bandøving

Kulturskule

 

Lyst å læra deg å spela eit instrument, bli skodespelar eller biletkunstnar?

Då har me i Etne kulturskule plass til deg – uansett alder! Her får du opplæring i instrument, teikning/maling og drama. Undervisninga føregår etter skuletid i kulturskulen sine lokale i Skakke, på Skånevik skule og biletkunst er på Enge skule.. Gjennom skuleåret deltek elevane på større og mindre konsertar  og utstillingar, og dramagruppa pleier å ha teateroppsetjing om våren.

Me har dedikerte og dyktige lærarar som gler seg til å ta i mot deg! Du melder deg på for eitt skuleår. Prisen for 2018 er kr 1370 – 1630 per elev per semester, rabatt ved fleire søsken. I tillegg kjem kostnader til materiell, noter og liknande. Du kan også leiga instrument.

Velkommen til oss. Frist for påmelding og eventuell utmelding er 20. mai.

Meir informasjon om dei ulike tilboda og påmelding finn du her https://noetne.speedadmin.dk/tilmelding#/CourseList

Du som alt er elev, treng ikkje søkja for å halda fram neste skuleår, men må gi skriftleg melding via linken over innan 20. mai  dersom du ønskjer å slutta.

 

Påmelding/utmelding

Kunst vår18.jpg

Påmelding: noetne.speedadmin.dk
Spørsmål kan rettast til:
morten.odeen@etne.kommune.no, mob 908 80 677
kultur@etne.kommune.no, tlf 53 75 81 24

 

Kulturskulen har følgjande tilbod:

  • Instrumentopplæring
    - Piano
    - Keyboard
    - Fiolin
    - Gitar
    - Bass
    - Slagverk
    - Kornett og andre messinginstrument
  • Når det er høveleg, kan læraren setta saman band eller samspelgruppe .
  • Bildande kunst (teikning/maling)
  • Drama
  • Korps (dirigent Etne skulekorps)
Trommis bakante.jpg

 

Kulturskulen har instrument til utleige

Fiolinane er i ulike storleikar og tilpassa elevane.

Vidare har me fløyter, klarinettar, gitarar, trekkspel.

 

Elev- og undervisningsinstruks

  • Undervisningsåret i kulturskulen følgjer grunnskulen si skulerute.
  • Elevplassen gjeld heile skuleåret
  • Du kan søka uansett alder, men grunnskuleelevar blir prioriterte ved opptak.. Vaksne får plass så sant det er ledig kapasitet.
  • Dersom ein må vera borte frå undervisninga, skal heimen freista å gje læraren melding
  • Ein treng ikkje søkja for å halda fram i eit nytt skuleår, men ein skal gje skriftleg melding innan 15. mai dersom ein vil slutta.
  • Føresett skal attestera all korrespondanse som elevplass, oppmøte, ny søknad og oppseiing
Trone.jpg
  • Eleven skal møta presis og vel budd til undervisninga.
  • Ved samanhengande fråvær over lengre periode, 3 - 4 undervisningstimar, utan gyldig grunn, kan ein miste retten til elevplassen
  • Eleven lyt hjelpa til med å halda ro og orden når han/ho møter til time. Dette gjeld òg ute- og inneområde på Skakke og skulane når eleven ventar.
  • Konsertdeltaking, framføringar og utstillingar er ein integrert og naturleg del av kulturskulen sitt totale tilbod.
  • Elevpengane vert kvart år fastsett av kommunestyret. Kommunen sender ut innbetalingsblankett på semesterkontingent mot slutten av undervisningshalvåret.
  • Etne kulturskule tek atterhald om at det kan komme endringar i personalsituasjon og timeplanar gjennom skuleåret eller i overgang til nytt år.
  • Det vert ikkje gjeve frådrag for timar som eleven ikkje nyttar, og læraren er ikkje pliktig til å ta att slike timar. Ved sjukdom over lengre tid og ved fråflytting, vil rektor vurdera reduksjon i kontingenten.
  • Elevar som sluttar i skuleåret av andre grunnar, lyt betala full kontingent.
  • Notemateriell og dyrare arbeidsmateriell som eleven får bruk for, lyt han betala sjølv.
  • Elevplass på drama- og bildande kunst-tilbodet, medfører gebyr for bruk av forbruksmateriell.
  • Dei som leiger eit instrument frå kulturskulen, pliktar å ta godt vare på det.

 

Etne kulturskule – betalingssatsar 2019 :

 

Betaling pr. halvår

Individuell undervisning 15  minutt        1 408 

Individuell undervisning 20  minuttar     1 676 

Instrumentleige                                              535

Materiellkost. visuell kunstf. og drama      370 

 

 

Søskenmoderasjon

for søsken er det full pris for det fyrste bornet

andre born                                                   20 % 

tredje born og fleire                                    40 % 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut