HFK_SogFj_BIG_Svart

Dialogmøte Vestland fylke

1. januar 2020 vert me ein del av Vestland fylkeskommune, og i den samanheng vert det invitert til dialogmøte for å skape det beste Vestland.

Kva må til for at innbyggarar, organisasjonar, lag og kommunar får det beste utgangspunktet i det nye storfylket?

I løpet av dei neste vekene skal fylkesordførarane i Hordaland og Sogn og Fjordane saman med påtroppande fylkesrådmann i Vestland fylkeskommune ut på dialogmøteturné for å møte innbyggarar, lag, næringsorganisasjonar og representantar frå dei ulike kommunane. Det er ikkje eit folkemøte, men alle er sjølvsagt velkomne. Kommunar, lag og organisasjonar er inviterte til møta. Sjå program.

Om møta:

Dei fem møta finn stad i Bergen, Gulen, Førde, Stord og Voss, men alle kommunar i dei to fylka er inviterte spesielt til eitt av møta.

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut