Turiskogen

Fysisk aktivitet

Frisklivstrening er for personar som treng ekstra støtte og rettleiing for å komme i gang med fysisk aktivitet.

Treninga er gruppebasert og ledast av frisklivsrettleiar og/eller fysioterapeut. Aktiviteten organiserast inne, ute og i basseng. Tilboda er basert på anbefalte treningsmetodar frå Helsedirektoratet. Der hovudfokus skal vere bevegelses glede, med element frå både styrke og kondisjon. Etter oppfølginga er målet at deltakaren vil halde seg fysisk aktiv i sin kvardag. Noko som gir betre helse på kort og lang sikt.

Aktivitetstilboda går regelmessig, ta kontakt med frisklivsrettleiar i din kommune for å sjå timeplan.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut