ordinære undervisninga eller auka læringskapasitet ved å kompensera for ein vanske.

Rolleavklaringar og ansvar

Eigar har overordna ansvar for all opplæring.

Rektor har hovudansvar for all opplæring, har ansvar for at medarbeidarane får opplæring i planar og rutinar og har system for oppfølgjing. Rektor har mynde til å delegera oppgåver knytt til opplæring og forvaltning. Rektor får del i uro knytt til manglande læringsutbytte. Saker ein ynskjer drøfta med PPT, skal alltid vera drøfta med rektor først. Rektor avgjer kva saker ein skal tilvisa PPT, skriv under tilvising, og har ein dialog med PPT før sakkunnig vurdering blir tatt opp i møte med føresette/elev. Rektor gjer vedtak knytt til spesialundervisning basert på sakkunnig vurdering. Rektor har ansvar for at det blir laga pedagogisk rapport og IOP. 

Kontaktlærar er leiar for heile elevgruppa og har i oppgåve å fylgja læringsutviklinga til kvar elev i gruppaKontaktlærar har hovudansvar for at IOP vert laga innan frist. Lærarar i spesialundervisning og ordinær opplæring samarbeider om heilskapleg opplæring til elevar med spesialpedagogiske behov.  IOP og plan for ordinær opplæring bør samordnast ut frå omsynet til individuell tilpassing og inkludering. Kontaktlærar melder frå til rektor ved uro for mangelfullt læringsutbytte. Assistent i spesialundervisninga skal vera under rettleiing av ein pedagog. Det er pedagogen som er ansvarleg for opplæringa.

Spes.ped-koordinator si stillingsskildring vert utarbeidd av rektor. Koordinator kan kartleggja, gje råd til og rettleia lærarar. Koordinator samarbeider med rektor om det førebyggjande og spesialpedagogiske arbeidet på skulen. Koordinator er skulen sin kontaktperson til skulen sin PP-kontakt. Koordinator deltek på PP-dagar.

PPT samarbeider og rettleiar skulen på initiativ frå skulen, både i systemarbeid og individarbeid. PPT sin kommunikasjon med skulen går via leiar. Etter avtale kan ein samarbeida direkte med kontaktlærar og arbeidslaget rundt eleven. Møte mellom skule og PPT bør i størst mogeleg grad ha deltakarar frå administrativt nivå for å sikra at avtalar og tiltak er forankra administrativt. Dersom PPT sender ut spørjeskjema m.m., skal desse sendast tenesteveg via administrasjonen; ikkje direkte til enkelttilsette. I utarbeiding av sakkunnig vurdering har PPT eit sjølvstendig ansvar, men det skal vera ein dialog med rektor før sakkunnig vurdering blir tatt opp i møte med føresette/elev. Ressursar skal alltid drøftast med rektor.

Sirkel for oppfølging - Klikk for stort bilde

Plan for kvalitetssikring av elevane sitt læringsutbytte

Planen er bygd opp av 6 fasar. Fasane er bygd opp etter og har dei same fasane som «Rettleiar for spesialundervisning» frå UDIR for utdjupande forståing av dei ulike fasane kan ein lesa rettleiaren her.

Fase 1: Ordinær opplæring - bekymringsfasen

Skulen sitt arbeid med kartlegging, analyse, tiltak og dokumentasjon

1.1 Skulen har plikt til å vurdera utbyttet av opplæringa og ta stilling til bekymringa

Skulen har ei plikt til å vurdera og eventuelt prøva ut tiltak med sikte på å gje eleven tilfredsstillande utbyte av opplæringa før vedtak om spesialundervisning, lovfesta i opplæringslova § 5-4. Dette skal sikre at skulane gjer ei vurdering av om eleven kan få utbyte av opplæringa før eventuell tilvising til PP-tenesta. 

At læringsutbytet av det ordinære opplæringstilbodet ikkje er tilfredsstillande og at eleven dermed kan ha rett til spesialundervisning, er ei vurdering basert på skjønn frå fleire partar i den spesialpedagogiske tiltakskjeda. I nokre tilfelle kan andre tiltak enn spesialundervisning vera aktuelle og hensiktsmessige, slik som førebyggjande arbeid med læringsmiljøet, særskilt norskopplæring, bruk av ekstra lærarressurs, intensivering av opplæring i grunnleggjande dugleikar, innkjøp av læremiddel eller andre hjelpemiddel m.m. Det er difor viktig at PPT rettleiar og vurderer saman med skulane om ei eventuell tilvising skal skje.

1.2 Skulen har plikt til å vurdera det ordinære opplæringstilbodet

I fasen før tilvising handlar det om å gjera vurderingar av den ordinære opplæringa, og om den går langt nok i å tilpassa læringsaktivitetane til eleven sitt behov, evner og føresetnader i den vanlege undervisninga. Skulen si organisatoriske og pedagogiske tilretteleggjing, og ulike sider av elevane sitt faglege, sosiale og personlege utbyte må vurderast:

Gangen i korleis få utbyte - Klikk for stort bilde Videareutvikla etter Lindbäck og Strandkleiven 2010

1.2.1 Skulen si organisering og rammefaktorar rundt eleven

  • Arbeidet som går føre seg for eit godt og trygt elev- og klassemiljø.
  • Gruppestorleik og vaksenressursar.
  • Metodikk for undervisning i klasserommet
  • Kartleggjingsrutinar som er nytta
  • Tilpassing av lærestoffet og bruk av vurdering for læring
  • Læremiddel og hjelpemiddel som er i bruk

1.2.2 Eleven sitt faglege utbytte

  • Eleven si måloppnåing etter kompetansemåla (læreplanen for fag eller formål med faget)
  • Eleven sine grunnleggjande dugleikar; å kunne lesa, skriva, rekna, å kunne uttrykkja seg munnleg og digital kompetanse
  • Innhaldet i opplæringa; elevane sine forkunnskapar, tilpassing av lærestoffet, lærebøker og andre læremiddel
  • Eleven sitt utbyte av endra rammefaktorar; gruppestorleik, andre læremiddel og hjelpemiddel
  • Læraren si vurdering av kompetanse og korleis ein brukar vaksenressursar på trinnet

1.2.3 Eleven sitt personlege utbytte

  • Eleven si personlege utvikling i forhold til målsetjingane i generelle del av læreplanen og i prinsipp for opplæring (læringsplakaten)
  • Eleven si oppleving av motivasjon og meistring

1.2.4 Eleven sitt sosiale utbytte

  • Sosial utvikling
  • Interesser, inkludert interesse for skulen
  • Heimekultur i forhold til skulen sine forventningar til eleven si læring

1.3 Skulen sitt kartleggingsarbeid «Samhandlingshjulet»

Målet er å gje eleven eit tilfredsstillande læringsutbytte innanfor dei rammene skulen har til rådevelde ved å tilpassa undervisning, organisering og rammefaktorar til eleven sitt beste.

Ved mistanke om eller bekymring for manglande læringsutbytte har skulen plikt til å vurdera og prøva ut tiltak med sikte på å gje eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa før eventuell tilvising til PPT

TIltak Ansvar
Tiltak Ansvar
Undervisningspersonalet skal ved bekymring om at eleven ikkje får tilfredsstillande utbytte av ordinær opplæring, melda frå til leiinga ved skulen; sjå vedlegg 1 Kontaktlærar/faglærar/timelærar
Kartleggjing, observasjon og pedagogiske analyse. Ein kan her evnt. tilvisa saka som systemsak; sjå Vedlegg 5 Kontaktlærar/faglærar/timelærar
Kartleggjing av enkeltelev – samtale med elev og føresette. Presentera og starta tiltakslogg, sjå vedlegg 2 Kontaktlærar
Setja i verk tiltak og evaluera desse fortløpande Kontaktlærar i saman med faglærar/timelærar
Presentera og starta tiltak og evaluering i «Stafettlogg» Kontaktlærar/faglærar/timelærar evt koordinator
Vurdering av tiltak: elev, skule og føresette Kontaktlærar
Samtale med rektor Kontaktlærar
Samarbeid skule og PPT Rektor
Oppsummering av tiltak i samarbeidsmøte med skule, PPT og føresett. Det vert konkludert med at eleven får eit tilfredsstillande utbytte av den ordinær opplæringa, eller kan få det med tilpassingar jfr. §1-3, tilpassa opplæring. Eller rektor/skule sender tilvising til PPT. Rektor/kontaktlærar/PPT
Før tilvising til PPT skal det vera gjennomført kartleggjing etter plan, Språk 5-6/ Språk 6-16 og 20 spørsmål Koordinator
Ved tilvising til PPT skal det utarbeidast ein pedagogisk rapport og leggja ved «Stafettlogg» Kontaktlærar

1.3.1 Fasar i «Samhandlingshjulet»

* Pedagogisk analyse bør ein gjennomføra saman med klasseteam.
** Systemarbeid – dersom ein treng rettleiing i høve klassemiljø m.m. tilviser ein som systemsak

Vedlegg 1: Rutine for læringsutbytte skule (DOCX, 51 kB)
Vedlegg 2: Stafettlogg (DOCX, 81 kB)
Vedlegg 3: Skjema «Pedagogisk rapport» Ligg i websak under X-dokument (DOCX, 93 kB)
Vedlegg 4: Vedtekne kartleggingsprøvar (DOCX, 28 kB)
Vedlegg 5: Skjema «Tilvising systemsak» (DOCX, 48 kB)
Vedlegg 6: Skjema «Tilvising individsak» (DOCX, 50 kB)

Fase 2: Tilvising til PPT

Merknad: Før tilvising skal saka vera nøye kartlagt, tiltak vera prøvd ut, dokumentert og vera innom skulen si ressursgruppe. Tiltaka skal omhandla tilpassingar innan undervisning, rammefaktorar og organisering

Merknad: Skal eleven tilvisast PPT, må skulen ha vurdert eitt eller fleire av følgjande kriterium som naudsynte for at eleven skal få eit tilfredsstillande utbytte av undervisninga.
1) Eleven treng vurdering av avvik frå kompetansemåla i kunnskapsløftet
2) Eleven treng vurdering av alternativ organisering av opplæringa
3) Eleven treng vurdering av kompenserande hjelpemiddel

2.1 Tilvising til PPT

  • Tilvising med dokumentasjon vert sendt til PPT. Tilvising til PPT skal gjerast skriftleg på eige skjema
  • Føresette og elevar over 15 år, må ha gitt samtykke jf. Opplæringslova, § 5-4
  • Rektor skal signera tilvisinga
  • Rektor er ansvarleg for at pedagogisk rapport med avtalt dokumentasjon, ligg ved

2.2 Inntakssamtale

  • PPT kallar inn foreldre/føresette/evt. elev til samtale
  • PPT kallar inn skule til samtale
Blyant og ark - Klikk for stort bilde

2.3 Utgreiingsplan

  1. PPT utarbeider plan for arbeidet i saka
  2. PPT gjennomfører testing

2.4 Plan for rettleiing og vidare arbeid

  • PPT lagar «Rapport etter utgreiing»
  • PPT har ein dialog med skulen før tilbakemeldingsmøte etter utgreiing
  • PPT kallar inn for tilbakemeldingsmøte etter utgreiing.
  • PPT, skule og foreldre drøftar vidare plan for arbeidet

Vedlegg 7: Skjema «Samtykke til utarbeiding av sakkunnig vurdering og vedtak» (PDF, 818 kB)

Fase 3: Sakkunnig vurdering av eleven sitt behov for spesialundervisning

Merknad: Den sakkunnige vurderinga kan konkludera med at eleven kan ivaretakast innanfor prinsippet om tilpassa opplæring jamfør opplæringslova § 1-3 eller at eleven har behov for spesialundervisning jfr. opplæringslova § 5-1. Den sakkunnige vurderinga er rådgjevande og gjev viktig informasjon. 

Foreldre og elev skal involverast i alle delar av prosessen. Synet deira skal koma fram i ei sakkunnig vurdering. Foreldre kan innhenta alternativ vurdering frå ein annan sakkunnig instans.

Før rektor fattar vedtak om spesialundervisning, skal det vera utarbeidd ei sakkunnig vurdering. 
«Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringsbehov som bør givast» (opplæringslova § 5-3).

3.1 Den sakkunnige vurderinga består av to hovudelement; utgreiing og tilråding.

Sakkunnig vurdering inneheld ei heilskapleg utgreiing av eleven og ei vurdering med utgangspunkt i testar, kartleggjingar og observasjonar. 
Dokumentet kalla «sakkunnig vurdering» inneheld to delar. Den første delen, utgreiinga, er ei beskriving og vurdering av eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet og ei oppsummering av eleven sine særlege behov. Tilrådinga er den siste delen av dokumentet, og inneheld realistiske mål for spesialundervisninga, råd om korleis eleven kan ivaretakast innanfor ordinær opplæring og ei beskriving av det forsvarlege opplæringstilbodet eleven skal få.

3.2 Kva den sakkunnige vurderinga skal utgreia og ta stilling til

  • om ein kan hjelpa med dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet
  • eleven sine lærevanskar og andre særlege forhold som er viktig for opplæringa
  • det ordinære opplæringstilbodet
  • eleven sitt faglege, personlege og sosiale utbyte av det ordinære opplæringstilbodet
  • eventuell skildring av spesialundervisninga
  • eventuelle realistiske opplæringsmål for eleven i forhold til læreplanen
  • viktige prinsipp innanfor den ordinære opplæringa

Rektor har eit ansvar for at den sakkunnige vurderinga gjev eit forsvarleg grunnlag for å fatta enkeltvedtak. Dersom rektor meiner at den sakkunnige vurderinga ikkje gjev eit tilstrekkeleg grunnlag for å utforma eit vedtak, skal rektor be PPT om å utgreia dette nærare før enkeltvedtak vert utarbeidd. Når PPT er ferdig med den sakkunnige vurderinga, sender ein denne til vedtaksmynde, med kopi til foreldre. 

Fase 4: Vedtaksfasen

Etter at PPT har levert sakkunnige vurdering til skule og føresette, innhentar rektor samtykke til å gjera vedtak. Rektor tek avgjerda om eleven har rett til spesialundervisning. Rektor skal fatta enkeltvedtak som er i samsvar med reglane i opplæringslova og forvaltningslova.

I dei tilfella der det er gjeve samtykke til vedtak om spesialundervisning, skal saka alltid avgjerast ved at det vert fatta eit enkeltvedtak. Det skal lagast vedtak også om det ikkje er behov for spesialundervisning. 

Dersom eleven får rett til spesialundervisning, må enkeltvedtaket ta stilling til kva som vil vera eit forsvarleg tilbod etter opplæringslova § 5-1. Enkeltvedtaket skal setja ramma for den opplæringa eleven skal ha. Den sakkunnige vurderinga er rådgjevande. Dersom enkeltvedtaket har avvik frå sakkunnig vurdering, vil grunngjevinga synleggjera kvifor det er avvik frå den sakkunnige vurderinga. 

Enkeltvedtaket vert fatta i websak og skal: 

  • visa til dei reglane vedtaket byggjer på
  • visa til møte der føresette/elev blei gjort kjent med sakkunnig vurdering og retten til å uttala seg etter at den sakkunnige vurderinga er ferdig og samtykke frå føresette/elev til å skriva vedtak
Klubbe og paragraf - Klikk for stort bilde
  • nemna dei faktiske forholda som vedtaket byggjer på
  • visa kva fag og timetal eleven skal ha spesialundervisning og korleis timane er fordelt på faga
  • visa korlenge vedtaket gjeld
  • visa korleis ein har tatt stillig til det beste for barnet
  • visa kva organisering det skal vera for at opplæringstilbodet skal gi eleven eit forsvarleg utbytte og grunngi kvifor ein gjer ei organisering som dette
  • klart visa når eleven følgjer klassen sin plan og når eleven følgjer individuell opplæringsplan (IOP)
  • visa eleven sitt behov for kva som er eit forsvarleg opplæringstilbod for den aktuelle eleven
  • visa innhaldet i opplæringa, den organisatoriske gjennomføringa og omfanget av eventuelle støttetiltak
  • visa om det er spesielle krav til kompetanse hjå tilsette for at opplæringsingtilbodet skal vera forsvarleg
  • opplysa om klageretten

Fasen vert avslutta ved at enkeltvedtaket blir sendt til eleven og dei føresette med kopi til PPT. Dersom eleven eller føresette klagar på enkeltvedtaket, vil handsaminga av klagen også bli omfatta av denne fasen.

Enkeltvedtak
Innhald Tidspunkt / periode Ansvar
Sakkunnig vurdering Rebestilling 01.02. har som mål å vera ferdig 01.05. Ny saker: 1 mnd eller utan ugrunna opphald Rebestilling- rektor skule Sakkunnig vurdering – PPT
Vedtak Forvaltningslova §11a Vedtaksmynde

Fase 5: Planlegging og gjennomføring

Merknad: Før skulen set i gang spesialundervisning, skal det utarbeidast IOP. Enkeltvedtaket set dei absolutte rammene for ein IOP. IOP skal byggja på enkeltvedtaket og den sakkunnige vurderinga. IOP må samordnast med planen for ordinær opplæring slik at eleven får eit heilskapleg tilbod.

5.1 IOP

Alle elevar som får spesialundervisning, skal etter opplæringslova § 5-5 ha ein individuell opplæringsplan (IOP). 

Det er enkeltvedtaket som er grunnlaget for IOP. IOP-en vert utarbeidd i websak og skal utarbeidast så snart som mogeleg etter at enkeltvedtaket er fatta. Rektor har ansvar for å leggja til rette for eit godt planarbeid og sikra at IOP-ane som blir utarbeidde er innanfor krava til lova. Det skal vera eit samarbeid med alternativ opplæringsarena om mål i IOP-ane for dei elevane dette gjeld. 

IOP skal konkretisera og setja i verk enkeltvedtaket og vera eit arbeidsverktøy for skulen og lærarane. IOP skal ikkje innehalde nye eller andre rettar for eleven enn det ein finn i enkeltvedtaket.Det er ikkje eit krav i opplæringslova at føresette må samtykka til den konkrete IOP-en før denne kan takast i bruk.

5.1.1 Innhald i IOP

Det går fram av opplæringslova § 5-5 at ein IOP skal visa følgjande:

a) Mål for opplæringa

  • mål skal utarbeidast med utgangspunkt i sakkunnig vurdering og enkeltvedtaket
  • kompetansemåla i læreplanen er førande, behovet for avvik skal komme fram i sakkunnig vurdering og enkeltvedtak
  • måla skal uttrykkja kva spesialundervisninga siktar mot når det gjeld eleven si læring og utvikling

måla skal vera konkrete, realistiske og målbare

b) Innhaldet i opplæringa
Mål og innhald heng nøye saman, difor skal innhaldet vera utforma på grunnlag av måla for opplæringa.

  • visa kva eleven skal arbeida med for å opparbeida kompetansen som går fram av måla
  • visa område og arbeidsmetodar
  • visa alternativt innhald / bortval

c) Korleis opplæringa skal gjennomførast
Kva som kan takast inn som måtar å organisera på, er fastsett i enkeltvedtaket.
Dette kan gjelda tid til spesialundervisning totalt, tid i mindre gruppe, i klasse med ekstra lærer, eine-undervisning osb.

5.2 Stoppunkt og undervegsvurdering av spesialundervisninga:

Stoppunkt og undervegsvurdering
Innhald Tidspunkt / periode Ansvar
Samarbeidsmøte med alternativ opplæringsarena om avtale og tilbod Januar/februar Rektor
Samanheng sakkunnig vurdering og IOP - målformuleringar i IOP Mai/juni/august Fortløpande i nye saker Kontaktlærar og PPT
Utarbeida IOP Innan tre arbeidsveker etter at vedtak er fatta. Kontaktlærar
Innhenta samtykke for nye elevar Samtykke i elevmappe før spesialundervisning blir sett i gang Rektor
Samarbeid med alternativ opplæringsarena om mål i IOP Innan tre arbeidsveker etter at vedtak er fatta. Kontaktlærar
IOP-møte. Møte med føresette til elevar som får IOP. Gjennomgang av IOP Like etter skulestart Kontaktlærar
Kvalitetssikring: Alle med enkeltvedtak har IOP. Det er tatt ein utskrift av planen og kopi er lagra i eleven si mappe i websak. Veke 40. Rektor
IOP er tema i utviklingssamtalen. Evaluering av mål i IOP før utviklingssamtalen. Hausthalvåret Kontaktlærar og spesialpedagog
Teamtid/ fellestid: Erfaringsdeling og drøfting September/oktober/ november Skuleleiinga
Evaluering av spesialundervisning og vegen vidare November – januar. Frist for nye melding til PPT er 1.02. Rektor/kontaktlærar/elev/ foreldre/føresett evt. PPT og alternativ opplæringsarena
Teamtid / fellestid: Erfaringsdeling og drøfting Mars, april Skuleleiinga
IOP er tema i utviklingssamtalen. Evaluering av mål i IOP før utviklingssamtalen. Vårhalvåret Kontaktlærar og spesialpedagog
Kvalitetssikring: Utkast til årsrapport. Rektor blir gjort kjent med og gjev tilbakemelding på innhaldet i rapporten. Innan 10. juni Kontaktlærar
Endeleg årsrapport Innan 15. juni Kontaktlærar
Kvalitetssikring: Mål og aktivitetar er skrive ut og lagt i eleven si mappe. Innan 20. juni Rektor: Rektor sender denne til foreldre, kommunen og PPT.

Fase 6: Evaluering og vegen vidare

Merknad: Det er eit krav i opplæringslova § 5-5 at skulen skal utarbeida ein årsrapport for alle elever med spesialundervisning og individuell opplæringsplan (IOP). Rapporten skal gje eit skriftleg oversyn over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga og måloppnåing opp mot dei individuelle opplæringsmåla til eleven. 

Merknad: Desse punkta skal visast i årsrapporten hovudmål for spesialundervisninga og det skal vera eit samarbeid med alternativ opplæringsarena for dei dette gjeld.

Denne vurderingsfasen handlar om vurdering av elever som får spesialundervisning, og om dei har eit tilfredsstillande læringsutbytte. Vurderinga skal gje grunnlag for eventuelt å justera det vidare arbeidet, anten det gjeld innhald, arbeidsmåtar, organisering eller metodar. Grunnlaget for denne vurderinga er IOP-en. 

6.1 Skulen sine årlege vurderingar omfattar

  • vurdering av eleven sitt utbytte av opplæringa sett i forhold til oppsette mål i IOP-en
  • vurdering av realistiske kompetanse- og læringsmål for eleven
  • vurdering av føresetnadene for å ivareta eleven si læring, særlege forhold som er viktige for eleven si opplæring
  • vurdering av metodar og organisering, behov for særskilt utstyr, lære- eller hjelpemiddel

6.2 Oppsummering av årsvurderinga inneheld ei vurdering av:

  • korleis opplæringa er tilpassa for eleven innanfor den vanlege undervisninga og som spesialundervisning
  • revidering av realistiske kompetanse- og læringsmål for eleven

vurdering om det framleis er behov for spesialundervisning

Vedlegg 10: Rutine «Evaluering av spesialundervisning og vegen vidare» (DOCX, 65 kB).

VEDLEGG

Det er utarbeidd sju vedlegg i rutinebeskrivinga. Desse er publisert saman med dette dokumentet på F:\Oppvekst\Dokument_skule\Kvalitetssikring av eleven sitt læringsutbytte\Oppdatering august 2022 og på Teams.

Kvalitetssikring 2022:

Vedlegg 1: Rutine "Uro for læringsutbytte" (DOCX, 51 kB)
Vedlegg 2: Stafettlogg *Conexus (DOCX, 81 kB)
Vedlegg 3: Skjema "Pedagogisk rapport" *Websak (DOCX, 93 kB)
Vedlegg 4: Vedtekne kartleggingsprøvar (DOCX, 28 kB)
Vedlegg 5: Tilvising systemsak *Websak (DOCX, 48 kB)
Vedlegg 6: Tilvising individsak barnehage og skule *Websak (DOCX, 50 kB)
Vedlegg 7: Samtykke til utarbeiding av sakkunnig vurdering og vedtak (DOCX, 69 kB)
                        *Websak
Vedlegg 8: Samtykke til vedtak om spesialundervisning *Websak (DOCX, 68 kB)
Vedlegg 9: Samtykke til fritak etter opplæringslova §2.1-4.ledd (DOCX, 61 kB)
                        *Skal i websak
Vedlegg 10: Rutine evaluering av spesialundervisning og vegen vidare (DOCX, 65 kB)

Andre relevante vedlegg:

Vedlegg 11: Observasjonsprotokoll - læring og læringsmiljø (DOCX, 62 kB)
Vedlegg 12: Samhandlingshjulet (PDF, 818 kB)

Bakgrunnsdokument UDIR:

Om spesialundervisning

Juridisk rettleiar for spesialundervisning

Udir: Kvalitetskriterium i PP – tenesta